Regjeringa får hard kritikk for brutale kutt på Vikingtidsmuseet

– Sanninga er at dette ikkje lenger blir eit museum for barn og unge og innbyggjarane i Oslo, men eit reint turistmuseum der det einaste du kan få  kjøpt er ei pølse i  brød. Rektor Svein Stølen kom i går med beinhard kritikk av regjeringas kutt i budsjettet til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy.

KAN BLI STÅANDE TOMT: Dette rommet som skulle bli auditorium, er til liks med publikumsareala i underetasjen og museumsrestauranten, blitt fjerna frå teiknebrettet. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Utbrotet frå rektor Svein Stølen kom etter at universitetsdirektør Arne Benjaminsen i møtet i UiO-styret i går onsdag 18. september hadde gjort  greie for statusen for bygginga av det nye vikingtidsmuseet på Bygdøy. Den siste økonomiske smellen for byggjeprosjektet blei kjent i førre månad. For den 23. august melde  NRK  at flyttinga av vikingskipa frå den gamle delen til den nye delen av museet ville kosta dobbelt så mykje som budsjettert. Prislappen ville gå opp frå 269 millionar kroner til over dobbelt så mykje, 550 millionar kroner.  

NRK fekk også opplyst frå Statsbygg at sikringsprosjektet som sjølve flyttinga er ein del av, i 2022 hadde eit budsjett på 464 millionar kroner. I april året etter hadde  denne posten auka til 825 millionar kroner. I juni kunne dessutan Uniforum melda at det ikkje var sett av pengar hverken til innreiing av rom for formidling og auditorium i det gamle Vikingskipshuset eller til restaurant.  

" – Å ikke benytte disse lokalene som vil kunne romme så mye aktivitet, vil være en dårlig måte å skjøtte arven etter det gamle Viktigskipshuset og arkitekt Arnfinn Arneberg på", sa museumsdirektør Aud Tønnessen til Uniforum. 

• Les også: Vikingskipshuset: – De fleste rommene kan ende opp som råbygg

Tok pengar frå bufferen for uføresette utgifter

For å finansiere dei auka kostnadene i samband med flyttinga, har Statsbygg fått ja frå regjeringa til å henta 350 millionar frå ein buffer som er sett av til uføresette kostnader.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen forklarte Universitetsstyret korleis store delar av dei opphavlege planane for Vikingtidsmuseet blei tatt ut av den statlege finansieringa, samtidig som regjeringa oppfordra UiO til å skaffa seg eksterne bidragsytarar på den biten. Det ville vera finansiering av auditorium, kafeareal, klargjeringsrom for gjenstandar før dei skulle inn  i museet og aktivitetsrom for skuleelevar i Oslo. 

– Kunnskapsdepartementet meinte at dette kunne finansierast av UiOs eige ramme og av eksterne tilskot. Det er ein så stor del av bygget at det er heilt urealistisk å ta det frå UiOs eiga ramme, understreka han.

Benjaminsen opplyste også at UiO hadde fått avtale om ganske store bidrag frå Holthe Foundation, samtidig som UiO også har vore i dialog med Sparebankstiftelsen DNB.

Bad om 50 millionar ekstra til infrastruktur

Universitetsdirektøren illustrerte korleis infrastrukturen til det gamle museumsbygget, ting som kablar,  røyr, ventilasjon og brannsikringstiltak var tatt ut av prosjektet, fordi dei planlagde romma i den delen av bygget ikkje kan innreiast slik den opphavlege planen var.

– Statsbygg argumenterte likevel godt for at det var viktig for entreprenøren å få gjort dette arbeidet samtidig med infrastrukturen på resten av byggjeprosjektet, sa Benjaminsen.

Etter utrekningane frå Statsbygg ville det ha kosta 50 millionar kroner ekstra. 

– Me ville gjerne at desse pengane skulle kome frå bufferen for  uføresette utgifter, sa han.  Derfor la UiO det fram for Kunnskapsdepartementet i ulike rundar. 

– Me opplever no at dei har sett foten ned og har sagt at dette ikkje let seg gjera. Det vil seia at denne delen av infrastrukturen ikkje kan leggjast i heile bygget no, konstaterte Arne Benjaminsen.

Konsekvensen av dette blir at det heller ikkje blir mogleg å setja gang  eksternt finansierte prosjekt som å ferdigstilla auditorum,  klargjeringsrom for gjenstandar som skal førebuast på å bli plasserte i utstillingsromma. Og heller ikkje kafeareal og undervisnings- og aktivitetsareal for skuleelevar i Osloområdet, kan bli realiserte innanfor den summen som er løyvd til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy så langt. 

– Også drenering rundt det gamle museumsbygget må setjast på vent, opplyste Benjaminsen til Universitetsstyret.  

Ikkje  slik ho hadde sett det føre seg 

I førre månad melde NRK også at store delar av pengane som var sett av til uføresette utgifter ,skulle gå til dei auka utgiftene med å flytta vikingskipa 100 meter. I staden for 269 millionar kroner, hadde nye utrekningar vist at dette arbeidet ville kosta 550 millionar kroner. 

Museumsdirektør Aud Tønnessen gjorde det då heilt klart overfor NRK at det ikkje var akkurat slik ho hadde sett føre seg at desse pengane  for uføresette utgifter skulle brukast. 

IKKJE PRIORITET: Museumsdirektør Aud Tønnessen har peika på at UiO vil sitja igjen eit nytt vikingtidsmuseum som ikkje er ferdigstilt. Her står ho framfor hovudinngangen til det opphavlege Vikingskipshuset på Bygdøy. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Det som er problemet sett frå vår side, er at vi blir sitjande igjen med ein del av museet som ikkje blir ferdigstilt, og som vi skal finansiera. Og akkurat nå opplever vi at det er vanskeleg å få politisk gehør for det, sa ho til NRK. 

Då dagens statsråd Oddmund Hoel blei konfrontert med synspunkta til Aud Tønnessen, stod han fast på sitt. 

– Vi forstår at dei som skal bruke bygget gjerne vil ha oppfylt alle punkta på ønskelista, men sånn er det ikkje. Vi får likevel eit heilt fantastisk bygg som vil gjere den norske kulturskatten tilgjengeleg for både nordmenn og utlendingar på ein heilt ny og flott måte, sa han til NRK. 

– Ein svært uheldig byggjeprosess

Benjaminsen fortalde at pengemangelen også vil gå utover den planlagde rehabiliteringa av fasaden på den gamle museumsbygningen som blei teikna av arkitekten Arnstein Arneberg. 

–  Dette er etter vårt syn ein svært uheldig byggjeprosess. Å nedskalera eit slikt byggjeprosjekt, så seint i prosessen, rår me ingen til å gjenta, understreka Arne Benjaminsen. 

– Dette er trist

UiO-rektor Svein Stølen var endå meir bastant i sin kritikk.Og han viste til kva bodskap han fekk frå tidlegare forskings-og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe då kuttet blei kunngjort i juni 2022.

RASTE:  – At UiO skal finansiera Noregs nasjonale vikingmuseum, som om me gjorde det for oss åleine, det må eg seia at eg har lita forståing for, raste Svein Stølen under møtet i Universitetsstyret i går. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Statsråden sa til meg at dei 250 millionar kronene som manglar, dei kan de jo henta eksternt.  refererte Stølen.

– Sanninga er at dette ikkje lenger blir eit museum for barn og unge og innbyggjarane i Oslo, men eit reint turistmuseum der det einaste du kan få  kjøpt er ei pølse i  brød, slo han fast.

Stølen meinte at dette slett ikkje var hovudformålet med å byggja eit nytt vikingtidsmuseum. 

– Her skal ein også visa fram forsking som tar plass i eit museum. Forskarane må no sitja ein heilt annan stad enn der museet skal vera. At UiO skal finansiera Noregs nasjonalarv som om me gjorde det for oss åleine, det må eg seia at eg har lita forståing for, sa ein svært engasjert UiO-rektor.

Men han trudde ikkje det siste ordet var sagt når det gjeld finansieringa av det museet.

– Det blir nok masse merksemd rundt dette i tida framover også, var han sikker på.  Dei andre som tok ordet i Universitetsstyret støtta den sterke ordbruken til rektor og universitetsdirektør. 

Arne Benjaminsen kom til slutt på ein positiv ting med bygginga av Vikingtidsmuseet.

– Det går etter planen på tid, konstaterte han. 

Uniforum har vore i kontakt med pressekontakten i Kunnskapsdepartementet for å få ein kommentar på kritkken frå Svein Stølen

Kostadsramma for prosjektet blei auka med 1 milliard

Statssekretær Ivar B. Prestbakmo (Sp) i Kunnskapsdepartementet svarar på kritikken. 
– Då det i starten av 2022 vart klart at Vikingtidsmuseet var på veg mot ein betydeleg kostnadssprekk, vart vi nøydd til å ta nokre funksjonar ut av prosjektet. Regjeringa var opptatt av å bevare tryggleiken til samlinga og sikre gode publikumsareal i museet. Kva funksjonar som måtte ut, blei avklart i en prosess med både UIO og Statsbygg. På same tid vart kostnadsramma for heile prosjektet auka med over ein milliard kroner. Desse rammene har dei heile vegen vore kjent med. Stortinget slutta seg til dei nye rammene for prosjektet i nysalderinga av 2022-budsjettet, og Kunnskapsdepartementet har ikkje fullmakter til å bruke av prosjektets bevilgning til funksjonar som no ligg utanfor det prosjektet som Stortinget har vedtatt.
 
– Så har Kunnskapsdepartementet gitt Universitetet i Oslo høve til å likevel ta inn att funksjonane som vart tatt ut, viss dei anten kan få pengar frå eksterne sponsorar, ved å ta kostnaden sjølv, eller i ein kombinasjon. UiO er ein stor, statleg organisasjon med eit betydeleg budsjett og stort handlingsrom. Dersom desse funksjonane er viktige nok for UiO, bør dei sjå på moglegheitene for å prioritere nokre midlar innanfor eigne rammer til opsjonar. Så må vi ikkje gløyme at Universitetet i Oslo og Kulturhistorisk museum får eit flott museum til nær 4 milliardar kroner, også utan opsjonar.
 
(Oppdatert klokka 13.40 med kommentar frå Kunnskapsdepartementet.)

 

• Les meir om Vikingtidsmuseet i Uniforum: 

Det vil koste 550 millionar å flytte vikingskipa om lag 100 meter

Vikingskipshuset: – De fleste rommene kan ende opp som råbygg

– Det er stas å være museumsdirektør

Kronprinsesse Mette-Marit la ned grunnsteinen for Vikingstidsmuseet

Emneord: Vikingtidsmuseet, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. sep. 2024 12:11 - Sist endra 20. sep. 2024 10:46

Logg inn for å kommentere