UiO får ein auke i talet på søkjarar med 16 prosent

Universitetet i Oslo har i år ein auke på 16 prosent søkjarar. Kvar studieplass har 3,41 søkjarar. I heile Noreg er auken på 8,7 prosent medan det er 2,6 søkjarar til kvar studieplass.  Det viser søkjartala for 2020. 

Mange studentar er samla på Universitetsplassen i sentrum

REKORDSØKING: Universitetet i Oslo har fått ein auke på 16 prosent i søkjarar til studia sine i 2020. Dei heldigaste får positivt svar og kan møta opp på velkomstseremonien på Universitetetsplassen i august. Om det blir fysisk eller digitalt, er enno ikkje avgjort. (Arkivfoto 2017)

Foto: Helene Lindqvist

Til saman har 150 784 personar søkt på opptak til høgare utdanning i år. 59,3 av dei er kvinner, medan 40,7 prosent er menn.  Lærarutdanninga får overraskande den største nedgangen i talet på søkjarar med ein tilbakegang på 8,4 prosent. Samtidig har kvar fjerde søkjar søkt seg inn på ei helsefagleg utdanning. Og det er medisin som er det mest populære studiet innanfor helseutdanningane. 

– Eg skulle gjerne ha ynskt at det var fleire søkjarar til lærarutdanningane, sa forskings-  og høgare utdanningsminister Henrik Asheim då søkjartala blei presenterte på ein pressekonferanse no i formiddag.  Han lova å jobba for at søkjartala skal betra seg dei komande åra.

– Det blir spennande å sjå kor mange som seier ja til ein studieplass. Eg håpar flest mogleg takkar ja og brukar studieplassen dei har fått, var oppfordringa han kom med. 

Nesten dobbelt så stor auke ved UiO som nasjonalt

Universitetet i Oslo har i år ein auke på 16 prosent søkjarar. Nasjonalt er auken på 8,7 prosent. UiO har no 3,41 søkjarar  per studieplass og 21 062 søkjarar har UiO som førstevalet sitt. Nye, tverrfaglege studieprogram er svært populære. Det gler rektor Svein Stølen: 

– Me er veldig glade for at UiO også i år har svært høge søkjartal. Profesjonsutdanningane våre, som medisin, psykologi og odontologi, trekkjer  som vanleg til seg dei beste studentane. Det er openbert  at endå fleire vel ei sikker utdanning i usikre tider, seier Svein Stølen i ei pressemelding frå UiO.

 

Skal fordjupa seg i klimakrisa

Studieprogrammet Filosofi, politikk og økonomi (FPØ)  som har vore kjent frå Oxford i Storbritannia  og Yale i USA sidan 1920-tallet, vert no tilbydd på UiO i Noreg. Her skal studentane fordjupa seg i klimakrisa, går det fram av pressemeldinga frå UiO. 

– Det er svært gledeleg at me har treft med dei nye studieprogramma våre. Der tilbyr me fagkombinasjonar med tanke på samfunnet sine behov og for å møta berekraftsutfordringane. Tala viser at desse programma vekkjer stor interesse hos studentane, seier Stølen.

Kriminologi årseining mest populær av dei nye fagtilboda

Universitetet i Oslo viser til at både Honours-programmet og studieprogrammet Filosofi, politikk og økonomi har svært mange søkjarar til kvar plass. Medan Honours-programmet har 10 søkjarar for kvar studieplass, kan det nye tilbodet Filosofi, politikk og økonomi skilta med heile 37,5 søkjarar for kvar plass. Begge studieprogramma må likevel sjå seg slått av Kriminologi årseining, som får 46,6 søkjarar for kvar studieplass. Også det studiet er nytt frå i år. 

Fleire yngre søkjarar

Talet på søkjarar under 20 år som søkjer seg til UiO, har også vist ein stor auke. 669 fleire 18- og 19-åringar har UiO som førsteprioritet i søknaden sin i år samanlikna med  i fjor,  står det i pressemeldinga frå Universitetet i Oslo. 

I heile landet er det størst auke i talet på førstevalsøkjarar til historiefag, mediefag, samfunnsfag og økonomisk-administrative fag, som alle opplever ein oppgang på over 20 prosent samanlikna med 2019, viser oversynet frå Samordna opptak. Det er statsråd Henrik Asheim godt nøgd med. 

– I koronakrisa har den gode digitale kompetansen og infrastrukturen i Noreg vore avgjerande for at me har klart  å halda hjula i gang. I sektorar og bransjar der digitale arbeidsmetodar er moglege, har dei blitt tatt i bruk i stor stil - på rekordtid. Sidan 2015 har regjeringa gitt meir pengar til IKT-relaterte studieplassar. Det er bra at fleire søkjer seg dit, seier Asheim i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. 

Derimot ser ikkje tala så lyse ut for lærar- og førskulelærarutdanningane, syner altså dagens søkjartal. Talet på førstevalsøkjarar til dei skule- og barnehageretta lærarutdanningane fell samla med 6,9 prosent. Med alle søkjarar inkluderte, er nedgangen på 1,3 prosent frå 2019: Frå 30 560 til 30 176 søkjarar, melder Kunnskapsdepartementet. 

– Mange tusen vil stå utan studieplass

Arbeidarpartiets talsperson for høgare utdanning og forsking, Nina Sandberg synest det er flott at søkartala til høgare utdanning går opp. Men ho fryktar at mange av dei blir ståande utan studieplass til hausten.

– Rekordsøkinga er gode nyhende, det er smart å ta utdanning i usikre tider og Noreg treng i høgaste grad fleire fagfolk og meir kompetanse for å atterreisa samfunnet etter koronakrisa. Men dessverre får mange tusen av desse ikkje studieplass, for sjølv om søkinga har auka jamt dei siste åra har ikkje høgreregjeringa fylgt opp med nok nye studieplassar, seier Nina Sandberg i ei pressemelding. 

(Oppdatert klokka 09.57 med meir om dei nye faga på UiO, klokka 10.18 med nasjonale tal og 12.46 med kommentar frå Arbeidarpartiets Nina Sandberg)

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2020 09:30 - Sist endra 24. apr. 2020 12:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere