Historikar Henrik Olav Mathiesen underviste i historisk teori og metode på Det teologiske fakultetet (TF) i september og oktober i fjor. Då han ikkje fekk lønn i desember og heller ikkje i januar, melde han TF til politiet for lønnstjuveri.
Då Uniforum skreiv om historia hans den 24. februar i år, var han både skuffa og sjokkert over behandlinga han hadde fått frå fakultetet som han hadde vore knytt til dei siste par åra. Han tykte det var viktig å ta opp saka.
Les i Uniforum: Han har meldt Det teologiske fakultetet til politiet for lønnstjuveri
– Dette er arbeidslivskriminalitet
– Det handlar ikkje om lønn, men om prinsippet. Dette er arbeidslivskriminalitet, og TF har drive med lønnstjuveri. Både reint ut ved ikkje å gi meg lønn, og ved å underbetala meg, sa han til Uniforum.
Samtidig hadde han også hamna i ein Catch 22- situasjon. For ved UiO er det nødvendig å ha ein arbeidskontrakt for å kunna få utbetalt lønn.

– Utgangspunktet mitt, er at eg er lei meg for at eg ikkje har fått lønn til rett tid, men eg er endå meir sjokkert over at eg framleis ikkje har fått rett arbeidskontrakt, sa han til Uniforum i februar.
Etter at Uniforum tok opp saka til Henrik Olav Mathiesen, bad me også om ein kommentar frå fakultetsdirektør Tone Vold-Sarnes. Då fekk me fylgjande svar: «TF har 12. februar utbetalt lønn til Henrik Olav Mathiesen for kortvarige undervisnings- og sensuroppgaver han har utført for fakultetet i 2025 og januar 2026. Utbetalingen ble dessverre gjort for sent, noe som skyldes en beklagelig feil hos fakultetet, men er nå rettet opp i», stod det i eposten me fekk tilsendt.
Kritisk til bruken av oppdragsavtalar
No har Henrik Olav Mathiesen tatt opp saka med fagforeininga si, Norsk Tenestemannslag (NTL).
Tillitsvald Caroline Hals ved NTL Universitetet i Oslo synest Henrik Olav Mathiesen er blitt dårleg behandla.
– Me vil vurdera å briinge saka inn til Forliksrådet, seier ho til Uniforum.
Førebels veit ho ikkje når det kan skje.
Hals trur dette kan bli ei viktig prinsippsak.
– Me vil setja eit døme og visa til at dette ikkje er måten ein handsamar tilsette på, understrekar ho.
For henne er ikkje erfaringa Henrik Olav Mathiesen har hatt med Universitetet i Oslo, unik.
– Mange som tar på seg arbeidsoppgåver for UiO, opplever ikkje å få arbeidskontrakten i tide.
Hals er også kritisk til den utstrekte bruken av oppdragsavtalar istadenfor timeavtalar.
– Det er enklare å laga oppdragsavtalar enn timeavtalar. Ulempa er at dei då ikkje får innbetalt pengar til gruppelivsforsikting, feriepengar og sjukepengar, konstaterer ho.
Både ho og NTL sentralt har sett seg grundig inn i saka til Henrik Olav Mathiesen.
– Me meiner at dette er ei viktig sak som rammar mange vitskaplege tilsette, som aldri får faste kontraktar. For nokre er det heilt greitt,seier ho.
For dei som lever av mellombelse oppdrag, er dette uheldig peikar ho på.
Akkurat no er det vanskeleg å få faste stillingar på UiO, konstaterer ho.
– Redde for ikkje å få ny kontrakt
Mange av dei det gjeld vil ifylgje Hals, ikkje skapa trøbbel.
– Om dei lagar bråk, er dei redde for at dei ikkje vil få ny kontrakt, seier ho.
Caroline Hals har ein teori om kvifor einingane stadig oftare vel oppdragskontraktar framfor timeavtalar.
– Sakshandsamarane har så mykje å gjera at dei ikkje rekkjer å laga kontraktar i tide. På grunn av UiOs dårlege økonomi, må dei faste sakshandsamarane gjera meir fordi det ikkje blir tilsette nye folk etter dei som sluttar. I dag er det studiekonsulentar og forskingskonsulentar som må skriva kontraktar, sjølv om HR, altså personalbehandling, ikkje er kjerneoppgåvene deira, legg ho til.
Caroline Hals rosar Henrik Olav Mathiesen.
– Eg er verkeleg glad for at han gjekk ut og sa ifrå. Eg oppfordrar andre som har opplevd det same, til å ta kontakt med fagforeininga si, seier ho til Uniforum.
FAFO-forskar tok kontakt
Saka til Henrik Olav Mathiesen er også blitt lagt merke til utanfor Universitetet i Oslo. Forskar Synnøve Økland Jahnsen ved forskingsstiftinga FAFO las først om historia hans i Uniforum. Ho tok då direkte kontakt med Mathiesen og bad om eit forskingsintervju, fordi saka er den første ho kjenner til, av sitt slag i Noreg, og fordi den skil seg frå dei sakene ho tidlegare har forska på.

Jahnsen har fram til no særleg studert saker der arbeidsinnvandrarar med mellombelse kontraktar innanfor typiske risikobransjar, som bilpleie, landbruk, bygg- og anlegg og serviceindustrien.
Ho meiner at Mathiesen-saka tydeleg viser at lønnstjuveri også kan gjere seg gjeldande i akademia.
Jahnsen nemner at ho kjenner til eitt liknande tilfelle frå Australia, der ein tilsett fremja lønnskrav og skulda universitetet for lønnstjuveri. Ho understrekar samstundes at ho ikkje har forska på slike saker i akademia, og at ho difor ikkje kan seia kor utbreidde dei er.
– Kan hamna i ein sårbar situasjon
– Men saka til Henrik Olav Mathiesen peikar på kor krevjande det kan vera for ein enkelt mellombels tilsett å fremja krav overfor ein stor institusjon.
Jahnsen understrekar at det er Mathiesen sjølv som har bede henne om å uttala seg om saka. Vanlegvis er informantane hennar anonymiserte, og ho kommenterer som hovudregel ikkje enkeltsaker som inngår i forskingsmaterialet hennar. I dette tilfellet har ho likevel valt å uttala seg fordi Mathiesen sjølv ynskte at ho skulle bidra til å opplysa saka.
– Folk som tar opp arbeidstakane sine rettar, slik som Mathiesen gjer, kan koma i eit undermaktsforhold og hamna i ein sårbar posisjon. Institusjonen kjenner gjerne systemet godt, medan arbeidstakaren lettare kan bli ståande heilt åleine, seier ho.
Synnøve Økland Jahnsen understrekar at omgrepet lønnstjuveri, som Mathiesen brukar, viser til eit forhold som er regulert i straffelova, og at dette er noko politiet i utgangspunktet kan etterforska.
Ho har forska på bruken av bestemmelsen om lønnstjuveri frå 2022 til og fram til i dag. Tala ho har henta inn, viser at det er frå 150 til 175 saker i løpet av året.
Berre eit fåtal hamnar i rettsapparatet
Jahnsen understrekar at talet på politimelde saker ikkje gir eit fullgodt bilete av omfanget av lønnstjuveri.
– Me må rekna med at det reelle omfanget er høgare enn det tala over politimelde saker indikerer, og at det finst store mørketal, seier ho.
– I sivile saker står den enkelte i stor grad åleine med risikoen og belastninga ved å forfølgja kravet sitt. Henrik Olav Mathiesen er med i ei fagforeining, og er dermed betre stilt enn mange andre arbeidstakarar i tilsvarande situasjonar, meiner ho.
– Forslaget om ein eigen paragraf om lønnstjuveri kom etter press frå fagrørsla. Målet var å styrkja vernet av særleg utsette arbeidstakarar i kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
– Håpar på ei minneleg løysing
Ho understrekar at effekten av forbodet ikkje først og fremst må målast i talet på dommar.
– Forbodet handlar også om trugsmålet om straff og om å forskyva noko av maktbalansen mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, presiserer ho.
På den måten meiner ho at Henrik Olav Mathiesen har forstått noko viktig ved forbodet.
– Det har også ein normativ funksjon. Ei slik skulding kan vere så alvorleg at partane raskare kjem til forhandlingar og i nokre tilfelle finn ei minneleg løysing. Eg håpar det også skjer i denne saka, og at partane finn ei løysing dei begge kan leva godt med, seier ho til Uniforum.
Les om arbeidsforhold i Uniforum:
Han har meldt Det teologiske fakultetet til politiet for lønnstjuveri
Midlertidig ansatte sliter mest
Dei vitskaplege tilsette jobbar i gjennomsnitt 43 timar i veka
Logg inn for å kommentere