Det var torsdag 11. desember biologiprofessor Nils Christian Stenseth gjorde det klart i Uniforum at han ikkje ynskjer å vera med når Institutt for biovitskap (IBV) skal flytta dit i 2026. Grunngjevinga hans er at han fryktar at klassisk økologi og evolusjonsfaget vil bli skadelidande fordi han meiner dei biomedisinske problemstillingane er blitt prioriterte.
Difor føreslo han at dei klassiske biologane kan bli verande i Kristine Bonnevies hus som i dag, medan dei andre blir med på flyttelasset til Livsvitskapsbygningen. To campusar, men under eit felles institutt, er modellen Stenseth ser føre seg. Instituttleiar Roger Simm slo derimot fast at heile Institutt for biovitskap skal flytta til Livsvitskapsbygningen.
Les i Uniforum: Vil ikkje flytta inn i Livsvitskapsbygget
– Det har vore mykje fokus på medisinske problemstillingar
Biologiprofessor Finn-Eirik Johansen deler langt på veg uroa til Stenseth. Han er tidlegare leiar for UiO:Livsvitskap, tidlegare forskingsdekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og noverande representant i UiO-styret. Han forskar innanfor komparativ immunologi. Som fagfelle og professorkollega til Stenseth, ser han at det er eit viktig problem Stenseth tar tak i.
– Eg kan godt forstå uroa til Stenseth. For det har vore mykje fokus på medisinske problemstillingar i kommunikasjonen frå UiO sentralt, peikar han på.
Livsvitskapsbygget: Oppstart: 2017
Byggjestart: 2019
Ferdigstilling: 2026-27
Budsjett: 13,3 milliardar (2024)
Brutto bygningsareal: 97 500 m2
(Kjelde: UiO)
For han er det likevel ikkje noka god løysing å dela instituttet opp i to campusar.
– Heile biologi tener på å vera saman. Om alle økologane seier at me lenkjer oss fast til Kristine Bonnevies hus, vil sjansen for at dei blir med i den konvergensen eller samansmeltinga innanfor livsvitskapen som eg ser er i ferd med å skje, bli mindre.
Me må jobba saman for å få forskingsinnretningane i denne bygningen på best mogleg spor, insisterer han.
Dag O. Hessen deler Stenseths bekymring
Biologiprofessor Dag O. Hessen er kjent som forskar innanfor vatn, økologi og evolusjon. Han ser også at den klassiske biologien kan koma dårlegare ut i Livsvitskapsbygningen.

– Eg deler Stenseths bekymring for at biologien i det nye bygget vil gravitera mot det molekylær-medisinske og at det vil gå utover økologi og evolusjon, seier Hessen til Uniforum. Han fryktar at livsvitskapen står i fare for å bli veldig smal med dette. For Institutt for biovitskap trur han det blir eit problem også med tanke på studenttilgangen og dermed også for økonomien.
– Me risikerer då at unge som er interesserte i grunnleggjande problemstillingar knytte til økologi og evolusjon, eller miljø, klima og natur, søkjer seg til andre universitet som Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) eller andre institutt, seier han.
– Ingen god idé å dela instituttet
Dag O. Hessen deler likevel ikkje tanken om at løysinga vil vera å fordela instituttet på to campusar.
– Dei fleste av oss som jobbar med «klassisk biologi», brukar også molekylære og genomiske analysar. Det har ein verdi i seg sjølv å halda faget samla også geografisk.
Men Hessen understrekar at det er viktig å vera merksam på faren for dette, også med tanke på attraktivitet overfor studentar, når korta skal delast mellom dei ulike delane av biologifaget i det nye bygget,
– Forskingsområda blei bestemte før IBV skulle inn
Finn-Eirik Johansen som er fagfellen til både Dag O. Hessen og Nils Christian Stenseth, peikar tilbake på historia til Livsvitskapsbygningen. Han viser til at det først var meininga at forskarar frå Kjemisk institutt og Farmasøytisk institutt skulle inn, og så kom delar av klinikk for laboratoriemedisin etter at Oslo universitetssykehus blei med på laget.
– Avgjerda om at også IBV skulle inn i bygget kom på eit heller seint tidspunkt, poengterer han.
Resultatet av det, meiner han, er at ein del av dei tematiske forskingsområda for bygningen, blei bestemte før IBV skulle inn.
– Etter at det blei klart at IBV skulle inn, har dei tematiske områda fått eit ansiktsløft, men ikkje gjennomgått ein reell revisjon, har han notert seg.
– At all biologi heng saman, er me einige i
Johansen synest det framleis er ein ubalanse i de tematiske forskingsområda for bygningen i høve til kven som skal inn.
– Nils Christian og eg er nok einige i at alt liv er knytt saman i evolusjonen. Det er vanskeleg å dela dette faget inn i ulik biologi og peika på ein stad der det går ei skarp grense mellom subdisiplinar. At all biologi heng saman, er me einige i.
Finn-Eirik Johansen peikar på at situasjonen i biologifaget ved UiO er annleis enn på universitet i andre land.
– Økologane ved UiO er leiande internasjonalt. Men internasjonalt har biomedisinsk forsking hatt høgare prestisje i lang tid. Sekvensering og annan teknologi, som har flytta forskingsfronten, har kome først inn i den biomedisinske sfæren, fortel han.
Samtidig opplever økologane no ein internasjonal renessanse for det dei held på med.
– Naturmangfaldskrisa, klimakrisa og berekraftsutfordringar har brakt økologien fram i forskinga. Også biomedisinsk forsking er tilgjengeleg for biologane, slår han fast.
– Eg synest me skal bretta opp ermane
Han konstaterer at livsvitskap tyder noko anna i Noreg enn i andre land.
– Livsvitskap i Noreg blir sett på som human forsking. Internasjonalt er det meininga at den skal omfatta all biologi. Før snakka ein mykje om kreft, men i dag snakkar ein minst like mykje om klimakrisa og naturmangfaldskrisa.
– Eg synest me skal bretta opp ermane og jobba saman i Livsvitskapsbygningen, er oppfordringa frå Finn-Eirik Johansen til professorkollega Nils Christian Stenseth.
- Les meir om Livsvitskapsbygningen i Uniforum:
Vil ikkje flytta inn i Livsvitskapsbygget
Penger til Livsvitenskapsbygget i statsbudsjettet: – Gleder oss til å flytte inn
UiO flyttar ikkje inn etter planen viss ikkje staten sponsar husleiga
Disse prosjektene vil UiO prioritere i statsbudsjettet
Entreprenørar varsla om fare for sikkerheita på Livsvitskapsbygget
Ledelsen vil ikke inngå husleiekontrakt: – Ingenting vi kan gå god for
Viserektor Per Morten Sandset: Måtte kjempa for kontorplassar i Livsvitskapsbygget
UiO ber om 724 millionar kroner meir i husleigekompensasjon for Livsvitskapsbygget
Logg inn for å kommentere