Ragnhild Hennum: – Me er og forblir ein tydeleg forsvarar av akademiske verdiar

– Me skal halda fram med å fremja uavhengig og banebrytande forsking som er internasjonalt leiande og bidrar til å løysa globale utfordringar. Det sa rektor Ragnhild Hennum då ho for første gong talte på UiOs årsfest den 2. september. 

FREMST I PROSESJONEN: Rektor Ragnhild Hennum leia for første gong den akademiske prosesjonen under UiOs årsfest. Ved sida av henne går prorektor Bjørn Jamtveit.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Etter åtte år med Svein Stølen som rektor, og som nummer én i rekkja i den akademiske prosesjonen var han på årets årsfest bytta ut med rektor Ragnhild Hennum og hennar rektorlag. Framfor dekanar, universitetsdirektøren og assisterande universitetsdirektør skreid dei sakte, men sikkert fram mot podiet i Universitetets aula til akkompagnement frå Universitetets symfoniorkester og Johan Halvorsens klassiske verk Intrata frå Suite ancienne op.31. 

VINNARANE AV UiOS PRISAR 2025: F.v. Carl Henrik Knutsen, Sirianne Dahlum, Stian Øby Johansen, Gunnveig Grødeland og Jan Terje Andersen. 

– Det er ein arv me kan vera enormt stolte av

Etter at både rektor, prorektor, viserektorar og dekanar hadde satt seg ned, kunne rektor Ragnhild Hennum reisa seg, gå bort til talarstolen og halda sin aller første årsfesttale. 

– I dag markerer me UiOs 214-årsdag. I meir enn to hundreår har Universitetet i Oslo vore ei drivkraft i å byggja landet vårt. Me har forma det moderne Noreg på ein fundamental måte. Kandidatane våre har hatt alle tenkjelege posisjonar i det norske samfunnet. Det er ein arv me kan vera enormt stolte av, understreka ho i talen. 

Ho peika på at mykje endrar seg totalt på 214 år, men ikkje alt. 

– Då me blei etablert i 1811, var det i ei uroleg verd prega av Napoleonskrigar og kampar for sjølvstende. Og det er ingen tvil om at me også lever i urolege tider i dag, konstaterte ho. 

FRØKEN NORGE: – Me er med god margin Frøken Norge og på pallen i Frøken Norden, konstaterte UiO-rektor Ragnhild Hennum

Ragnhild Hennum kom også inn på UiOs historie som ho skildra som ei historie om fridom og sanningssøking.

– Me er og forblir ein tydeleg forsvarar av akademiske verdiar. Akademisk fridom er ikkje ein luksus, det er noko som er heilt nødvendig. Det er fundamentet vårt, rammeverket vårt, som gjer oss i stand til både å stilla og svara på dei vanskelege spørsmåla, sjølv når svara ikkje er populære, la ho vekt på.

– Me kan støtta oss på verdiane våre

Hennum viste til det faktum at nettopp fordi UiO står stødig på sine verdiar, kan institusjonen oppretthalda fotfestet sjølv når andre vaklar. 

– Me kan støtta oss på verdiane våre, og på forskinga, utdanninga, formidlinga og innovasjonen vår. Når eg ser alt som skjer her på UiO, er det ingen tvil om at me forvaltar oppgåvene våre godt, sa Hennum, som peika på kor mykje spennande som går føre seg på UiO.

– Me skal halda fram med å fremja uavhengig og banebrytande forsking som er internasjonalt leiande og bidrar til å løysa globale utfordringar. Me utviklar ny kunnskap og utfordrar etablerte sanningar. Me utdannar dei som skal byggja Noreg vidare, slo ho fast. 

– Så er me kanskje ikkje alltid Miss Universe

For å visa kor bra UiO gjer det, trekte ho fram at UiOs forskarar i 2024 fekk 14 nye ERC-tildelingar frå EU. Over 500 fekk doktorgraden sin på UiO i fjor, og universitetet fekk også 23 tildelingar til frie forskingsprosjekt (FRIPRO), nesten ein tredjedel av alle tildelingane i landet. Ho la til at UiO for to veker sidan tok imot 8000 nye studentar. 

– Så er me kanskje ikkje alltid Miss Universe eller nummer ein i dei internasjonale skjønnheitskonkurransane eller rangeringane, og me har opplevd at slike rangeringar kan svinga.  Men me skal vera nøgde når me ser oss sjølve  i spegelen. Me er med god margin Frøken Norge og på pallen i Frøken Norden, oppsummerte Ragnhild Hennum med eit smil. 

– Skal styrkja koplinga mellom forsking og undervisning

Ho lova også at UiO skulle oppfylla ei viktig samfunnsoppgåve.

– Eit av våre viktigaste samfunnsoppdrag er å utdanna unge menneske til å tenkja sjølve, vurdera kjelder og forstå komplekse samanhengar. Me skal også fremja livslang læring og styrkja koplinga mellom forsking og undervisning, sa ho.

BESTE DOKTORAR: Desse åtte fekk H.M. Kongens gullmedalje for å ha skrive den beste doktorgraden ved kvart av fakulteta. F.v.Diego Alfredo Gonzalez Campos (UV), Anna Nordnes Helgøy (SV), Minh Khai Le Thieu (OD),  Jan Gulla (MN), Johanna-Pauline Thöne (HF), Marthe K. Brun (MED), Siri Kildahl Venemyr (JUR) og Florian Graz (TF).

Heilt til sist i årstalen nytta rektor Ragnhild Hennum høvet til å gratulera alle UiOs prisvinnarar.

– Me er utruleg stolte av dykk.

Deretter kom prisvinnarane fram og fekk utdelt prisane av rektor, prorektor og viserektorane. 

Som takk måtte dei fem privinnarane halda kvar si miniførelesing i Aulaen.  Etterpå bidrog Den norske Studentersangerforening med mellomalderballaden Roland og Magnus kongen. 

Så var turen komen til utdeling av H.M Kongens gullmedalje for dei beste ph.d.avhandlingane frå kvart av dei åtte fakulteta. 

Til slutt blei UiOs berekraftspris for beste masteroppgåve delt ut til tre studentar. Kvelden blei avrunda med ein tale av Studentparlamentets utdanningsansvarlege David Pettersen før Universitetets symfoniorkester avslutta med Richard Nordraaks "Purpose". Samtidig forlet den akademiske prosesjonen salen fylgt av resten av publikummet i Universitetets aula. 

• Les intervjua med alle vinnarane av UiOs prisar i Uniforum: 

UiOs prisar 2025: Koronaforskaren blei hekta på virus som tenåring

UiOs prisar 2025: – Norsk ungdom har for liten kunnskap om kva demokrati er

UiOs priser 2025: – Jeg vet hva som skal til for å lykkes

UiOs priser 2025: – Jeg er ikke supergod på noe, men jeg er ganske god på veldig mye 

UiOs priser 2025: Utdanningsprisvinneren vil ha en sterkere delekultur

Emneord: Årsfesten, Forskning, Formidling, Utdanning, Innovasjon, Universitetspolitikk Av Martin Toft Foto: Ola Gamst Sæther
Publisert 3. sep. 2025 11:33 - Sist endra 3. sep. 2025 14:23

Logg inn for å kommentere