Det kjem ikkje nokon juridisk gjennomgang av UiO-styrets rettslege ansvar for inngåtte forskingsavtalar med Israel i møtet i universitetsstyret i morgon. Heller ikkje spørsmålet om UiOs forskingssamarbeid med Israel blir tatt opp.
Det har tidlegare vore diskusjon om samarbeid gjennom Horisont-programma. Dei blir definerte som forskar-til-forskar-samarbeid av universitetsleiinga, men som institusjonelt samarbeid av blant andre styremedlem Emma Joanna Lengle.
Ynskte juridisk gjennomgang
Under det førre møtet i universitetsstyret den 3. desember i fjor, lova rektor Ragnhild Hennum at saka skulle takast opp i februarmøtet. Det vil likevel ikkje skje. Uniforum får opplyst at det dermed truleg vil koma opp på eit seinare møte i universitetsstyret.
Det var Emma Joanna Lengle, representant for dei mellombels vitskaplege tilsette, som kom med dette framlegget nokre dagar før det førre møtet i universitetsstyret.

Les i Uniforum:
Fekk ikkje tatt opp forslag om juridisk vurdering av Israel-samarbeid for opne dører
Oppsummering av tiltak
Ein gjennomgang av styrepapira viser at det som no ligg på bordet er ei oppsummering av alle tiltaka som UiO har sett i gang, eller har gjennomført for akademikarar, studentar og forskingsinstitusjonar i Palestina og Ukraina.
I sakspapira blir det understreka at Universitetet i Oslo var svært raskt ute med å fordømma alle brot på folkeretten og krevja at humanitær hjelp måttte få sleppa inn på Gazastripa. Det blir lagt vekt på at Hamas sitt åtak på israelske sivile, inkludert gisseltaking, tidleg blei klassifisert som terror og seinare som brotsverk mot menneskeslekta. Også Israels militære svar på åtaket og brutale framferd på Gaza-stripa har blitt skildra som brotsverk mot menneskeslekta og folkemord.
Sidan spørsmålet om akademisk boikott av Israel og israelske utdannings- og forskingsinstitusjonar først var oppe i universitetsstyret i mai 2024, har UiO arbeidd med å leggja til rette for at universitetet kan bidra til gjennoppbygging av den palestinske forskings- og utdanningssektoren etter at krigen mellom Hamas og Israel er over, står det i bakgrunnsnotatet i sakspapira.
Dette skal også inkludera bidrag til etablering og vidareutvikling av internasjonale alliansar. Målet skal vera å tilby høgare utdanning til både flyktningar og dei internt fordrivne. Dessutan har UiO også sett i verk tiltak for å få folk ut av Gazastripa, noko som blir skildra som svært krevjande.
Her viser fungerande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen til at 10 palestinske medisinstudentar fekk ta eit semester av utdanninga si ved Det medisinske fakultetet. I ein undersetning blir det også peika på at UiO har vore pådrivar for å få brukt nokre av pengane frå Nansenprogrammet i Ukraina til også å byggja opp forskings- og utdanningssektoren der.
UiO støttar gjenoppbygging av palestinsk forskning og utdanning
UiO trekkjer fram at det også er med i initiativet frå Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) og OsloMet til å etablera Norsk konsortium for palestinsk høgare utdanning (NorPal). Gjennom Scholars at Risk-ordninga har så langt to palestinske forskarar med familiar kome til UiO.
Ingen studentar har kome til UiO på Students at Risk-programmet, men ein student har opptak til UiO på NorStip-programmet. Men personen det gjeld sit framleis fast i Gaza.
I tillegg har UiO oppretta ei ordning for støtte til einingar som kunne ta imot forskarar på flukt frå både Ukraina og Palestina for eit kortare opphald. Så langt har tre personar frå Gazastripa og to frå Ukraina kome til UiO på den måten.
Også Global University Academy som arbeider for å skaffa høgare utdanning til flyktningar og internt fordrivne, blir peika på som eitt av dei tiltaka UiO har sett i gang. Dette tiltaket, der tidlegare rektor Svein Stølen spelar ei viktig pådrivarrolle, har nyleg fått ni millionar kroner i støtte frå Norad til prosjekt i flyktningleirar i Jordan, Bangladesh og Uganda. Dette blir altså ei rein informasjonssak i universitetsstyret.
Les heile saka:
Satsing på framveksande teknologiar
Universitetsstyret får også ei anna informasjonssak på sitt bord. Den handlar om korleis UiO skal arbeida vidare med satsinga på framveksande teknologiar. I statsbudjettet for 2026 fekk UiO tildelt 25 millionar kroner til dette, medan tildelinga vil bli trappa opp til 50 millionar kroner i budsjettet for 2027.
Formålet med satsinga er å byggja opp fagmiljø som kan vera med i forskingsfronten på ein del utvalde teknologiområde.
No skal ei arbeidsgruppe leia av prorektor Bjørn Jamtveit, finna ut korleis denne satsinga skal gjennomførast på UiO. Der sit det medlemar frå både Det medisinske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Frå rektoratet sit også viserektor for helse og livsvitskap, Jens Petter Berg og viserektor for forsking og internasjonalisering Mathilde Skoie i arbeidsgruppa.
Les heile saka: Forskningssatsning på fremvoksende teknologier ved UiO
Skal vedta investeringsplan frå 2026 til 2030
UiO-styret får også presentert ein plan for investering i utbygging, ombygging og vedlikehald av bygningane til UiO frå 2026 til 2030.
Den største investeringa blir rehabilteringa av Farmasibygningen som skal gjenoppstå som Berekrafthuset, og bli hovudsete for Senter for global berekraft. Det er sett av 265 millionar kroner til dette arbeidet.

Andre bygningsprosjekt på UiO deler ein vedlikehaldspott med ei årleg ramme på 245 millionar kroner. I 2025 inkluderte det utbetring av fasadar på Eilert Sundts hus A og B, utbetring av fasadar på Niels Henrik Abels hus, tilrettelegging for Honours-studia i Kristine Bonnevies hus og oppgradering av areal i Helga Engs hus.
På lista over prosjekt står også ei ombygging av kurssalar i Domus Medica for å auka auka kapasiteten på medisinutdanninga. I tillegg skal det brukast pengar på etablering av konserveringslaboratorium for Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) i Kristine Bonnevies hus.
I 2026 er dette planen for rehabilitering og vedlikehald på UiO:
•Tilrettelegging for Senter for global berekraft i Farmasibygningen
• Framtidig bruk av ledige lokale etter flytting til Livsvitskapsbygningen (Kristine
Bonnevies hus, Kjemibygningen, Fysikkbygningen og ZEB-bygningen)
• Rehabilitering av heisar i fleire bygningar
• Rehabilitering fasade og tekniske anlegg i Frederikkebygningen
• Utskifting av fluoriserande lyskjelder i fleire bygningar
• Tilstandsbaserte utskiftingar av bygningskomponentar som el-tavler, ventilasjon- og
kjøleanlegg og naudlys
• Utbetring av glassfasade i veksthusa i Botanisk hage
• Samlingslaboratorium i Collets hus
• Etablering av lokale for HumanLab, eit senter ved RITMO og MultiLing
• Oppgradera ledige lokale i første etasje i Kristian Ottosens hus
• Etablering av konserveringslaboratorier IAKH i Kristine Bonnevies hus
Nye verdibevaringstiltak i 2026:
• Utbetring av ventilasjon og kjøling i Kabelgata 32-40
• Utbetring brannalarmanlegg i Domus Medica
• Utskifting og styring av kjøling i Historisk museum
• Sanering av brakke på Gaustad etter brannen i august 2025
Det er også sett av pengar til innkjøp av forskingsinfrastruktur. Dette er midlar som blir løyvde etter at fagmiljøa har søkt om det. Det minste det kan søkjast om er to millionar kroner.
Universitetsstyret blir bede om å vedta investeringsplanen for 2026 til 2030.
Les heile saka: V-sak 3-2026 Investeringsplan UiO 2026-20230
I morgon skal UiO-styret også handsama ei klage på oppseiing på grunnlag av verksemda sine forhold. Tilliks med andre klagesaker blir denne saka avgjort bak stengde dører.
Møtet begynnar kl. 10.00 og som vanleg skal det gå føre seg i Professorboligen i sentrum.
Dette er heile sakslista for møtet i Universitetsstyret:
Møtet blir også strøymd frå denne nettstaden.
Logg inn for å kommentere