Han er tildelt UiOs HMS-pris for 2025

Seniorrådgjevar Jean-Raphael Martinez ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet får UiOs HMS-pris for 2025. – Det er morosamt, synest han.

Jean-Raphael Martinez

SAKNA NOKO: – Eg kom frå Universitetet i Tromsø og der er det veldig sosialt. Eg må vedgå at eg følte at det mangla litt her på UiO, seier seniorrådgjevar Jean-Raphael Martinez på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. 

Det er utvalet for HMS-prisen som har bestemt at prisen for 2025 skal gå til seniorrådgjevar Jean-Raphael Martinez i studieseksjonen ved MN-fakultetet på Universitetet i Oslo. Grunngjevinga for at han får prisen er at han har vore pådrivar for arrangementet The Week for stipendiatar, postdoktor og mellombels tilsette forskarar ved fleire samarbeidande fakultet på UiO. 

Les også: Viser fram yngre forskarar: – Dei forstår ikkje kor gode dei er 

Han har også arbeidd for å betra det psykososiale miljøet for stipendiatar, postdoktorar og mellombels tilsette forskarar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. HMS-prisen er ei vidareføring av Frode Olsgards pris.

Uniforum møter prisvinnaren utanfor Fysikkbygningen på Nedre Blindern.

– Gratulerer med prisen!

– Tusen hjarteleg takk. Det er morosamt.

– Korleis reagerte du då du fekk vita om det?

– Det blei ei skikkeleg overrasking. Og eg blir audmjuk for eg føler at eg ikkje har fått den prisen åleine. Og når det gjeld The Week, så er det fleire fakultetet som står bak. Me har fått støtte frå dekanatet vårt. Me merkar at rektoratet er opptatt av slike felles arrangement og dei støttar det og så hjelper dei oss med å spreia det lenger ut. Det er ikkje berre eg som skal ha æra for dei arrangementa. Det er mange som har hjelpt til. Men eg synest det er veldig gøy, seier han.

– Ein utprega ja-kultur på UiO

Han rosar dekanatet ved MN-fakultetet for at dei oppfordrar han og støttespelarane hans til å stå på.

– Ja, og det er også rom for å feila utan at det blir ei stor skam ut av det. Samtidig så er det ein utprega ja-kultur her på UiO. Alle kollegaene mine som eg har spurt om å bli med, har sagt seg villige til det, fortel han.

Jean-Raphael Martinez har hatt eit hovudmål med å arrangera The Week.

– Det er å få kandidatane til å trivast. Dei skal oppleva eit UiO-fellesskap. Det er viktig at forskarar på mellombelse kontraktar har det fint og har det fint når dei er her på UiO. Du er stipendiat berre ein gong i livet ditt, og då er det viktig at alt klaffar og alt skal gå bra, synest han. Over halvparten av dei som deltar på The Week har utanlandsk bakgrunn. – Då er det viktig at dei treff andre folk enn dei som held til i den same korridoren, legg han til.

Martinez er godt nøgd med tilbakemeldinga The Week har fått frå deltakarane.

– På ein skala frå 1 til 10, fekk me 9, smiler han.

Vil invitera på julemiddag

Med HMS-prisen for 2025 fylgjer ein pengesum på 50 000 kroner. Den må brukast til å betra det psykososiale arbeidsmiljøet på arbeidsplassen hans. Og då tenkjer han på å gjera noko meir for dei mellombels tilsette forskarane.

– Me har mange ulike grupper her for forskjellige interesser. Fleire fungerer svært godt, men så er det nokre som ikkje gjer det. No ynskjer eg å bruka ein del av desse pengane på å ta dei med ut på julemiddag på ein restaurant i Oslo den 24. desember.

– Den nordnorske varmen var ikkje heilt til stades

– Då du kom til Universitetet i Oslo som arbeidstakar for første gong, korleis opplevde du det?

– Eg kom frå Universitetet i Tromsø og der er det veldig sosialt. Eg må vedgå at eg følte at det mangla litt her på UiO. Den nordnorske varmen var ikkje heilt til stades. Derfor har eg på jobb heile tida vore opptatt av å gjera ting som får folk til å koma saman. Det har vore mitt leiemotiv. Og det har vore hyggeleg for meg, men har også hjelpt andre. Det er viktig å sjå heile mennesket, og ikkje berre forskaren som må prestera heile dagen, understrekar han.

Den 20. april får han utdelt prisen på seminaret til dei lokale arbeidsmiljøutvala ved UiO.

 

Les meir om Jean-Raphael Martinez:

Viser fram yngre forskarar: – Dei forstår ikkje kor gode dei er 

Mat-nat.-fakultetets gledesspreder

Emneord: UiOs priser, HMS Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 10. apr. 2026 04:30

Logg inn for å kommentere