Både studentar og tilsette ved Det humanistiske fakultetet hadde møtt opp i hopetal då forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland deltok i ein samtale på Niels kaffebar i dag om kva kompetansebudsjettet har å seia for humaniora. Der blei statsråden grilla av studiedekan Gunn Enli. Også HF-dekan Frode Helland og leiar for Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk, Christine Meklenborg Nilsen deltok i panelet.
Sigrun Aasland var svært nøgd med møteplassen.
– Det er ein fantastisk hyggeleg kaffibar, og ikkje minst ein rett stad for å få studentane til å vera på campus, var hennar førsteinntrykk.

– Det skjer noko med ungdomskulla
Debattleiar Gunn Enli ville først vita kva Aasland eigentleg meinte med kompetansebudsjett og kva det hadde å seia for humaniora.
– Kompetansebudsjettet lagar me no fordi det skjer noko med ungdomskulla. Dei er i ferd med å flata ut. Me kjem til å ha enorm kompetansemangel i mange yrke i åra som kjem. Og for å klara å møta den kompetansemangelen så treng me å sikra at me veit om kompetansebehov ute i samfunnet, og den utdanninga me skal tilby både unge og dei som treng kvalifisering og påfyll seinare i livet, sa ho.
Ho understreka også at det er mange grupper i Noreg som samfunnet bør ha ambisjonar om å få inn i utdanningssystemet, men som ikkje er der no.
– Det kan vera fordi foreldra deira ikkje tok høgare utdanning, eller fordi dei har en bakgrunn der dei ikkje har nokre forventningar om at det er naturleg. Dette er jo eit budsjett utan pengar, men med hovud, peika ho på.
– Kompetansebudsjettet heilt grunnleggjande
Sigrun Aasland fortalde forsamlinga at dei siste tiåra så har veksten vore konstant for dei institusjonane som har hatt den.
– Me har eigentleg berre lagt på studieplassar når det er noko me ser me har behov for. Me legg på ekstra studieplassar i sjukepleie, på medisin, på IKT eller på informatikk, konstaterte ho.
Det meinte ho no måtte endra seg.
– Framover kjem me jo til å måtta prioritera meir, men då er det også viktig at me klarar å tenkja på det langsiktige og føreseielege. Me treng eit planleggingsarbeid som også inneber ein del koordinering mellom institusjonar, først og fremst i regi og på initiativ frå institusjonane sjølve. Derfor er kompetansebudsjettet heilt grunnleggjande, sa ho.
Aasland kom inn på at det stadig vekk var behov for både sjukepleiarar og ingeniørar, men at det likevel ikkje ville seia at Noreg ikkje hadde bruk for historikarar og konservatorar.
Så viste ho til korleis ho hadde fått det demonstrert gjennom flyttinga av vikingskipa på Vikingtidsmuseet, historikaren som hadde forklart konflikten i Midtausten i radio på ein god måte og forskarar på universiteta som hadde kunnskap om Ukraina, akkurat då det var nødvendig.
– Håpar ein har tillit til institusjonane
Dekan Frode Helland på Det humanistiske fakultetet var stort sett einig med vurderingane til statsråd Sigrun Aasland. Men han trekte fram at akkurat innanfor humaniora hadde det vore liten grad av vekst i løyvingane.
– I dei 15-20 åra der det var stor vekst i sektoren, så var det vekst også på UiO og på mange av fakulteta, men ikkje på dette fakultetet, for det hadde nullvekst.
Han vedgjekk at det var truleg både han sjølv og mange av forgjengarane hans misnøgde med,
– Men det er bra på den måten at institusjonen har tenkt på samfunnsbehov. Og me har ikkje overkapasitet på kandidatar frå humaniora slik som me fekk i Danmark i ein liknande situasjon. Eg håpar ein også har tillit til den jobben som blir gjort på institusjonane, sa Helland.
Han viste fram eit døme på korleis fakulteta no samarbeider på tvers.
– At me deltar i og at me har eit KI-senter som vert leia av Aleksander (Refsum Jensenius), er også eit uttrykk for at forholda har endra seg veldig mykje. Det var utenkjeleg for ti år sidan, meinte han.
– Vil vita det om ein planlegg å leggja ned småfag
Debattleiar Gunn Enli lurte på om det var tverrfagleg samarbeid som var framtidas løysing for humaniorafaga.
– Eg skal ikkje koma her med fasiten, for den kjenner de betre, svara Aasland.
Så trekte ho fram at det i dag er ei arbeidsdeling mellom institusjonane særleg for små fag.
– Og så har me også sagt at me gjerne vil vita det om ein vurderer å leggja ned småfag. Då kan det henda at det er behov for noka tenking om arbeidsdeling, sa ho.
Aasland slo også eit slag for tverrfagleg samarbeid.
– Det kjem til å vera viktig. Og humaniora har også ein unik posisjon i å rusta oss og unge menneske for det arbeidslivet som eg trur treng meir, ikkje mindre, evne til samarbeid, sa statsråden.
Kunne ikkje lova å redda tsjekkisk
Instituttleiar Christine Mekleborg Nielsen ved ILOS viste til seg sjølv som ein leiar som hadde vore med på å leggja ned fag.
– UiO har ofte vore den einaste institusjonen som har tilbydd nokre språkfag. No til hausten vil me ikkje lenger kunna tilby tsjekkisk. Og det vil seia at ingen andre institusjonar i Noreg heller vil gjera det. Kva vil du gjera med det?, spurte ho.
– Og då skal ikkje eg stå her og lova at då kjem eg med pengar for å redda tsjekkisk?For då er det ei heilskapsvurdering. Kvar finst det i Danmark og Sverige? var svaret ho fekk frå Sigrun Aasland.

Meklenborg Nilsen hadde også ei anna hjartesak ho ville dela med forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
– Humaniora er et bolverk mot autoritære tankesett og autoritære regime. Og me står i ein geopolitisk situasjon som ikkje liknar på noko av det nokre av oss har opplevd. Og eg tenkjer at rolla til humaniora er så viktig. Og kan eg be deg som statsråd om å nytta høvet du har her, til å framsnakka det, for det treng me i samfunnet, oppfordra Meklenborg Nilsen.
– Det skal eg gjera, lova forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland.
Les meir i Uniforum:
Logg inn for å kommentere