I 22 land har den akademiske fridomen blitt forverra dei siste ti åra

Det var 169 akademikarar og studentar som anten blei drepne, opplevde valdelege åtak eller blei bortførte frå 1. juli  2022 til 30. juni 2023. Til saman var det i denne perioden 409 åtak på universitet i 66  land. 

Portrett av ein mann

IKKJE FRIDOM: –Viss du ikkje har fridom, har du heller ikkje fridom til å tenkja, sa Raha Sabel Savestany frå Iran. No er ho under vern av Scholars at Risk i Åbo i Finland. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I går lanserte Scholars at Risk den siste rapporten om situasjonen for den akademiske fridomen i verda Free to Think 2023.

Rapporten viser  at i 22 av landa i verda har det vore ein tilbakegang i den akademiske fridomen dei siste ti åra. Mellom dei landa finst både Afghanistan, Iran, Myanmar og Russland, men også USA, Kina og Hongkong står på den lista. 

– Åtak på universitet er åtak på oss alle. Når me mister tilgangen til fri utdanning, mister me også moglegheita til å finna løysingar. Oppgåva vår er å redusera isolasjonen for dei som har blitt råka av åtaka på den akademiske fridomen. Det sa leiar for Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) Selma Bratberg, då rapporten «Free to Think» blei lansert på Domus Bibliotheca på UiO i går.nte Elisabeth Staksrud som også er

– Akademisk fridom er fridom til å stilla spørsmål

Prorektor Åse Gornitzka opna hendinga med å koma med ein sterk hyllest til dei verdiane akademia står for.

– Akademisk fridom er fridom til å stilla spørsmål og til å delta i forsking og dei moglegheitene det gir. Det er også ein klar samanheng mellom akademisk fridom og graden av demokrati i eit land. Den akademiske fridomen er blant dei fridomane som først blir tatt når eit land utviklar seg mot eit autokrati, sa ho.

409 åtak på studentar og forkarar

Rapporten viser at det var over 409 åtak på studentar og forskarar på universiteta frå 1. juli 2022 til og med 30. juni i år i 66 land. Dei mest alvorlege tilfella er 169 drap, valdelege åtak og bortføringar av universitetstilsette og studentar. 83 er blitt sette i fengsel, 27 har opplevd forfylgingar, og 46 har mista jobben sin på ein utdanningsinstitusjon. Denne gongen har Scholars at Risk ynskt å skapa spesiell merksemd på situasjonen i fylgjande land: Afghanistan, Bangladesh, Kina, Colombia, Hong Kong, India, Iran, Mexico, Myanmar, Nicaragua, Russland, Sudan, Sri Lanka, Tyrkia Ukraina, og USA.  

Iran er det verste landet

Iran blir trekt fram som det farlegaste og verste landet å vera student i, i den perioden rapporten omfattar.

Det blir peika på korleis styresmaktene prøvde å slå ned demonstrasjonane mot dødsfallet til den 22 år gamle kurdiske kvinna Mahsa Amini. Ho døydde i det religiøse politiet si varetekt etter å ha blitt arrestert for ikkje å ha bore hijaben på den rette måten.

Mange hundre studentar er blitt arresterte, fengsla, suspenderte eller utviste, medan mange titals professorar har fått sparken. Andre har sagt opp jobbane sine eller har flykta frå landet. Fleire har blitt erstatta av regimetru forskarar, går det fram av rapporten Free to Think 2023.

Dødsdømde i Myanmar

Også militærregimet i Myanmar har arrestert studentar og akademikarar som har tilhøyrt opposisjonsrørsla. Nokre blei dømde til døden, andre blei  dømde til fengsel på livstid eller til fleire tiår i fengsel, står det.  

I Gaza blei seks studentar drepne under eit israelsk flyåtak der ein del av Al Quds Open University blei treft. Konsekvensen blei at åtte andre universitet i Gaza blei mellombels stengde. 

I Israel er det kome framlegg om å innføra ei lov som vil hindra at studentar får godkjent gradar frå palestinske universitet, melder Free to Think-rapporten.

Eit anna tilfelle handlar om ein professor i engelsk litteratur ved eit universitetet i Afghanistan. Professoren mista jobben fordi kvinner hadde fått delta i undervisninga.

I Colombia var det eit valdeleg åtak på det einaste afrocolombianske museet i landet.

I Mexico blei to klimaaktivistar og forskarar drepne av ukjende gjerningsmenn i Tlalmanalco de Velásquez.

Litt lenger sør, i Nicaragua tok styresmaktene full kontroll over to katolske universitet. 

Avgrensingar i fagområde i USA

I USA har det vore fleire tilfelle på delstatsnivå der politikarar har vedtatt lover som avgrensar undervising og forsking på område som rase, mangfald, likestilling, inkludering og kjønn.

I Russland har styresmaktene mellom anna erklært Moscow Free University som «uynskeleg». Det førte til at universitetet følte seg tvinga til å stengja for å ta vare på tryggleiken til forskarane, dei andre universitetstilsette og studentane.

I Kina har styresmaktene brukt eit ekstensivt overvakingsapparat, inludert studentinformantar, for å undertrykkja opposisjonelle både innanfor og utanfor landet.

I Indonesia blei fire utanlandske forskarar nekta å forska på situasjonen for orangutangane.  

I Sverige blei perioden for kor lenge folk kunna sitja i eit universitetsstyre redusert, og fleire interne styremedlemar skal erstattast av eksterne, av tryggleiksomsyn er forklaringa til den svenske regjeringa.

Eitt av dei mest alvorlege åtaka mot den akademiske fridomen i løpet av det siste året, er Afghanistans vedtak frå desember i fjor om å forby kvinner å ta høgare utdanning.

Startar kampanje for studentar i fengsel

Men Selma Bratberg viste også til at det nyttar å kjempa for dei akademikarane som er blitt fengsla på grunn av at dei har kome på kant med styresmaktene i heimlandet sitt. Ein av dei er George Zahri frå Egypt som har forska på situasjonen til den koptiskkristne minoriteten i landet. Etter over eitt år i fengsel slapp han fri i juni i år, og er no forskar ved Senter for kjønnsforsking ved Bologna-universitetet i Italia.

Samtidig held Scholars at Risk saman med studentar frå Universitetet i Oslo fram kampen for studentane Marfa Rabkova frå Belarus og Niloufar Bayani frå Iran. Seinare denne månaden set dei i gang ein stor kampanje for å skapa merksemd rundt dei og jobba for å få sett dei fri frå fengsla dei sit i.

– Eg har opplevd trugsmål i Noreg

I ein debatt etter presentasjonen av rapporten kunne medieprofessor Elisabeth Staksrud ved UiO stadfesta at det ikkje alltid står like bra til med den akademiske fridomen i Noreg heller.

POLITISK STYRT FORSKING:   - Nokre regjeringar kan prioritera politisk styrt forsking kontra grunnforsking. sa leiar for Scholars at Risk-komiteen Elisabeth Staksrud. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Eg har opplevd trugsmål om at dei som er med og finansierer forskinga mi, vil trekkja den tilbake om eg ikkje endrar på ting i forskingsprosjektet, sa ho.

Måtte dra frå Afghanistan

MM frå Afghanistan er no førsteamanuensis i jus på Universitetet i Søraust-Noreg. Der han vore sidan han kom under vern frå Scholars at Risk.

– Eg opplevde skriftelege trugsmål mot det akademiske arbeidet mitt også før Taliban overtok makta i landet. Men etter maktovertakinga opplevde akademikarar både drap og valdelege åtak. Drap på Hazara-minoriteten som har gått føre seg i over hundre år, har halde fram også etter at Taliban overtok makta i Afghanistan. 

 – Akademisk fridom og demokrati heng saman 

Også Raha Sabet Sarvestany frå Iran måtte flykta frå heimlandet sitt etter å ha kjempa for kvinnerettar. Dei første åra var ho under vern av Scholars at Risk på Universitetet i Oslo. No arbeider ho som forskar ved Senter for grunnforsking ved Institutt for høgare studiar i Åbo i Finland.

– Akademisk fridom og demokrati heng saman med kvarandre. Viss du ikkje har akademisk fridom, har du heller ikkje fridom til å tenkja. Indoktrinering er eit trugsmål mot ytringsfridomen, slo ho fast.

– Eg har digital kontakt med dei

MM peika på korleis den akademiske fridomen er blitt kvelt i Afghanistan.

– Det er inga ytringsfridom, og det er innført streng sensur i kva tema det kan forskast på, slo han fast.

Han prøver sjølv å gjera noko positivt for studentar i Afghanistan.

– Eg har digital kontakt med dei, og det set dei stor pris på, for slik får dei tilgang til akademiske institusjonar, noko som er svært viktig for dei, understreka han.

– Forskingsetikk og akademisk fridom høyrer saman

For Elisabeth Staksrud var det også viktig å peika på at også regjeringar kan prioritera feil.

–Det er tilfellet når dei proriterer grunnforsking kontra politisk styrt forsking, meinte ho.

Samtidig slo ho eit slag for dei forskingsetiske verdiane.

– For forskingsetikk og akademisk fridom høyrer saman. For gjennom forskingsetikken har me ikkje berre moglegheita, men også plikt til å formidla forskingsfunna våre til heile samfunnet, poengterte ho.

• Les meir om åtak mot akademisk fridom i Uniforum: 

Terrorsiktede Olesevia Krivtsova fra Russland fikk journalistjobb i Kirkenes

Forfylgd akademikar på flukt ble henta ut av rettleiaren sin

Eksiluniversitetet i Vilnius: – Krigen understreker behovet for et uavhengig russiskspråklig universitet 

 - I don't care much about the future of this state 

Tyrkia: Sjøvstyret til universiteta og pressefridomen er under sterkare press

UiO-professor om Iran: – Folk er ikkje redde lenger

Han ber om ein redningsaksjon for akademia i Afghanistan

391 åtak på universitet i verda på eitt år

Emneord: Akademisk fridom, Menneskerrettar, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 15. nov. 2023 15:13 - Sist endra 5. jan. 2024 11:18

Logg inn for å kommentere