Tidlegare i haust blei det klart at UiO saman med 15 andre universitet i Noreg og andre land saman med Flyktninghjelpen har etablert ein allianse med mål om å tilby høgare utdanning til flyktningar i og nær område med krig og konflikt.
Pilotprosjektet blir til dels i ein flyktningleir i Uganda. Dette er eit land som har forbode homofili, og derfor flyktar homofile til nabolanda. Amnesty International har også laga ein rapport om menneskerettssituasjonen i landet, der organisasjonen spesielt peikar på kriminaliseringa av homofili.
Nokre UiO-tilsette Uniforum har vore i kontakt med, men som ikkje vil stå fram, er derfor kritiske til at UiO vil engasjera seg i det landet.
– Ikkje formålstenleg
Rektor Svein Stølen forstår til dels kritikken, men viser til at nokre av universiteta som er med i Global University Academy, allereie er til stades i flyktningleirar i Kenya, Niger, Tyrkia, Bangladesh, Libanon og andre land som har utfordringar når det gjeld menneskerettar.
– Så når spørsmålet er om det er mogleg for oss å jobba i Uganda, eit land med 1,7 millionar flyktningar, så er spørsmålet også om det er mogleg å driva med bistand i landet. Regjeringa har eit lovverk som me ikkje er einige i, og som gjer det straffbart og kriminelt å vera homoseksuell. Men eg trur ikkje det er formålstenleg av den grunn ikkje å bidra til å gi menneske i svært vanskelege livssituasjonar håp. Me må klara å jobba med utsette grupper i alle land.
– Målet er å møta flyktningar der dei er
Samtidig peikar han på at Global University Academy ikkje handlar om berre eitt land.
– Det er riktig at me ser mot ein pilot i Uganda og ein i Jordan. Målet er å møta flyktningar der dei er, og få til eit system som er skalerbart, det vil seia at det kan brukast i alle land der det er flyktningar, peikar han på.
Stølen trekkjer også fram eit anna land som får bidrag til utdanning, og der regimet heller ikkje respekterer menneskerettane.
– Afghanistan er eit land der det blir jobba med utdanning, men det er også eit land der det er ei avgrensing på fridomen til kvinner. Det er likevel viktig og riktig å bidra til utdanning, både generelt og til flyktningar. Eg skjønar problemstillinga, men det er viktig å vera klar over kva Global University Academy er for noko. Eg meiner at me må hjelpa flyktningar uansett i kva land dei er i, og Flyktninghjelpen har ein stor operasjon der i Uganda.
– Du var nyleg tilbake i Uganda for andre gong. Korleis går det?
– Det går bra det. Me jobbar for å på plass systema og få på plass samarbeidet med lokale universitet. Det kjem til å bli fleire reiser dit. Og så blir det truleg ei reise til Jordan for ein frå teamet for å sjå på forholda der, der det også er diskusjonar med Flyktninghjelpen. I mars blir det ein svær konferanse i Rwanda som handlar om korleis me jobbar generelt med flyktningar og med menneske i krise.
– UiO har fleire miljø som kan bidra i pilotane
– Tidlegare i haust var det også eit informasjonsmøte på UiO for å finna ut kor stor interessa frå fagmiljøa var for å engasjera seg i dette prosjektet. Kva kom ut av det møtet?
– Det gjekk veldig bra. Me har sett ned ei referansegruppe som hjelper oss, og som gjer at me blir utfordra, men også får forankra dette. Me skal også ha ein stor workshop i Geneve snart om sjølve modellen.. UiO har fleire miljø som kan bidra i pilotane, og tilsvarande er det på dei andre institusjonane, seier han.
– Meiningsfullt
Svein Stølen viser til at det er eit stort engasjement på universiteta, men også ved andre institusjonar, ikkje berre rundt Uganda, men rundt heile konseptet. Det gjeld både universitet, organisasjonar for utviklingshjelp som NORAD og i land som Tyskland og Frankrike.
– Det er stor interesse. Og me er framleis på det første stadiet der me prøver å få dette til og få laga ein modell som fungerer. Organisasjonsbygginga må me bruka eitt år til på før me er i mål, slår han fast.
Sjølv synest han dette arbeidet er svært gjevande.
– Det er meiningsfullt. Stadig kjem det fleire universitet som oppfordrar oss til å laga ein modell der også dei kan vera med og bidra med det dei er gode på, altså utdanning, utan å tilby den fysiske infrastrukturen. Då blir det lettare for dei å vera med, og det vil dei gjerne. Dette er også ei etisk forplikting. For oss er det motiverande, og me håpar me får det til, seier Svein Stølen.
• Les meir om Global University Academy og flyktningar:
UiO ber fagmiljøa om innspel til studietilbod for flyktningar
18 universitet frå ni land vil delta i ein akademisk dugnad for flyktningar
Logg inn for å kommentere