Vil flytta Rettsmedisinsk institutt til Folkehelseinstituttet

Rettsmedisinsk institutt blir truleg flytta frå Universitetet i Oslo til Folkehelseinstituttet. – Det er den beste løysinga, meiner både styreleiar Egil Myklebust og konstituert direktør Thor Håkstad, som har eit samla interimsstyre bak seg i denne tilrådinga.  

KAN FLYTTA RETTSMEDISIN: Både konstituert direktør Thor Håkstad (t.v.) og styreleiar Egil Myklebust rår til at Rettsmedisinsk institutt blir flytta til Folkehelseinstituttet.

Foto: Ola Sæther

– Alle dei tilsette blir med på den eventuelle overføringa til Folkehelseinstituttet, garanterer konstituert direktør Thor Håkstad.

– I dag tidleg blei alle dei tilsette  i ein roleg og god atmosfære orienterte om framlegget om å flytta rettsmedisin til Folkehelseinstituttet, sa direktøren og styreleiaren på ei presseorientering ved UiO i formiddag.

– Ingen god eigar

Og styreleiar Egil Myklebust trur dei vil få det betre hos Folkehelseinstituttet.

– UiO har ikkje vore nokon god eigar av Rettsmedisinsk institutt. Det må det vera lov å seia. Årsaka er at oppgåvene til Rettsmedisinsk institutt dei siste åra har fjerna seg meir og meir frå forsking og undervisning til å bli større og større produksjon av DNA-analysar, meiner Myklebust.

Det blir heller ikkje noko av forslaget om å byggja eit nybygg for rettsmedisin ved sidan av Nemko-bygningen i Gaustadalleen.

– Det er derimot mogleg at instituttet kan få plass i eit planlagt nybygg i Lovisenbergveien, opplyser Håkstad til Uniforum.

Sa opp jobben

Det var den 25. mars i år Universitetsstyret ved UiO vedtok å oppretta eit interimsstyre for Rettsmedisinsk institutt, med tidlegare Hydro-direktør og tidlegare universitetsstyremedlem Egil Myklebust som styreleiar. Eitt av mandata var å hjelpa dåverande direktør Olav Gunnar Ballo i arbeidet med å løysa konfliktar. Interimsstyret skulle også støtta han i arbeidet med å reorganisera instituttet.

To månader seinare sa direktør Olav Gunnar Ballo opp jobben. Kort tid etter blei Thor Håkstad tilsett som konstituert direktør. Akkurat som Myklebust har også han bakgrunn frå Hydro.

Tre alternativ

Instituttleiinga og interimsstyret har sett på fleire alternative løysingar for ei framtidig plassering av Rettsmedisinsk institutt. Den første løysinga var å flytta det til Folkehelseinstituttet. Eit anna alternativ var å lata det bli verande ved Universitetet i Oslo, anten under Det medisinske fakultetet, MN-fakultetet eller Det juridiske fakultetet. Den tredje løysinga var å leggja det inn under Oslo universitetssykehus.

– Grunnen til at me foreslår at det blir lagt til Folkehelseinstituttet, er at det oppfyller mantraet vårt om å finna ein god og interessert eigar av Rettsmedisinsk institutt. Samtidig kom Folkehelseinstituttet med ei klar og godt grunngjeven interesse for å vera eigar, peikar Myklebust på.

– Rettsmedisin passar også inn i strukturen til Folkehelseinstituttet fordi det både driv med forsking og med ein omfattande produksjon av analyseresultat til politiet og rettsvesenet. Det er også tilhaldsstad for Rettstoksikologisk institutt, som har utvikla seg godt dei siste åra, seier Myklebust.

– Nasjonalt ansvar

Han er også opptatt av at Folkehelseinstituttet er ein nasjonal institusjon.

– Det har eit nasjonalt ansvar og dermed eit godt grunnlag for å koordinera den rettsmedisinske verksemda i Noreg, også den som ikkje skjer i regi av Rettsmedisinsk institutt. Under arbeidet vårt ha me heile tida hatt gode samtalar med både UiO og Oslo universitetssykehus, understrekar styreleiaren.

– Personalkonfliktane er kvitterte ut

Rettsmedisinsk institutt har i mange år vore prega av personalkonfliktar og mange varslingssaker, uavhengig av kven som har hatt leiaransvaret. Verken Myklebust eller Håkstad meiner at personalkonfliktar blir løyste ved hjelp av flytting og nyorganisering.

– Då eg begynte som konstituert direktør, var dei fleste personalkonfliktane kvitterte ut. Samtidig etablerte eg ei leiargruppe der sakleg usemje mellom leiarane kunne bli tatt opp og diskuterte før det blei tatt ei avgjerd, seier Håkstad.

Sjølv leier han ein intern organisasjonsutviklingsprosess, samtidig som eit konsulentselskap tidlegare i haust gjennomførte ein omfattande organisasjonsanalyse.

– I leiargruppa arbeider me også med desse problemstillingane, seier Håkstad.

– Ei styrking av rettsmedisin

Ingen av dei trur at den sannsynlege overføringa av Rettsmedisinsk institutt til Folkehelseinstituttet vil gå ut over forskinga.

– Interimsstyret rår til at det blir inngått samarbeidsavtalar mellom UiO og Folkehelseinstituttet om forsking og undervisning. Det skal i tillegg bli gjort eigne avtalar om bistillingar for vitskaplege tilsette. Difor blir det truleg ei styrking av rettsmedisin som fag ved UiO, framfor ei svekking, meiner Myklebust.

Det var DNA-reforma i 2008 som førte til at det kom ei svær bylgje med nye saker og  prøvar som skulle analyserast ved Rettsmedisinsk institutt. På det verste hadde langt over 2000 prøvar hopa seg opp.

Desse sit i interimsstyret:
Egil Myklebust (styreleiar), viserektor Ragnhild Hennum, prodekan Brit Ingjerd Nesheim, hovudtillitsvald Christer Wiik Aram, advokat Knut Marius Sture og professor Ole Didrik Lærum. Advokat Kristel Heyerdahl har fungert som styresekretær.
 

– Røynsler frå andre land viser at slike bylgjer etter kvart vil leggja seg til eit anna nivå etter dei første åra, fortel Håkstad og Myklebust.

Problema med den lange sakshandsamingstida reknar dei no som løyste.

– Tidlegare tok det 160 dagar. No tar det rundt 70 dagar, medan me har lova Kripos og Politidirektoratet at me skal koma ned i ei gjennomsnittleg behandlingstid på mellom 30 og 45 dagar, seier den konstituerte direktøren.

Overføring kan skje i mars

Dersom Universitetsstyret vedtar forslaget i møtet den 13. januar, kan ei mogleg overføring ta til i løpet av mars.

– For oss er det viktig at dette skjer fort, og helst i løpet av første kvartal. Det er viktig å få orden på framtida for at ein skal kunna leggja bak seg fortida, understrekar Myklebust.

Og Thor Håkstad reknar med at jobben som konstituert direktør er over i løpet av januar, når den endelege kursen for Rettsmedisinsk institutt er staka ut.

Ingen frå universitetsleiinga vil kommentera denne saka før den blir handsama i Universitetsstyret 13. januar 2011.
 

Dette har hendt ved Rettsmedisinsk institutt:

Januar 2008: UiO-rektor Geir Ellingsrud vedtok på fullmakt at rettsmedisin skulle leggjast direkte under Det medisinske fakultetet og ikkje ha eit eige styre.

September 2008: ei ny lov senka terskelen for å hamna i politiets DNA-register. Det førte til ein stor auke i talet på DNA-analysar.

Oktober 2009: Tidlegare stortingsrepresentant Olav Gunnar Ballo blir tilsett som direktør.

Mars 2010: Universitetsstyret vedtok å oppretta eit interimsstyre for rettsmedisin med Egil Myklebust som styreleiar.

April 2010: Olav Gunnar Ballo seier opp stillinga si som direktør.

Desember 2010: Interimsstyret foreslår å overføra Rettsmedisinsk institutt til Folkehelseinstituttet.

 

 

 

Emneord: Medisin, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Personalbehandling/politikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. des. 2010 13:46 - Sist endret 16. des. 2010 16:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere