Rettsmedisin flyttar til Folkehelseinstituttet

Rettsmedisinsk institutt blir flytta frå Universitetet i Oslo til Folkehelseinstituttet. Det er klart etter at Universitetsstyret i går samrøystes stemte for forslaget. – Denne løysinga er den beste, meiner rektor Ole Petter Ottersen.  

ALLMØTE: Konstituert direktør Thor Håkstad går fram for å opna alllmøtet for dei tilsette ved Rettsmedisinsk institutt. På første benk sit styreleiar Egil Myklebust, direktør Geir Stene Larsen i Folkehelseinstituttet og rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

Det var 16. desember i fjor interimsstyret for Rettsmedisinsk institutt, med styreleiar Egil Myklebust i brodden, rådde til at Rettsmedisinsk institutt blei flytta frå Det medisinske fakultetet ved UiO til Folkehelseinstituttet. Både han og konstituert direktør Thor Håkstad meinte at dei over 90 tilsette ville få det langt betre enn i dag med ei slik løysing.

– UiO har ikkje vore nokon god eigar av Rettsmedisinsk institutt. Det må det vera lov å seia. Årsaka er at oppgåvene til Rettsmedisinsk institutt dei siste åra har fjerna seg meir og meir frå forsking og undervisning til å bli større og større produksjon av DNA-analysar, sa Myklebust til Uniforum den gongen.

Dei to gjorde det også heilt klart at det heller ikkje blir noko av forslaget om å byggja eit nybygg for rettsmedisin ved sida av Nemko-bygningen i Gaustadalleen.

– Det er derimot mogleg at instituttet kan få plass i eit planlagt nybygg i Lovisenbergveien, opplyste Håkstad til Uniforum.

På møtet i Universitetsstyret i går gjentok styreleiar Egil Myklebust og konstituert direktør Thor Håkstad fleire av desse argumenta, samtidig som Myklebust slo fast at det gjennom mange år hadde vore eit leiingsproblem ved Rettsmedisinsk institutt.

– Leiing handlar om fridom og ansvar. På Rettsmedisinsk institutt har det vore for mykje fridom og for lite ansvar, konstaterte han.

– Best for instituttet

Både Myklebust og Håkstad fekk gehør for argumenta sine hos medlemane i Universitetsstyret, som alle som ein stemte for å flytta Rettsmedisinsk institutt til Folkehelseinstituttet.

Rektor Ole Petter Ottersen talte også varmt for den løysinga.

– Interimsstyret vurderte fleire moglege alternativ, og dette var den løysinga dei meinte var den beste for instituttet og for verksemda. Universitetsstyret gav samrøystes tilslutnad til denne løysinga.

– Ikkje hyggeleg

– Er det ikkje trist at ei av grunngjevingane for å tilrå flytting er at Universitetet i Oslo har vore ein dårleg arbeidsgjevar?

– Det er rett at rapporten som ligg til grunn for konklusjonen, inneheld kritikk av leiing på fleire nivå. Dette er sjølvsagt ikkje hyggeleg. Men samtidig skal me ta lærdom av det som er skjedd ,og me skal bruka denne saka inn i arbeidet med leiingsutvikling.

– Korleis trur du dei tilsette ved Rettsmedisinsk institutt vil få det hos Folkehelseinstituttet?

– Me er overtydde om at Folkehelseinstituttet vil vera ein god arbeidsgjevar, og me meiner at den løysinga som er valt, er den beste for instituttet. Sjølvsagt skal me syta for at det blir gode sambandslinjer til universitetet både innanfor forsking og utdanning. Instituttet sin innsats i forsking og utdanning er viktig for Universitetet i Oslo.

– Kva vil no skje med den forskings- og undervisningsaktiviteten som har vore ved Rettsmedisinsk institutt?

– Me går no i gang med arbeidet med overføring av verksemda, og ivaretaking av forsking og undervisning er heilt sentrale premissar for dette arbeidet, understrekar Ole Petter Ottersen.

Etter planen skal arbeidet med overføring av Rettsmedisinsk institutt til Folkehelseinstituttet vera klart innan 1. april i år.

– Me er positive

Fredag formiddag var alle dei tilsette ved Rettsmedisinsk institutt på eit allmøte der dei fekk ei orientering om konsekvensane av det endelege flyttevedtaket til Universitetsstyret. Både rektor Ole Petter Ottersen og direktør Geir Stene Larsen i Folkehelseinstituttet deltok på møtet.

Dette har hendt ved Rettsmedisinsk institutt:
Januar 2008: UiO-rektor Geir Ellingsrud vedtok på fullmakt at rettsmedisin skulle leggjast direkte under Det medisinske fakultetet og ikkje ha eit eige styre.

September 2008: ei ny lov senka terskelen for å hamna i politiets DNA-register. Det førte til ein stor auke i talet på DNA-analysar.

Oktober 2009: Tidlegare stortingsrepresentant Olav Gunnar Ballo blir tilsett som direktør.

Mars 2010: Universitetsstyret vedtok å oppretta eit interimsstyre for rettsmedisin med Egil Myklebust som styreleiar.

April 2010: Olav Gunnar Ballo seier opp stillinga si som direktør.

Desember 2010: Interimsstyret foreslår å overføra Rettsmedisinsk institutt til Folkehelseinstituttet.

13. januar 2011: Universitetsstyret vedtar å flytta Rettsmedisinsk institutt til Folkehelseinstituttet.

Verneombod Jan Åge Starberg synest han fekk god informasjon om flyttinga.

– Me var klar over at interimsstyret ville tilrå flytting til Folkehelsa. Dei fleste rekna med at det ville skje. Alle kollegaene eg har prata med, er positive til det. Myklebust sa at dei var opptatt av å ha ein god eigar, og me føler at Folkehelseinstituttet er det.

– Fryktar de noko ved ei slik flytting?

– Alle synest det er positivt at me skal flytta til nye lokale. Folkehelseinstituttet planlegg eit nytt flott bygg, og Geir Stene Larsen sa på allmøtet at dei såg det som naturleg at me skulle flytta inn der. I dag har me for små lokale når ser på kor mykje verksemda vår har auka dei siste åra.

– Kva gler de dykk mest til?

– Å få ordentlege lokale tilpassa talet på tilsette, gler me oss til. I dag har me det altfor trongt. Men det ligg truleg nokre år fram i tid, seier Starberg.


 

Emneord: Medisin, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. jan. 2011 13:16 - Sist endra 14. jan. 2011 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere