Når nokon må gå på teologi, blir Anne Hege Grung igjen. No vil ho bli sitjande som dekan

Teologiprofessor Anne Hege Grung begynte som visedekan på Det teologiske fakultetet i 2023 og endar valperioden som dekan. No stiller ho opp i dekanvalet, der ho må vinna over mannen ho erstatta som prodekan i 2024.

Anne Hege Grung er teologiprofessor ved UiO

PRAKTISERTE I ÅTTE ÅR: – Eg likte godt å vera prest, seier Anne Hege Grung. For 13 dagar sidan overtok ho formelt etter Anders Runesson som teologidekan, og no vil ho veljast til dekan for fire år. Då kan ho bli sjef for fakultetet som utdannar flest prestar til Den norske kyrkja. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Først blei Anne Hege Grung utpeika som visedekan av dekan Anders Runesson. Då Sivert Angel fekk sparken som prodekan i 2024, overtok ho dette vervet. Og då Anders Runesson sjølv måtte kasta inn handkledet, var det ho som blei dekan. Det har ho offisielt vore sidan 1. august.

Ingen harde kjensler

No ynskjer ho å halda fram som dekan i fire år, og stiller opp som dekankandidat. Motkandidaten er mannen ho overtok prodekanvervet etter, Sivert Angel. Sjølv ser ho ikkje på det som eit problem.

– Det trur eg går veldig greitt, seier Anne Hege Grung til Uniforum.

– Så det er ingen harde kjensler dykk i mellom?

– Det som er viktig, er at me får ein valkamp som lyftar dei viktige spørsmåla på fakultetet. Og det skal me klara, lovar ho.

Les også:  Fekk sparken som prodekan på teologi, no vil Sivert Angel bli dekan

Skal ha eit ope innspelmøte

Førebels kan ho ikkje svara på kva som blir det største stridsspørsmålet mellom dei to dekankandidatane i valkampen.

– Det er litt vanskeleg å seia, for me har enno ikkje valplattformene våre klare. Teamet vårt har invitert til eit ope innspelsmøte der me gjerne vil ha innspel frå heile fakultetet, både frå studentar og tilsette for å kunna seia noko om kva folk er opptekne av og synest er viktig, fortel ho.

Men Anne Hege Grung har noko ho gjerne vil kjempa for om ho vinn dekanvalet i oktober.

– Det primære for TF er å halda på og styrkja vår faglege posisjon nasjonalt og internasjonalt og byggja eit fakultet som gir rom for all den aktiviteten og alt det faglege som finst her. Ei anna oppgåve er å samarbeida og byggja nettverk mot andre einingar på UiO, og ut mot andre aktørar også internasjonalt i forskingsverda, seier ho.

– Vil byggja TF for framtida

No vil ho bli valt til dekan, og ikkje berre vera den som overtar vervet når ein dekan går av før tida. 60 år gamle Anne Hege Grung har klare visjonar for kva ho ynskjer å få til, om ho vinn dekanvalet.

Bilde av Anne Hege Grung som er dekankandidat på Det teologiske fakultetet
PRIORITET: – Me vil vidareutvikla stabsmøta, noko som det noverande dekanatet innførte. Me har ikkje noko instituttnivå, så leiinga her har ganske tett kontakt med dei tilsette og studentane, fortel Anne Hege Grung som er dekankandidat på Det teologiske fakultetet. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Grunnen til at eg vil stilla, er at eg er engasjert i Det teologiske fakultetet. No har eg sete i leiinga i fire år, først som visedekan, og deretter som prodekan og har fått godt innsyn i prosessar og eg tenkjer at eg kan vera med på å byggja TF for framtida, seier ho.

Anne Hege Grung legg også vekt på den lange fartstida ho har hatt som vitskapleg tilsett på Det teologiske fakultetet.

– Eg har undervist på alle studieprogramma, og eg er veldig opptatt av samfunnsrolla vår. Nettopp fordi me er eit profesjonsfakultet har me ein brei samfunnskontakt, også fordi me har utvikla utdanning for «chaplains» , altså frå dei som kjem frå trussamfunn utanfor Den norske kyrkja. Derfor har me mykje kontakt med andre trus- og livssynssamfunn og med Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn. Dette er eit spennande felt framover, og det vil vera fint å kunna vera med på å byggja det. Det er motiverande, synest ho.

Ei av dei første oppgåvene ho har hatt etter at ho formelt overtok som dekan den 1. august, var å halda velkomsttalen for dei nye studentane på fakultetet.

– Å møta ein gjeng med forventingsfulle studentar, er svært inspirerande. Studentane og engasjementet deira er ei inspirasjonskjelde og TF er full av engasjerte, dyktige og kompetente folk. Det er ein fin stad å stilla som dekankandidat, uttrykkjer ho.

– Kapitalen vår er menneska

Anne Hege Grung konstaterer at fakultetet er lite, men det har likevel mange dyktige folk og mange gode forskingsmiljø, meiner ho.

– Det gir rom til å utfolda seg, og det er viktig for oss. For oss er også viktig å ha eit godt arbeidsmiljø som inkluderer studentane, og byggjer vidare på engasjementet deira. Kort sagt må det vera ein plass dit folk har lyst til å koma, anten som tilsett eller student, understrekar ho.

Anne Hege Grung har erfart at den som blir valt til dekan, også må vera opptatt av strukturar og strategiar og ikkje minst budsjettet til fakultetet.

– Me skal helst auka det økonomiske handlingsrommet vårt og jobba for det. Det aller viktigaste er å ta vare på kapitalen vår som er menneska, og kompetansen og engasjementet deira, seier ho.

Eit løfte vil Anne Hege Grung allereie no gi om ho blir valt som dekan for Det teologiske fakultetet.

– Me vil vidareutvikla stabsmøta, noko som det noverande dekanatet innførte. Me har ikkje noko instituttnivå, så leiinga her har ganske tett kontakt med dei tilsette og studentane. Det er noko eg vil prioritera høgt saman med undervisning, forsking og samfunnsinnovasjon. Studiet Dialogpilotane for unge vaksne der TF har det akademiske ansvaret er eit slikt innovasjonsprosjekt som me deltar i, seier ho.

– Veit truleg ikkje kva me driv med

– Mange meiner at teologi ikkje har nokon naturleg plass på eit universitet. Kva inntrykk vil du at folk skal ha av Det teologiske fakultetet?

– Kom og snakk med oss! Mange har sikkert eit sånt bilete av TF, men då veit dei truleg ikkje kva me driv med. Me held jo på med mange typar tverrfagleg forsking her. Faga blei bygde opp etter det profesjonen hadde behov for, seier ho. 

Grung viser til at dei på fakultetet har bibelfag, Det gamle testamentet og Det nye testamentet, kyrkjehistorie, eit sterkt fagmiljø på koptisk og religionsfilosofi som også jobbar overfor andre fag på UiO og internasjonalt. Og ho viser til at TF også har etikk, interreligiøse studium, islamstudium, studium på kjønn og religion og økologi.

– Det er ikkje noko av dette som dei fleste ikkje ville synast er viktig her på TF og høyrer heime på eit universitet, seier ho .

– Til nytte for andre område av samfunnet

Grung peikar på at ressursane på Det teologiske fakultet kjem til stor nytte for andre område av samfunnet. Det gjeld samfunnsinstitusjonar som Den norske kyrkja og Samarbeidsrådet for trus- og livsynssamfunn. 

– Me er også involverte i utdanning av religiøse leiarar som er eit kursoppdrag me i mange år har fått av Barne- og familiedepartementet. Me er med på å byggja opp kompetanse i det trus- og livssynsplurale Noreg, konstaterer ho.

–Tidlegare i år skreiv Uniforum om timelæraren som skulda Det teologiske fakultetet for lønnstjuveri fordi han meinte han ikkje hadde fått den betalinga han hadde krav på. Kva vil du gjera for at det ikkje skal gjenta seg?

– Me gjer sjølvsagt alt me kan for at slikt ikkje skal skje. Den inngåande diskusjonen i den saka, må du ta med administrasjonen.

I dekanvalet stiller Grung med dagens prodekan Hallgeir Elstad som prodekankandidat medan Marianne Bjelland Kartzow er visedekankandidat. 

– Eg er svært nøgd med at Hallgeir Elstad ynskjer å halda fram og stiller som prodekankandidat og at leiaren av ph.d.-programmet Marianne Bjelland Kartzow er med og stiller som visedekankandidat. Dette er erfarne og gode folk, så det er veldig flott, synest ho.

Kan ikkje sparka prodekanen sin

– Sivert Angel lova at om han og prodekanen skulle bli ueinige, skal det ikkje vera mogleg for han å gi prodekanen sparken. Korleis stiller du deg til det standpunktet?

– Når det er fleire dekankandidatar, skal både dekan og prodekan veljast av valmanntalet og ikkje av fakultetsstyret. Det er ordninga når det berre er ein kandidat, og slik det som regel har vore her på TF, svarar ho etter å ha sjekka valreglementet.

– Ein valt prodekan, det vil seia ein som ikkje er oppnemnt av dekanen, slik det kan gjerast dersom fakultetsstyret vel dekan, altså når det er berre ein dekankandidat, kan ikkje avsetjast av ein valt dekan. Svaret er altså at dersom eg blir valt til dekan av valmanntalet, kan eg ikkje avsetja ein valt prodekan, slår ho fast.

Og sidan det er dekanval med to kandidatar på Det teologiske fakultetet denne gongen, kan altså ikkje den valde dekanen seia opp den valde prodekanen sin om dei skulle ryka uklare med kvarandre. 

– Eg likte godt å vera prest

Grung synest det er fint å kunna visa til at ho har farta litt rundt omkring på ulike stader. 

– Eg starta som stipendiat på det tverrfakultære forskingsprogrammet Culcom som handla om kompleksitet i det nye Noreg. Derifrå tok eg med meg mange verdiar. Eg opplevde at sosialantropologiprofessor og programleiar Thomas Hylland-Eriksen alltid var så oppmuntrande og alltid klarte å lyfta noko på vårt område og gi oss masse fagleg inspirasjon, sjølv om han ikkje var inne på fagområda våre. Måten me jobba på der, er gullstandarden min, avslører ho.

Grung har også vore innom Senter for tverrfagleg kjønnsforsking og Sosialantropologisk institutt. Seinare blei ho postdoktor på TF, før ho blei førsteamanuensis på Det praktisk-teologiske seminaret, som seinare blei slått saman med TF. 

Men ho har også vore ute i felten og jobba som prest.

Dekanvalet på Det teologiske fakultetet:

Kandidatar:

Sitjande dekan Anne Hege Grung og teologiprofessor Sivert Angel.

Anne Hege Grungs lag: Halgeir Elstad, prodekandidat og Marianne Bjelland Kartzow, visedekankandidat

Sivert Angels lag: Nina Hoel, prodekankandidat og Robyn Elisabeth Boeré, visedekankandidat.

Dekankandidatane skal leggja fram valplattformene sine den 28. august.

Valet skal gjennomførast frå den 12. til den 23. oktober.

Vinnaren av valet startar som dekan 1. januar 2027.

(Kjelder: Valsidene ved Det teologiske fakultetet )

– Etter at eg blei ferdigutdanna i 1992, blei eg først studentprest og sjukehusprest før eg fekk full stilling som prest for Kirkens Bymisjon i Tøyenkirken. Seinare var eg prest i Dialogsenteret Emmaus ved Paulus menighet på Grünerløkka. Etter åtte år bestemte eg meg for å gå tilbake til akademia. Men eg er svært glad for at eg har denne arbeidserfaringa. Det har vore svært verdifullt for meg. Og eg likte godt å vera prest, seier ho.

No ser Anne Hege Grung fram til dekanvalet.

– Det er ganske unikt at det stiller to kandidatar til dekanvalet på eit fakultet med 25 faste vitskaplege tilsette, 15 mellombelse vitskaplege tilsette og 17 tilsette i administrasjonen. I tillegg kjem rundt 350 studentar. Det viser kor stort engasjementet er, seier ho til Uniforum.

 

Les meir om Det teoogiske fakultetet: 

Fekk sparken som prodekan på teologi, no vil Sivert Angel bli dekan

Han har meldt Det teologiske fakultetet til politiet for lønnstjuveri

Langer ut mot TF-dekanen etter fakultetsstyremøte

Rektor forsvarer ordningen som lar dekaner sparke prodekaner

Mistet dekanens tillit: – Jeg avslutter med rak rygg

Emneord: Val 2026, Teologi Av Martin Toft
Publisert 13. aug. 2026 15:01 - Sist endra 13. aug. 2026 15:01

Logg inn for å kommentere