Filosofiprofessor Olav Gjelsvik gler seg over søkjarsuksessen

Det nye studieprogrammet Filosofi, politikk og økonomi  på Universitetet i Oslo får 37 søkjarar til kvar av dei 15 plassane. – Det er eit utruleg resultat, synest Olav Gjelsvik som leier studieprogrammet.

Ein mann med briller snakkar

– UTRULEG: – Det er eit utruleg resultat, seier filosofiprofessor Olav Gjelsvik etter at det viser seg at det 37søkjarar til kvar av dei 15 plassane på det nye tverrfaglege studieprogrammet Filosofi, politikk og økonomi. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I fjor vedtok universitetsstyret forslaget om å etablera det nye studieprogrammet Filosofi, politikk og økonomi. Etter at søkjartala var klare i formiddag viser det seg at studiet har hatt ein formidabel straum av søkjarar. Kvar av dei 15 studieplassane har 37 søkjarar. Det er berre Kriminologi årseining som kan visa til endå betre tal,  og der er det  46,6 søkjarar til kvar plass. Men det prestisjetunge Honours-programmet må sjå seg slått av både Filosofi, politikk og økonomi (FPØ) og Kriminologi årseining. Det held ikkje med 10 søkjarar på kvar av dei 20 plassane i den konkurransen, sjølv om også det programmet gjer det bra.

– Filosofane er mellom dei mest attraktive på arbeidsmarknaden

For filosofiprofessor Olav Gjelsvik er denne fredagen blitt ein gledesdag.

– Ja, for det er eit utruleg resultat. Og det viser seg kanskje at trenden frå Storbritannia, USA og Danmark er på veg til Noreg. Der er filosofane blant dei mest attraktive på arbeidsmarknaden, konstaterer han. Olav Gjelsvik er leiar for studieprogrammet Filosofi, politikk og økonomi, samtidig som han også no er fast representant for dei vitskaplege tilsette i universitetsstyret.

 – Då me diskuterte forslaget om dette studieprogrammet i universitetsstyret i fjor, slutta eit samrøystes styre opp om det. Ikkje minst var det viktig med sterk støtte frå den dåverande studentrepresentanten Christen Andreas Wroldsen og ekstern representant Idar Kreutzer, fortel han.

Blei forseinka med eitt år

Arbeidet med å etablera dette faget tok til allereie i 2018. Då sende Institutt for filosofi, idéhistorie og klassiske fag (IFIKK) forslaget til det dåverande fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet.

– Men då blei forslaget avslått, noko samarbeidspartnarane ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet stilte seg undrande til, minnest Olav Gjelsvik.

Men den 12. april i fjor vedtok også fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet samrøystes forslaget om å etablera det tverrfaglege studiet. Det vil seia at faget kunne ha vore ein realitet allereie i 2019, om ikkje det første forslaget hadde blitt avvist av fakultetsstyret ved HF i 2018.

– Skal ta utgangspunkt i klimakrisa

No gler filosofiprofessor Olav Gjelsvik seg over at det er blitt etablert og at så mange søkjarar ynskjer å bli tatt opp mellom dei 15 som får plass.

– Me skal ta utgangspunkt i klimakrisa og sjå på korleis den kan løysast gjennom at økonomifaget viser korleis den økonomiske situasjonen ser ut, statsvitskap kan visa korleis krisa kan løysast politisk, medan filosofifaget kan bidra med etiske problemstillingar rundt rettferd. Ei løysing på klimakrisa kan skapa ny utrettferd for andre. Slike ting vil me ta opp, fortel han.

– Humaniorameldinga peika på at faga måtte bli meir samfunnsaktuelle. Det tar dette faget på alvor, slår Olav Gjelsvik fast.

– Idéfaga gjer det godt

HF-dekan Frode Helland er også glad for søkjarsuksessen og omfamnar faget:

– FPØ er eit tverrfagleg tilbod, og eit samarbeid mellom humaniora og samfunnsvitskap som vil vera framtidsretta og aktuelt.

– I det heile tatt er det verdt å merka seg at idéfaga generelt gjer det godt, seier Helland i ei pressemelding frå Det humanistiske fakultetet.

Årseining i filosofi er det tredje mest populære studietilbodet på HF rangert etter søkjarar per studieplass, og på 11. plass over dei mest populære studia på UiO. Det er også gode søkjartal til årseining til idéhistorie som har heile 30 fleire søkjarar enn i fjor, og dermed har dobla talet på søkjarar, går det fram av pressemeldinga frå HF.

– Eg merkar meg også at vanskelege framandspråk som japansk er etterspurde. Det tyder på at dagens unge ikkje føler noko behov for å isolera seg og lukka seg om sitt eige, seier dekan Frode Helland i pressemeldinga.

 

 

 

Emneord: Studentforhold, Studentsaker, studietilbud Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2020 13:52 - Sist endra 24. apr. 2020 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere