Brit Lisa Skjelkvåle blir ny direktør for Naturhistorisk museum

Brit Lisa Skjelkvåle får stillinga som museumsdirektør for Naturhistorisk museum på Tøyen. Det bestemte Universitetsstyret i dag. 

Portrett av ei kvinne i eit uteområde

NY MUSEUMSDIREKTØR:  Brit Lisa Skjelkvåle blir ny museumsdirektør på Naturhistorisk museum på Tøyen. Ho overtar etter Tone Lindheim som slutta denne hausten etter fem år i stillinga. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var åtte personar som søkte stillinga som museumsdirektør for Naturhistorisk museum då den blei lyst ut tidlegare i haust. Blant dei var Brit Lisa Skjelkvåle (59) som Universitetsstyret i dag tilsette i stillinga.   

Naturhistorisk museum

Naturhistorisk museum består av Botanisk hage og museumsbygningane på Tøyen, i tillegg til samlingsmagasin på Økern. Museet er ein del av Universitetet i Oslo og historia til museet går tilbake til 1812, då Frederik 6. gav Tøyen hovedgård i gåve til det nyoppretta universitetet i Norge. Botanisk hage blei deretter oppretta i 1814.  

Museets hovudoppgåver er forsking, forvaltning av vitskaplege samlingar og formidling av naturvitskap.

NHM har om lag 160 tilsette, over 70 av dei er tilsette i vitskaplege stillingar fordelte på åtte forskingsgrupper i biologi og geologi.

Les meir på museets nettside

Brit Lisa Skjelkvåle er i dag leiar for Institutt for geofag  på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.  Der har ho vore tilsett sidan 2013. Dei to åra før ho kom dit, var ho forskingsdirektør ved Senter for vatn og vassdrag hos Norsk institutt for vassforsking, der ho tidlegare også hadde jobba som forskar. Ho tok doktorgraden i geologi ved UiO i 1993. 

– Eg blei kjempeglad

Det er ei svært nøgd Brit Lisa Skjelkvåle Uniforum får kontakt med etter at det er offisielt kunngjort at ho har fått stillinga. 

– Ja, det blei ein stor dag for meg i dag – eg blei kjempeglad!, skriv ho i ein epost til Uniforum. Og ho gler seg til jobben.  
 
– Akkurat no sit eg med ei blanding av stor begeistring og forventing og mykje spenning for kva den nye jobben vil innebera av utfordringar og nye moglegheiter. Naturhistorisk museum er ein viktig nasjonal institusjon og den er viktig for Universitetet i Oslo. Museet er ein aktiv institusjon med mykje og god dialog og kommunikasjon med samfunnet utanfor, mykje god forsking og fantastiske og unike samlingar, både ute og i magasin, konstaterer ho.
 
Brit Lisa Skjelkvåle har også tankar om kva ho kan bidra med til museet som direktør.  
 
– Min visjon for museet er å styrkja og støtta gode prosessar som er i gang, auka samhandlinga med universitetet og å bidra til å realisera måla i den heilt nye strategien til museet, seier ho. 

– Nært og ganske langvarig forhold til museet

Den nytilsette museumsdirektøren avslører også kva som fekk henne til å søkja den jobben som ho i dag fekk. 
 
– Det er fleire grunnar til at eg søkte. Eg sit no i ei åremålsstilling som instituttleiar ved Institutt for geofag som går ut i april 2021, så eg var på utkikk etter ein ny jobb.
Etter nesten åtte år på geofag føler eg meg klar til å ta eit steg vidare.  Eg har også eit nært og ganske langvarig forhold til museet gjennom at eg sat der som hovudfagsstudent på 80-tallet, og instituttet og museet har mykje samarbeid blant anna gjennom at museet har geologar som underviser hos oss. Min bakgrunn innan miljøfag med mykje samarbeid på tvers av naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege fagområde er ein god ballast å ha med seg for å leia ein tverrfaglie institusjon som museet er, fortel ho til Uniforum.  
 
Førebels er det enno ikkje klart når arbeidsvegen hennar skal gå til Tøyen i staden for til Nedre Blindern som i dag. 
 
– Me har ikkje diskutert enno når eg skal begynna. Det seier seg jo sjølv at eg har lyst til å starta raskt, men eg har jo også ansvaret for eit institutt som eg ikkje har lyst til å løpa frå på altfor kort varsel, understrekar Brit Lisa Skjelkvåle.

– Strålande nøgde

Rektor Svein Stølen ved UiO er svært nøgd med tilsettinga. 

– Me er strålande nøgde med å kunna tilby Brit Lisa Skjelkvåle ei sentral stilling i ei viktig tid for Naturhistorisk museum. Eit restaurert Brøggers hus står snart klart, og vil saman med Klimahuset gi nye moglegheiter  museet under Skjelkvåles leiing heilt sikkert vil utnytta godt, seier Svein Stølen i ei pressemelding frå UiO. 

Etter at Tone Lindheim slutta som direktør for Naturhistorisk museum i haust, har forskingsleiar Jan T. Lifjeld vore fungerande direktør for museet. Også han var blant søkjarane til stillinga. 

Den avgåtte museumsdirektøren Tone Lindheim blei tilsett i jobben våren 2015. 

(Oppdatert klokka 14:02 med kommentar frå Brit Lisa Skjelkvåle

Emneord: Naturhistorisk museum, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. des. 2020 11:56 - Sist endra 8. des. 2020 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere