Støtt en god sak – Støtt Blindern barnestuer!

Barna demonstrerte for loppemarknaden til Blindern barnestuer i 1975

BARN STILTE KRAV: Universitas vitja Blindern barnestuer på slutten av 1970-talet, og da hadde barna festa demonstrasjonsplakatar på veggen i barnehagen. Krava varierte: «Mere teater i barnehagen», «Kjøp motorbåt til barnehagen», «Bort med urettferdighet».

Foto: Ukjent fotograf /Museum for universitets- og vitskapshistorie

Vi ser ofte barn frå universitetetbarnehagane i gule vestar på veg til gode reisemål som ein oppmåka snøhaug eller isbjørnen i kjellaren på Kristine Bonnevies hus. Tar dei fana fram for å gå i tog, så er det for å feire nasjonaldagen.

På dette fotografiet frå april 1975 held ungane fana høgt, og dei går i tog for ei viktig sak: Loppemarknad!  Universitas kommenterte demonstrasjonstoget slik: «Noen må arrangere loppemarked, mens andre – f. eks Forsvarsdepartementet – får bevilget 2 milliarder kroner for å kjøpe 60 nye jagerfly. Bare kostnadene av ett fly ville være nok til å finansiere driften av daghjemsplasser i ett år».

 

 

Emneord: Universitetshistorie Av Anne Vaalund, Museum for universitets- og vitskapshistorie
Publisert 22. jan. 2019 13:16 - Sist endra 22. jan. 2019 13:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere