Også i 1932 hadde barna juletrefest

Barna gjekk på juletrefest også i 1932.  Dette biletet er frå barneavdelinga ved Noregs Tannlegehøgskule.

 

JULETREFEST: Her ser vi gjestene på den første juletrefesten til barneavdelinga på Noregs tannlegehøgskule i Geitmyrsveien 69. Det føregjekk i 1932.

Foto: Ukjent fotograf

Gutar i matrosdress og jenter i finkjole står fint oppstilte for fotografen. Dei har snudd ryggen til julenissen, men fotografen var realistisk. Biletet vart ikkje tatt før nissen hadde fått delt ut alle gåvene. I taket på loftsrommet heng papirlenker og bak nissen stikk det fram eit juletre.

Året er 1932, året etter at barneavdelinga kom til. Framfor barna står studentar og tilsette ved skulen i kvite kjortlar. Mannen som kikkar fram over hovudet på dei blide jentene til venstre er professor Guttorm Toverud, som leidde barneavdelinga. Toverud var svært opptatt av å førebyggje tannròte hos barn. Dette var jo lenge før fluorskyllinga si tid, så forsking på denne saka var viktig for folkehelsa. 

 

Emneord: Universitetshistorie, Odontologi Av Anne Vaalund, Museum for universitets- og vitenskapshistorie
Publisert 19. des. 2018 11:25 - Sist endra 19. des. 2018 11:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere