UiO må dekkja nesten heile inntektstapet til musea og OD

Odontologi og dei to universitetsmusea  vil truleg få eit samla inntektstap på 66,4 millionar kroner i 2020. 13 millionar må dei betala sjølve, medan UiO legg ut resten av pengane.

DEKKJER INNTEKTSTAP: Museumsdirektør Håkon Glørstad får betra økonomien. UiO vil dekkja mesteparten av inntektstapet Kulturhistorisk museum har hatt i 2020. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Førstkomande tysdag legg Universitetsstyret aller sist hand på UiO-budsjettet for 2021. Då blir styremedlemane bedne om å ta stilling til eit forslag som vil hjelpa både odontologi, Kulturhistorisk museum og Naturhistorisk museum ut av ein prekær økonomisk situasjon. Begge stadene har dei tapt store inntekter i 2020, for musea sin del i hovudsak på grunn av manglande billettinntekter som ein konsekvens av koronatiltaka, medan odontologi sleit med eit underskot også før koronapandemien tok til. Då klinikkane blei gjort om til koronaklinikkar, fall også inntektene deira frå vanlege pasientar bort.

• Les i Uniforum: Koronapandemien gav tap på 14 millionar for odontologi

48,4 millionar i tap

Verst ute er Kulturhistorisk museum som truleg vil få eit inntektstap på 48,4 millionar kroner i år. Odontologi ligg an til å få eit inntektstap på 13,5 millionar kroner, medan Naturhistorisk museum vil mista inntekter på 4,5 millionar kroner i 2020. Det samla tapet for dei tre UiO-einingane kjem dermed truleg til å koma opp i 66,4 millionar kroner. Og kvar eining må altså betala 20 prosent av inntekstapet sjølv. 

Les i Uniforum: Milliontap på Kulturhistorisk museum

Inga naudhjelp frå staten

UiO har bede Helsedirektoratet om tilleggsløyving til odontologi, men svaret UiO har fått, er at dei ikkje er rette instans, og derfor har Helsedirektoratet sendt søknaden vidare til Kunnskapsdepartementet. Der har dei heller ikkje fått nokon lovnad om ekstra løyvingar, men det blir peika på at avgjerda om kven som skal få ekstra løyvingar på grunn av konsekvensane av virusutbrotet, skal «håndteres i arbeidet med tiltakspakker og i statsbudsjettprosessen for øvrig.».  

Sparer 100 millionar

UiO har rekna ut at etter årets lønnsoppgjer vil alle einingane på UiO ha spart rundt 50 millionar kroner, så sant lønns- og prisutviklinga endar på 1,8 prosent, slik Statistisk sentralbyrås prognose går ut på. Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE-reforma) blir auka med 0,5 prosent i 2021. Samla vil det gi eit kutt på 29,5 millionar kroner, noko som UiO hadde rekna med. Fordi Statens pensjonskasse har redusert arbeidsgjevaren sin del av pensjonssatsen med 2,4 prosent i sektoren, har UiO rekna ut at dei vil spara 100 millionar kroner i 2021. Men dei reknar med at satsen vil svinga opp igjen i 2022.

Alle einingane bidrar med 25 millionar

På forslaget til statsbudsjett i 2021 får UiO auka kompenasjon for lønns- og prisutvikling i 2021 på 63 millionar kroner. Universitetsdirektøren føreslår derfor at rammene til einingane vert auka med 20 millionar kroner, noko som svarar til nivået på den prognosen som Statistisk sentralbyrå legg til grunn for pris- og lønnsvekst i 2021.

Det som er igjen av desse pengane, 43 millionar kroner, vert sette av for å kunna dekkja deler av inntektstapet til musea og odontologi i 2021. Resten av det samla tapet på 66,4 millionar kroner, skal dekkjast ved at einingane spyttar inn 25 millionar kroner av deira auka handlingsrom, medan 13 millionar, altså 20 prosent skal dekkjast av musea og odontologi sjølve. I tillegg kjem 10 millionar kroner frå Universitetsstyrets reserve og 12 millionar kroner frå eit sannsynleg mindreforbruk på energimidlar i 2020. Den siste biten på seks millionar kroner hentar UiO inn frå avsetninga til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).

Når det gjeld dei andre delane av Universitetet i Oslo har dei ikkje opplevd store økonomiske tap på grunn av pandemien. I sakspapira går det fram at dei har hatt 70 millionar kroner mindre i kostnader enn normalt. Hovudgrunnen er reduserte utgifter til reiser, møter og konferansar. Dessutan er også investeringskostnadane reduserte med 25 millionar kroner.

20 millionar til IT-masterplan

Universitetsstyret skal også ta stilling til fordelinga av ein sum på 81 millionar kroner i 2021. Den største delen av denne potten vert det føreslått skal gå til oppfylging av IT-masterplan. Den får tildelt 20 millionar kroner. Samtidig vert summen på avsetningar auka frå 30 millionar til 50 millionar kroner.

Også her vil det koma pengar til musea. Det vert sett av 10 millionar kroner kroner til ei vidareføring av satsinga på sikring og bevaring av samlingane til musea. Og det blir dessutan sett av 5 millionar kroner til faglege tiltak knytte til den komande klima- og miljøstrategien.

Også internasjonalt samarbeid blir tilgodesett med pengar. Det europeiske universitetsnettverket Circle U får 3,5 millionar kroner, dersom Universitetsstyret vedtar forslaget frå universitetsdirektøren på møtet førstkomande tysdag.

Kjem med innspel til 2022-budsjettet

Det er ikkje berre neste års budsjett Universitetsstyret skal ta stilling til på styremøtet. Også budsjettinnspel for 2022 står på sakslista. Dei viktigaste problemstillingane for UiO der, er mellom anna å sørga for ABE-kutta vert stansa. Sidan 2015 har reforma gitt UiO eit samla kutt på over 200 millionar kroner. I sakspapira går det fram at UiO ser på reforma meir som ei generell saldering av budsjetta enn som ei målretta reform «det blir et «ostehøvelkutt «som mer og mer rammer alle typer virksomhet ved UiO», går det fram av saksdokumenta.

Elles vil både utdanning, livsvitskap, Kulturhistorisk museum og bortfall av store inntekter frå Vikingskipshuset og forsking vera viktige saker. Det vil også koma framlegg til utvikling i Oslo sentrum. På det siste punktet om forsking er det satsing på rettsvitskapleg forsking og Skagerak-samarbeidet som skal drøftast i Universitetsstyret.

Får oppdatering av situasjonen på ex-phil.

Ressurssituasjonen ved Ex. Phil er eit anna tema som kjem opp som inforasjonssak. Der er utviklinga på rett veg, og difor har HF utlyst to nye stillingar øyremerkte til undervising i Ex-Phil, går det fram av sakspapira. Det er gjort mogleg av den betra økonomiske utviklinga på Det humanistiske fakultetet og dei andre fakulteta, står det i bakgrunnsnotatet.

Universitetsstyret skal også ta stilling til forslaget til etiske retningslinjer for rettleiingsrelasjonar og forslag til policy for universitetsmusea.

Møtet startar tysdag 20. oktober klokka 10.00 på zoom. Det vert også strøymd på nettet til UiO.

Dette er heile saklista: 

Møte nr. 11/2020 i universitetsstyret

Møtet gjennomføres på Zoom, og vil bli streamet.

Tid og sted: 20. okt. 2020 10:0017:35, Zoom

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker

V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


V-SAK 2 Forslag til tidsplan for valg av rektor/prorektor og universitetsstyre våren 2021

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 23


V-SAK 3 Klage over vedtak om avvisning

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 23, jfr. § 13, jfr. Fvl §13


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 4 Virksomhetsrapport per 2. kvartal 2020

Saksnr. 

Forslag til vedtak:

1. Styret tar virksomhetsrapporten for 2. tertial 2020 til etterretning.

Saksdokumenter:


V-SAK 5 Fordeling 2021

Saksnr. 2019/12930

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar:

  1. Tildelingen til enhetene økes med 20 mill. kroner som følge av justert sats for lønns- og prisstigning i 2021.
  2. Det avsettes 43 mill. kroner for å kunne imøtekomme deler et forventet inntektstap ved museene og OD i 2021.
  3. Det prognostiserte inntektstapet ved museene og OD i 2020, totalt 66,4 mill. kroner, foreslås dekket inn slik i 2021:
  1. Museene og OD må selv dekke inn 20% av inntektstapet, samlet 13,3 mill. kroner
  2. Universitetsstyrets reserve belastes 10 mill. kroner
  3. Reduksjonen i kostnader knyttet til DFØ 6 mill. kroner
  4. Forskuttering av mindreforbruk energimidler i 2020 12,1 mill. kroner
  5. Enhetene bidrar med en andel av deres økte handlingsrom i 2021, 25 mill. kroner
  1. Nye prioriteringer, samlet beløp 81 mill. kroner, i 2021 i samsvar med saksfremlegget.
  2. Rektor gis fullmakt til på foreta endringer som følge av KDs tildelingsbrev til UiO for 2021 samt andre mindre justeringer i fordelingen.

Saksdokumenter:


V-SAK 6 Budsjettinnspill 2022

Saksnr. 2020/9969

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret slutter seg til universitetsdirektørens fremlagte prioriteringer til satsingsforslag utenfor rammen for 2022.

Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 1 Ressurssituasjonen ved Examen philosophicum (ex.phil)

Saksnr.

Saksdokumenter:


Ordinære saker


V-SAK 7 Forslag til policy for universitetets museer

Saksnr.

Vedtaksforslag:

Universitetsstyret slutter seg til arbeidsgruppens forslag til Policy for Universitetet i Oslos museer.

Saksdokumenter:


V-SAK 8 Etiske retningslinjer for veiledningsrelasjoner

Saksnr. 2019/14324

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar forslaget til etiske retningslinjer for veiledningsrelasjoner.

Saksdokumenter:


V-SAK 9 Vedtekstendringer for CICERO Senter for klimaforskning

Saksnr. 2017/7906

Forslag til vedtak:

Universitetet i Oslo slutter seg til vedtektsendringene for CICERO

 Saksdokumenter:


V-sak 10 Revisjon av UiOs utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet

Saksnr.

Vedtaksforslag:

1. Universitetsstyret støtter UiOs forslag til revidert utviklingsavtale med Kunnskapsdepartementet

 Saksdokumenter:


Informasjonssaker


I-SAK 2 Status for UiOs arbeid med reduksjon av  klimagassutslipp

Saksnr.

 Saksdokumenter:


Orienteringssaker

O-SAK 1 Halvårsrapport 2020 Enhet for internrevisjon

Saksnr. 

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Status bygg- og eiendomssaker

Saknr. 2019/

Saksdokumenter:


O-SAK 3 Læringsmiljøutvalgets årsrapport 19/20

Saksnr. 2020/1007

Saksdokumenter:


O-SAK 4 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saknr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 5 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 6 Eventuelt


Ordinære saker


V-sak 11 Godkjenning av protokoll for inneværende møte.

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret godkjenner protokoll for inneværende møte.

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 19. okt. 2020 05:00 - Sist endra 19. okt. 2020 10:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere