Det blir flagga på halv stang frå UiOs bygningar i dag etter at kong Harald V døydde tidlegare denne fredagen.
Men både arbeid og undervisning på universitetet går som planlagt etter kong Haralds bortgang. Det opplyser universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ei melding som er sendt ut til pressa.
– Minnemarkering på tysdag
Derimot vil det blir nokre endringar i planlagde arrangement dei neste vekene.
– UiOs årsfest den 2. september i Aulaen med den påfylgjande middagen blir utsett. Me rår våre tilsette og studentar til å vurdera om arrangement som har preg av feiring og fest bør avlysast eller utsetjast, er oppfordringa frå universitetsdirektøren.
Han opplyser om at det blir arrangert ei minnemarkering for studentar og tilsette i Universitetets aula tysdag 1. september. klokka 12.00.
– Det vil også bli lagt ut ein kondolanseprotokoll som studentar og tilsette kan signera i Universitetsbiblioteket i Georg Sverdrups hus frå i dag, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen.
UiO-rektor har publisert minneord
Universitetet i Oslo har også publisert eit eige minneord om kong Harald V på nettsida si.
Der skriv rektor Ragnhild Hennum mellom anna:
«Det ligger en konservatisme i en monarks rolle. Kong Harald har imidlertid skjøttet sin rolle og sine oppgaver på en måte som har blitt opplevd som samtidsorientert og fremtidsrettet, samtidig som de historiske røtter har gitt forankring og verdier.», skriv Hennum.
Ho avsluttar med å kondolera familien til den avdøde kongen:
«Vår dype medfølelse går til den kongelige familie. Vi deler deres sorg, og er sikre på at de gode minnene vil gi styrke i dagene som ligger foran.
Vi hilser Kong Haakon VIII, som med stort ansvar går inn i kongsgjerningen.
Vi lyser fred over Kong Haralds minne.»
Les meir om kong Haralds død i Uniforum:
Logg inn for å kommentere