Oslo trekkjer pengestøtta til Observatoriet

Utdanningsetaten i Oslo vil ikkje lenger støtta skuleprosjektet på Observatoriet. Fakultetsstyret på MN vil måndag drøfta korleis Observatoriet kan brukast på andre måtar for skuleelevar og lærarar. 

Ein gammal bygning med eit tårn med blå himmel

AVSLUTTAR SKULEPROSJEKT: Utdanningsetaten i Oslo vil ikkje lenger støtta skuleprosjektet i Obsevatoriet med 3 millionar kroner i året. Derfor må MN-fakultetet greia ut andre moglege løysingar for bruk av Observatoriet som er UiOs eldste bygning, og som ligg like ved Solli plass.  (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det var tidlegare i haust det blei klart at Utdanningsetaten i Oslo kommune ikkje lenger vil finansiera drifta av skuleprosjektet på  Observatoriet. Dei siste åra har Utdanningsetaten  sett av 3 millionar kroner årleg til drifta av skuleprosjektet, får Uniforum opplyst hos dekan Morten  Dæhlen.  Derfor må dei finna andre alternative måtar å bruka Observatoriet på.

Observatoriet: 

Stod ferdig i 1833 og er UiOs eldste bygning.

Arkitekt var Christian Heinrich Grosch (1801–1865).

Blei brukt av vitskapsmannen Christopher Hansteen. Fungerte både som forskingsbygning og husvære for Hansteen og familien hans.

Blei restaurert til prakta frå fortida i 2011.

Tatt i bruk av Oslos 7. klassingar som klasserom for naturfag og matematikk hausten 2012.

Frå 2016 kunne også alle 4. klassingar få ein skuledag i Observatoriet.

I 2020 trekte utdanningsetaten i Oslo støtta til skuleprosjektet. 

Fakultetsstyret ved MN skal 19. oktober drøfta moglege alternative løysingar for Observatoriet

(Kjelder: Museum for universitets- og vitskapshistorie, Uniforum, UiO, Wikipedia, Store Norske, MN-fakultetet)

4000 elevar har årleg hatt ein dag på Observatoriet

Heilt sidan 2012 har Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet hatt eit undervisningsopplegg for 7. trinn i Osloskulen.  Og frå 2017 har det også vore eit eige opplegg for elevar på 4. trinn. Det har ført til at 4000 elevar kvart år har gått gjennom opplegget «En dag på Observatoriet» Det går fram av saksdokumenta til fakultetsstyret på MN-fakultetet. 

• Les også i Uniforum: Observatoriet er blitt klasserom

Måndag 19. oktober skal det drøfta kva organisatorisk framtid Observatoriet skal ha etter nyttår, når pengane frå Utdanningsetaten i Oslo ikkje lenger vil finansiera skuleprosjektet. I sakspapira går det fram at det er Naturfagsenteret, som også ligg på fakultetet, som skal få ansvaret for å staka ut ei ny framtid for Observatoriet. Kommunikasjonseininga ved fakultetet har tidlegare hatt det ansvaret. 

Samarbeider med Kulturhistorisk museum

 Dekan Morten Dæhlen viser til at også andre samarbeidspartnarar er med på laget. 

–Som det går fram av styrepapira vil me setja i gang eit  arbeid for å finna ny bruk av Observatoriet. Dette vil me  gjera saman med  Kulturhistorisk museum, som me også har samarbeidd med om bruken av Observatoriet dei siste 8 åra, fortel han til Uniforum i ein epost. 

Tre moglege løysingar

Fakultetsleiinga kjem sjølv med fleire moglege scenario, men ber Naturfagsenteret om å greia ut dette nærmare og laga ein rapport med ulike alternativ for framtidig bruk av Observatoriet.  Rapporten skal innehalda både forslag til vidare aktivitetar og bruk av Observatoriet og ein plan for korleis dette skal finansierast.

Så langt er det tre moglege løysingar fakultetsleiinga har drøfta med Naturfagsenteret. Det første er at Observatoriet skal bli  eit talentsenter for elevar frå Osloskulen med stort potensial for læring. Det skal vera eit supplement til eit liknande senter på Teknisk museum.

Det andre forslaget er at Observatoriet skal bli ein stad der MN-fakultetet ved Naturfagsenteret kan tilby etter- og vidareutdanning for lærarar og eventuelt tilsette ved viten-sentra. Temaet skal vera elevar med stort læringspotensial.

Det tredje forslaget er at Observatoriet skal vera eit tilbod til skular og andre om Observatoriets historie og eksistens.

Fakultetsleiinga vil at Naturfagsenteret skal leggja rapporten fram for fakultetsstyret i løpet av 2021.

– Spennande

Dekan Morten Dæhlen kan enno ikkje seia kva Observatoriet skal brukast til i framtida. Men han ser fram til resultatet av arbeidet med rapporten.

– Kva som blir resultatet av dette arbeidet, som me planlegg å gjennomføra gjennom 2021, er det for tidleg å seia noko om. Det ligg derimot i  korta  at det vil bli noko innretta mot skulen, opplyser Morten Dæhlen til Uniforum.  Han viser også til at Naturfagsenteret peikar seg ut som ein ny administrativ heimstad for Observatoriet.

– Når me satsar mot skulen er det også naturleg for oss at det blir Naturfagsenteret som
får ansvaret for dette arbeidet. Me gjer dette fordi me trur det er mogleg  å skapa  ny og viktig aktivitet i samarbeid med skulen. Det blir spennande å sjå  kva me får til,  synest  Dæhlen.

Uniforum har vore i kontakt med instituttleiar Merethe Frøyland på Naturfagsenteret om desse planane, men ho vil ikkje kommentera saka før den har blitt drøfta i fakultetsstyret.

 

Emneord: Observatoriet, Realfag, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 14. okt. 2020 13:09 - Sist endra 14. okt. 2020 13:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere