Fleire hundre tilsette og studentar blir stengde ute frå Domus Medica fredag

Ein vasslekkasje under utbygginga av Rikshospitalet får direkte konsekvensar for medisinstudentar og tilsette som held til i Domus Medica på Gaustad. Fredag 14. november får dei ikkje koma inn i bygningen fordi vatnet blir stengt.

STENGJER DØRENE: Fredag 14. november stengjer Domus Medica dørene for både tilsette og studentar. Då skal ein vasslekkasje som oppstod i samband med utbygginga av Rikshospitalet, reparerast, 

Foto: Øystein Horgmo, UiO

Det var to minutt før klokka 15.00 torsdag ettermiddag seksjonssjef Torgeir Kvernstuen ved Seksjon for Intern service på Det medisinske fakultetet fekk ein telefon frå den lokale driftsavdelinga medan han var i ferd med å gå inn i bilen for å kjøra heim.

Meldinga gjekk ut på at Oslo vann og avløp hadde gitt beskjed om at Domus Medica og Domus Medica tilbygg måtte stengja dørene fredag 14. november. Grunnen var at det var nødvendig å reparera ein vasslekkasje i vassforsyninga til området. På nettsidene til Oslo vann og avløp ligg det no eit varsel om stenging av vatnet i området frå Torgny Segerstedts vei til Sognvannsveien 

Det får store fylgjer for både studentar og tilsette som til dagleg held til i bygningen. 

– Får assosiasjonar til 12. mars 2020

Ei av dei som får merka dette er medisinprofessor Anne Spurkland. Ho forstår at det er nødvendig å reparera vasslekkasjen, men meiner det bør vera mogleg å kunna gi eit varsel på eit tidlegare tidspunkt. No fekk dei varselet om at dei ikkje kunne vera i bygningen i vanleg arbeidstid fredag 14. november rundt ein halv time før vanleg arbeidstid var over torsdag ettermiddag.

REAGERER: Medisinprofessor Anne Spurkland forstår ikkje kvifor Oslo vann og avløp ikkje kunne ha varsla om stenging av vatnet tidlegare. (Foto: Martin Toft)

– Eg får assosisjonar til 12. mars 2020, då me fekk fire timar på oss til å flytta ut av lokala våre på grunn av koronaepidemien, seier ho til Uniforum.

Om dette hadde skjedd på ein annan dag, kunne det ha fått endå større konsekvensar for forskargruppa mi, trur ho. 

– Det er vanleg at forskarar i gruppa mi driv med forsøk med celler frå tidleg om morgonen til langt på kvelden. Om dei ikkje hadde hatt tilgang til forsøka, kunne dyrebare celler ha gått fløyten, peikar ho på.

Denne gongen klarer dei å redda det eine forsøket som er på gang.

– Ja, men det inneber at forskaren må stå opp grytidleg for å få avslutta forsøket før klokka 8.30 fredag morgon, seier ho til Uniforum. 

600 medisinstudentar og 300 tilsette må halda seg borte

Både dei rundt 600 medisinstudentane og dei over 300 tilsette som brukar bygningen blei informerte om stenginga torsdag ettermiddag. Dei må halda seg borte frå bygningen fredag 14. november frå klokka 8.30 og fram til klokka 15.00. Dette er meldinga som blei sendt til dei tilsette som arbeider i Domus Medica: 

«FREDAG 14.11.25 HOLDES DOMUS MEDICA OG DOMUS MEDICA TILBYGG STENGT PGA MANGLENDE VANN!

FRIDAY 14.11.25 DOMUS MEDICA AND DOMUS MEDICA EXTENSION WILL BE CLOSED DUE TO LACK OF WATER!

Det er bare å beklage, men vannet må stenges i morgen fra klokken 0830- 1500 på grunn av en vannlekkasje i vannforsyningen til området.

Byggene som blir berørt er Domus Medica og Domus Medica Tilbygg.

Vi har prøvd å finne andre løsninger, men pga grunn av manglende brann forebyggende sikkerhet og sanitærforhold kan ikke byggene holdes åpne.

We are sorry, but the water will be shut off tomorrow from 0830-1500 due to a water leak in the water supply to the area.

The buildings affected are Domus Medica and Domus Medica Tilbygg

I have tried to find other solutions, but due to lack of fire safety and sanitation, the buildings cannot be kept open»

Ein viktig grunn til at bygningane ikkje kan haldast opne er sprinklaranlegga for brannsikringa og dei sanitære forholda, går det altså fram av meldinga. Dei som likevel må inn i bygningen seinare  i dag, må¨venta til etter klokka 15.00. Då skal reparasjonen av vasslekkasjen etter planen vera ferdig.

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Bygninger, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 14. nov. 2025 00:01 - Sist endra 14. nov. 2025 08:58

Logg inn for å kommentere