Får 12 millionar for å forska på tankegodset til dei som vil ha det perfekte mennesket

Forskingsrådet har nettopp tildelt 269 millionar kroner til banebrytande forskingsprosjekt over heile landet. UiO-professor Jan Grue og forskargruppa hans har fått tildelt 12 millionar kroner. Dei skal forska på den rørsla som jobbar for det perfekte mennesket (eugenikken) i fortid og notid.

Jan Grue er professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi

FORBETRING: – i dag handlar det om individuell forbetring og optimalisering av mennesket. Dette tankegodset har slått rot i Silicon Valley hos kjente teknologimagnatar som til dømes Peter Thiel, seier Jan Grue, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved UiO. 

Foto: Ola Gamst Sæther

– Dette var eit hyggeleg nyhende. Eg visste ikkje om det før Uniforum fortalde meg det, seier professor Jan Grue ved  Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi når me først tar kontakt med han rett etter at nyhendet er kjent. 

– Gav grunnlaget for sterilisering av «uynskte menneske»

Tittelen på prosjektet han står bak er «Lives: Wanted and unwanted lives from eugenics to transhumanism» Med seg på prosjektet får han med seg professor Bodhisattva Chattopadhyay frå Institutt for kultur, religion, Asia- og Midtaustenstudium ved Det humanistiske fakultetet og professor Inger Marie Lid på VID vitenskapelige høgskole i Oslo.

– Prosjektet vårt tar utgangspunkt i eugenikken som var ei viktig politisk og sosial rørsle på slutten av 1800-talet og  utover 1900-talet. Idégrunnlaget i denne rørsla gav argument både til rasismen og nazismen, fortel han. 

Og heller ikkje Noreg slepp fri frå påverknaden av eugenikken. 

– I mange land gav eugenikken grunnlaget for sterilisering av «uynskte menneske». I Noreg femna den kategorien mellom andre romfolk, menneske med utviklingshemming og menneske med psykiatriske diagnosar. Han peikar også på Noregs tidlegare helsedirektør Karl Evang som var opptatt av eugenikken fordi han var opptatt av å ta vare på velferdsstaten.

– Har slått rot i Silicon Valley

Men forskingsprosjektet som dei vil setja i gang frå 2027, vil ta opp påverknaden eugenikken har i vår tid.

– i dag handlar det om  individuell forbetring og optimalisering av mennesket. Dette tankegodset har slått rot i Silicon Valley hos kjente teknologimagnatar som til dømes Peter Thiel. Han er blant  investorane i  selskapet Nucleus Genonomics som jobbar med kunstig befruktning, fortel han. 

Har med seg teolog og science fiction-forskar

I prosjektet skal dei samanlikna narrativet til den gamle eugenikken med dagens narrativ. 

– Derfor har eg også med meg både professor Bodhisattva Chattopadhyay frå Det humanistiske fakultetet som forskar på science fiction både i litteratur, film og i dataspel. Og professor Inger Marie Lid, som er teolog og har forska på utviklingshemming. I tillegg til dei to skal me engasjera ein postdoktor i prosjektet, opplyser han til Uniforum. 

Planen er også å samabeida med amerikanske forskarar i dette prosjektet. 

– Derfor håpar eg på eit nytt forskingsopphald på Berkeley-universitetet i den fireårsperioden prosjektet vil halda på. USA har ei langt meir liberal lovgjeving på dette området enn det som er tilfellet i Noreg. Men ny genteknologi kjem også hit, konstaterer han.

– Teknologimagnatane brukar omgrep frå eugenikken

Professor Bodhisattva Chattopadhyay er også glad for at forskingsprosjektet deira har fått ei milliontildeling frå Forskingsrådet. Sjølv har han skrive ei doktoravhandling om eugenikken på slutten av 1800-talet. Men no forskar han mest på science fiction, både i litteratur, film, dokumentarar og i dataspel. 

– Det er interessant å sjå korleis teknologimagnatane brukar omgrep frå eugenikken i selskapa sine, som Meta til dømes. Elon Musk er også inspirert av eugenikken, peikar han på. 

– Tok boka til broren meir til inspirasjon enn som dystopi

Og Jan Grue viser til ein viktig framtidsroman frå USA.

– Broren til Aldous Huxley, mannen bak boka «Brave New World», Julian Huxley var ein eugenisk anlagt biolog som nok tok boka til broren meir til inspirasjon enn som dystopi. 

Chattopadhyay har også ein annan observasjon. 

– Mange av dei som driv på med biohacking, er også inspirerte av eugenikken.

Heile forskingsprosjektet vil dei starta opp i 2027.

Milliontildeling til sju UiO-forskarar

Det var til saman sju forskarar frå Universitetet i Oslo som fekk tildelingar på fleire millionar kroner i denne runden. Dei har alle gått til banebrytande prosjekt. I tillegg fekk ein forskar ved Oslo universitetssykehus også ei tildeling. I denne pressemeldinga frå Forskingsrådet fins det eit oversyn over alle dei banebrytande forskingsprosjekta i heile landet som fekk tildelt pengar i denne runden.

 

Les meir i Uniforum: 

Jan Grue ble Årets osloborger

Jan Grue om rullestoltilgang på UiO: -Det er litt som å spela bingo

UiO-professor Jan Grue deler Fritt Ords Pris 2021

I dag kan Jan Grue få Nordens gjeveste litteraturpris

 

 

 

Emneord: Sosiologi, Humaniora, Forskingsrådet Av Martin Toft
Publisert 21. sep. 2026 23:23 - Sist endra 22. sep. 2026 14:07

Logg inn for å kommentere