No er UiO-rektor Svein Stølen blitt eit kunstverk

I dag blei portrettet av rektor Svein Stølen avduka i Lucy Smiths hus på Blindern.  Det er malt av den danske kunstnaren Erik A. Frandsen.

AVDUKING: Her står kunstnaren Erik A. Frandsen (t.v.) saman med mannen som han har portrettert, UiO-rektor Svein Stølen. 

Foto: Martin Toft

Om kort tid vil portrettet av Svein Stølen (1960-) truleg bli hengt opp på rektorveggen i 10. etasje i Lucy Smiths hus i selskap med portretta av Waldemar C. Brøgger og dei andre tidlegare rektorane ved Universitetet i Oslo. Det var her i selskap med nesten alle dei andre rektorportretta, portrettet av Svein Stølen blei avduka klokka 15.00 i ettermiddag. 

Seremonien blei leia av assisterande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen som med litt teknisk asssistanse, fekk ned duken som hadde dekka til portrettet. 

FJERNA DUKEN: Med god hjelp, fekk assisterande universitetsdirektør Johannes Falk Paulsen ned duken som hadde dekt portrettet av Svein Stølen (Foto: Martin Toft) 

– Fabelaktig fint

Rektor Svein Stølen var godt nøgd med portrettet av seg sjølv.

 – Eg synest det er veldig, veldig fint. Eg kan ikkje dømma kva andre meiner, men eg likar at det er fargerikt og litt uformelt. Og så er det mitt eige sjølvbilete. Men det er ikkje sikkert at det er rett. Eg synest dette er fabelaktig fint, seier han til Uniforum.  

– Kva synest du var det vanskelegaste ved å sitja som modell for eit portrett? 

– Det var ikkje så vanskeleg. Me har gjort dette ved å snakka saman, og så har han brukt teknikkane sine for å mala biletet, fortel Svein Stølen. 

– Ingen portrettmalar

Det er den danske samtidskunstnaren Erik A. Frandsen (1957-) som har malt portrettet, og det er Svein Stølen sjølv som har valt han ut. I Danmark er han kjent som medgrunnleggjar av De unge vilde-bevegelsen på 1980-talet. I omtalen av han frå professor i kunsthistorie, Bente Larsen ved UiO, står det at han spelte ei stor rolle i utsmykkinga av det danske kronprinsparets  palass på Amalienborg og av Landstingssalen på Christiansborg i København.

Erik A. Frandsen avslører overfor Uniforum at han til saman har mala fire portrett i heile sitt liv.

– Eg er absolutt ingen portrettmålar.  Den første samtalen eg hadde med Svein, dreia seg difor om kva eg ikkje kunne. Men han var mest opptatt av alt det eg kunne, smiler han. 

– Han er eit fyrtårn

Frandsen fortel at han har ein god venn i Danmark som også er professor i kjemi, akkurat som Svein Stølen. 

REKTORPORTRETT:  Svein Stølen er godt nøgd med rektorportrettet  Erik A. Frandsen har malt av han.  (Foto:Martin Toft) 

– Han har kome med ein god del innspel om kjemiske formlar som han meinte eg burde ha med. Men eg tenkte at nei, for Svein nedtonar det kjemiske i høve til sitt rektorat, seier Frandsen til Uniforum. Han peikar på at Stølens rektorgjerning må visast fram.

– Heile tida når eg har snakka med han, har han lagt vekt på den humanistiske ideen om utdanning.  Med tanke på det som skjer i USA i dag, ser me kor viktig det er med utdanning, kanskje endå viktigare enn nokon gong før. Han er eit fyrtårn, synest Frandsen. 

Avdukinga av portrettet blei innleia med at Den Norske Studentersangerforening  framførte songen Brureferd i Hardanger til ære for UiO-rektor Svein Stølen. 

• Les også i Uniforum: 

Ottersen i ramme

Avduka portrettet av Geir Ellingsrud

Emneord: Kunst, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. juni 2025 17:58 - Sist endra 11. juni 2025 18:22

Logg inn for å kommentere