– Pompøst miljø, prega av arroganse

– Det var eit pompøst miljø, prega av arroganse ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH), sa HF-dekan Trine Syvertsen då ho vitna i Borgarting lagmannsrett fredag 21. januar.  

DRITLEIE: –  Mange av dei nytilsette forskarane ynskte ikkje fleire lærarmøte, men ville ha fagleg samarbeid. Dei var, unnskyld uttrykket, dritleie av lærarmøte, sa HF-dekan Trine Syvertsen i Borgating lagmannsrett  fredag 21. januar.

Foto: Ola Sæther

HF-dekan Trine Syvertsen var det første vitnet på den fjerde dagen i arbeidssrettssaka som Arnved Nedkvitne  har gått til mot Universitetet i Oslo. Med økonomisk støtte frå Forskarforbundet ,.,, i ryggen

i ryggen, krev Nedkvitne å få kjent vedtaket i Universitetsstyret om å gi han sparken som professor, ugyldig. UiO meiner han har brote paragraf 15 i Tenestemannslova og altså ”krenket sine tjenesteplikter”. I Tingretten for eitt år sidan vann UiO på alle punkt.

Syvertsen vedgjekk at det var mange konfliktar på instituttet.

– For meg såg det ut som ein generasjonskonflikt der dei eldste gjerne ville ha høve til å forska for seg sjølve, medan dei yngre forskarane var opptekne av å ha meir samarbeid og ha felles arenaer, meinte ho.

 HF-dekanen såg at instituttet også stridde med andre problem.

– Det hadde klare utfordringar når det galdt arbeidsmiljøet, noko det hadde til felles med andre institutt både på HF og UiO. Då eg tok til som dekan 1. januar 2007 sette me i gang med ei arbeidsmiljøundersøking av heile fakultetet. Då eg blei dekan blei me også pålagde av Universitetsstyret å driva med faglege prioriteringar.

– Kva seier du til at Nedkvitne skriv breva i frustrasjon over manglande ressurstildeling? ville regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig vita:

– Det var også andre som oppfatta seg som fagleg marginaliserte. Når det gjeld Nedkvitne såg eg det slik at den faglege marginaliseringa også hadde ei sosial side. Kollegaene trekte seg unna han for å unngå konfliktar.

– Dritleie av lærarmøte

Stenwig fylgde opp med å visa til at Nedkvitne meinte det var for få arenaer til å drøfta ting.

– Det fanst ikkje noko rundebord for diskusjon. Kva meiner du om det?

– Det var lærarmøte der også. Mange av dei nytilsette forskarane ynskte ikkje fleire lærarmøte, men ville ha fagleg samarbeid. Dei var, unnskyld uttrykket, drittleie av lærarmøte, sa Syvertsen.

Ho tykte det var viktig at Nedkvitne deltok i debatten om det skulle vera to eller tre sensorar i eksamenskommisjonen og at han kritiserte ressursfordelinga på instituttet.

– Etter å ha deltatt både i ein tøff rektorvalkamp og i ein etterfylgjande dekanvalkamp, er eg vant til at det kan falla mange harde ord motpartane i mellom. Men eg har aldri opplevd debattar med eit slikt innhald som i e-postane, som kom frå Nedkvitne.

– Bjørgum blei skyteskiva

– På kva måte då? ville Stenwig vita.

– Det var ei samling av usanningar, halvsanningar og rykte. Og instituttstyrar Jorunn Bjørgum var den som blei skyteskiva hans. Nedkvitne skreiv at det var ho og hennar gjeng som hadde bygd ned mellomalderfaget. Sjølv hadde eg det heilt motsette inntrykket. Samtidig påstod han at ho var ein dårleg lærar, forskar og undervisar og at ho heldt informasjon hemmeleg. Han oppfordra oss også til å undersøkja om ho hadde brukt pengar fakultetet hadde tildelt instituttet, på ein illegal måte. I tillegg trekte han inn familieforholda hennar og viste til at ho var systera til Carl I. Hagen. Det var ikkje meint som noko komplement. Alt som var sak, blei person hos Nedkvitne, konstaterte Syvertsen.

– Ville bli sjokkert

– Var du nokon gong borte på kontoret til Nedkvitne og spurde om å få snakka med han?
– Det var ikkje naturleg å gjera det sidan me ikkje kjente kvarandre frå før. Eg frykta at han ville bli sjokkert om dekanen kom og banka på døra hans.

– Kva ville du gjera med denne saka?
– Eg fann ut at at det ikkje var mogleg å lata saka liggja lenger. Grunnen var at folk var både opprørte og leie seg. Arbeidsmiljøet blei tilspissa, og dersom nokon hadde kritisert leiinga ved instituttet, kunne dei risikera å bli trekte inn i ein e-post.

– For omdømmet vårt er det viktig at det er tillit til dei vurderingane og prosessane som går føre seg på instituttet og fakultetet. Viss noko blir kritisert er det viktig å debattera det ordentleg, finna ei løysing på det og leggja det bak seg. Nedkvitne la aldri sakene bak seg, men sette dei inn i konspiratoriske mønster. Difor opplevde me det som skadeleg for arbeidsmiljøet, forklarte Syvertsen.

Ville flytta Nedkvitne

Ho peika også på at Nedkvitne aldri kom på dei møta dei kalla han inn til.

– Innkallinga var lang og omfattande slik at han skulle forstå alvoret i saka. Me sat og venta på han, men han kom ikkje. Tanken vår var at me ville høyra med han om han kunne gå med på å bli flytta til Kulturhistorisk museum der det også er eit fagmiljø innanfor mellomalderhistorie. Me ville også foreslå at me kunne leggja til rette for at han kunne gjera andre oppgåver. Alle desse alternativa kravde at me måtte diskutera løysingane med Nedkvitne, understreka Syvertsen, som også var opptatt av å verna Jorunn Bjørgum som instituttleiar.

– Eg syntest ho var både frossen og stiv etter at ho hadde lese omtalen av seg sjølv i e-postane frå Nedkvitne. Ho blei handlingslamma. Leiargruppa der var heller ikkje god frå før, konstaterte Syvertsen.

– Med litt omtanke gjekk det greitt

Etter HF-dekanen var det historieprofessor Knut Kjeldstadli sin tur til å ta plass i vitneboksen. Han stadfesta at han hadde vore visestyrar ved instituttet frå 2003-2005. I denne tida hadde han ansvaret for undervisninga på instituttet. Han slo fast at han ikkje hadde noko problem med å samarbeida med Nedkvitne.

– Med litt omtanke gjekk det greitt. Eg fekk kritikk for emneinndelinga av faga frå Nedkvitne. Det klarte me i fellesskap å finna ei løysing på for mellomalderhistorie.

Kjeldstadli tykte saka burde ha blitt handtert annleis heilt frå byrjinga.

– No har den eskalert både frå Arnveds side og frå leiinga si side. Difor har dei halde igjen driftsmidlar til Arnved, medan han har nekta å registrera forskingsarbeida sine i Frida. Han er ein flink rettleiar av studentane. Problemet er det han kallar kollegaene sine i halvoffentlege samanhengar, meinte Kjeldstadli, som også hadde snakka med Nedkvitne om dette.

– Ja, eg tok opp karakteristikken hans av kollegaene sine. Han ser nok på meg som ein person som deler prinsippa hans, men som er for feig tl å gå ut med dei, trudde Kjeldstadli.

Han nekta å skriva under på eit av protestbreva mot Nedkvitne.

– Det andre skreiv eg under på for det var ein protest mot bruken av personkarakteristikkar i e-postane frå Nedkvitne.

I går dukka eit heilt nytt vitne opp. Det var Kristine Bruland som er professor i økonomisk historie ved Universitetet i Geneve. Ho har tidlegare jobba på det same instituttet som Nedkvitne.

Nedkvitnes advokat Vidar Strømme ville gjerne vita korleis ho opplevde arbeidsmiljøet ved Institutt for arkeologi, konservering og historie på UiO.

– Illojalt miljø

–Det var eit veldig illojalt miljø. Leiinga sverta systematisk dei tilsette. I glassburet var det sverting og nedsetjande snakk om mellom andre Nedkvitne og Fuglestad. Det synest eg er illojalt. For meg verka det som om det var heilt greitt å gjera det. Ord som sprø, idiot i kombinasjon med hovudristing og latter var heilt vanleg. Det var eit brutalt miljø, slo Bruland fast.

Ho nekta også å skriva under på eit brev som professor Finn Erhard Johannessen gjekk rundt med. Det skulle gjera det lettare for fakultetet å ta seg av Nedkvitne.

– Eg opplevde det som ei heksejakt. Før eg drog sommaren 2007, gjekk eg innom rektor Geir Ellingsruds kontor for å uttrykkja uroa eg følte overfor Nedkvitne. Han såg så dårleg ut. Då eg kom tilbake hausten 2008 var han allereie sagt opp av fakultetet. Då sende eg eit brev til rektor der eg ville vita kvifor han var blitt sagt opp og på kva grunnlag. Eg skriv også at det er reelle, institusjonelle problem på instituttet. Brevet er mottatt, var det einaste svaret eg fekk, sa Bruland.

– Arbeidsmiljøet låg allereie i ruinar

 Strømme ville også vita om ho meinte at e-postskrivinga til Nedkvitne hadde skadd arbeidsmiljøet.

– Var det eigentleg noko miljø å skada? Det låg i ruinar allereie. Det var andre som skadde miljøet gjennom mobbing. Instituttleiinga mobba mellom andre Nedkvitne. Då eg blei kalla inn til samtale med den eksterne konsulenten, psykolog Eklund, som skulle utføra ei arbeidsmiljøundersøking, sa han at han gjorde det på oppdrag frå instituttleiar Jorunn Bjørgum. Eg tykte faktisk synd på Nedkvitne, sjølv om også eg var einig i at det stod mykje dumt i e-postane han hadde sendt ut.

– Ingen tillit til meg

Admininstrativ leiar ved instituttet, Kristin Kjeldberg stadfesta i sitt vitneprov at Nedkvitne ikkje hadde tillit til henne.

– Han kom bort til meg og sa at eg måtte gjera endringar i samansetjinga av eksamenskommisjonane. Det må du ta opp med den faglege leiinga, sa eg til han. Nedkvitne hadde likevel eit godt forhold til alle dei andre i administrasjonen på instituttet, meinte ho.

Også andre vitne var i elden fredag ettermiddag. Mellom dei var tidlegare UiO-rektor Geir Ellingsrud, førsteamanuensis i historie, Knut Ødegaard,  Nedkvitnes tidlegare student,Øystein Vigestad,  førsteamanuensis Erik Opsahl frå Høgskolen i Vestfold og mellomalderprofessor Eldbjørg Haug frå Universitet i Bergen.

Fram til tysdag morgon har partane høve til å diskutera om det er mogleg å koma fram til eit forlik i denne saka, truleg gjennom utbetaling av ein pengesum. Det signaliserte lagdommarJørgen Brunsvig før retten tok pause fram til førstkomande tysdag.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Personalbehandling/politikk, Universitetshistorie, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 22. jan. 2011 00:53 - Sist endra 25. jan. 2011 01:32

 

Å se fra ulike perspektiver

Rettssakens vitner viser at saken endrer karakter alt etter hvor personene står i systemet. Advokat Stenwigs framstilling av Arnved Nedkvitne har sin kilde i informasjonsflyten ved UIO og kollegers private vitnesbyrd. Kan vi stole på dette knippe av utsagn? Dekan Trine Syversten snakker på vegne av ledelsens som hun er en del av. Dette farger framstillingen, blant annet ved at hun ignorerer ledelsens nedprioritering av mellomalderfaget med følgende argumentasjon: ”Sjølv hadde eg det heilt motsette inntrykket”.   Er inntrykket å forstå som at professoren egenhendig har stått for nedbyggingen av faget? Historieprofessor Knut Kjeldstadli bekrefter på den annen side at ledelsen har holdt igjen driftsmidler til Arnved Nedkvitne, og det viser en langt mer alvorlig form for tjenesteforsømmelse.

Mer interessant er det nye vitnesbyrdet til professor Kristine Bruland.  Hun beskriver miljøet som intet mindre enn brutaliserende; ”Ord som sprø, idiot i kombinasjon med hovudristing og latter var heilt vanleg,” i følge Bruland.  Dette vitner om en skadet relasjon som går sterkt ut over ansatte, og spesielt personen Nedkvitne. (”Baktale” kommer fra latin: ”Diabolus” som  betyr djevelen.)  Her finner vi hovedårsaken til Arnved Nedkvitnes  e-postrunde  som er en betinget reaksjon på ledelsens overskridelse, og  innskrenking av driftsmidler.  Underskriftskampanjen blant ansatte vitner også om en gjengeaktig form for forfølgelse av enkeltpersonen.

Ledelsen har, på bakgrunn av posisjoner og særinteresser, utøvet makt og fått i stand en avskjedigelse av professoren. De har blitt trodd av UIOs rektor og Tingretten fordi de besitter posisjoner og har innflytelse i universitetsmiljøet. Dette midlertidige ”sammenbruddet” av den gamle orden som er forklart og korrigert gjennom dagens vitnesbyrd, kan være begynnelsen på en ny og legitimert orden som vender seg mer direkte til sannheten.

Heidi Stakset

 

aubry@ntnu.no - 22. jan. 2011 16:55

 Var du nokon gong borte på kontoret til Nedkvitne og spurde om å få snakka med han? – Det var ikkje naturleg å gjera det sidan me ikkje kjente kvarandre frå før. Eg frykta at han ville bli sjokkert om dekanen kom og banka på døra hans. 

???

Er dette vanlig på fakultetene rundtomkring? At dekanene bare snakker med dem som de kjenner fra før av (!), og at professorene blir sjokkerte (!!) om dekanen skulle banke på dørene deres?

Dette høres så barnslig ut at jeg vet ikke hva. Er man kvalifisert til å virke som dekan når man ikke har relasjonskompetanse nok til å banke på en kontordør til en underordnet professor som man ikke har truffet før?

Akademikere er noen gærninger.   

eivindss@uio.no - 11. mars 2011 21:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere