Klokka 24.00 var det klart at Riksmeklaren på overtid held fram med meklinga mellom hovudsamanlutningane for dei statstilsette, Unio, YS og LO Stat og staten, melder NRK. Hovudkravet til dei tre organisasjonane er at dei statstilsette skal få auke i lønna.
Då brotet i lønnsforhandlingane med staten var ein realitet den 14. september var forhandlingsleiaren til Unio, Guro Elisabeth Lind kritisk til haldninga til staten.
– Me var svært innstilte på å koma til semje i år, men det blei dessverre umogleg når staten ikkje ein gong ville diskutera økonomien, sa Guro Elisabeth Lind i ei pressemelding frå Unio.
• Les også i Uniforum: Brudd i lønnsforhandlingene i staten
Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup har vist til at staten hadde tilbydd dei statstilsette ei lønnsauke på 1,7 prosent. Det ville vera på linje med det som dei tilsette i frontfaga tidlegare har fått.
Om det blir streik vil Unio ta ut 15 medlemar i Kunnskapsdepartementet, 40 i Utdanningsdirektoratet og 50 i politietaten. LO Stat vil ta ut 100 medlemar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. YS Stat vil ta ut 70 tilsette i Forsvarsdepartementet. Om det blir ein langvarig streik, vil fleire og fleire statstilsette bli tatt ut i streik.
Klokka 21 torsdag kveld var riksmeklar Mats Ruland ganske positiv.
– Me har hatt framdrift i meklinga på statssektoren, også desse siste par timane, så førebels er eg optimist, sa Ruland til TV 2.
Uniforum vil fylgja med på meklinga i natt for å sjå om dei klarer å koma i mål med ein avtale før arbeidsdagen begynner torsdag morgon.
-
Logg inn for å kommentere