UiO vedtok utgreiing om forskarbustader

UiO kjem truleg til å byggja ein gjesteforskarbustad på tomta ved Blindern stasjon der Parkseksjonen til Eigedomsavdelinga held til i dag. Men først kan det bli sal av dagens forskarbustader.

MOGLEGE FORSKARBUSTADER: Dette er utkastet A-Lab og LaLa Tøyen vann arkitektkonkurransen om forskarbustadene ved Blindern stasjon med.

Foto: A-Lab og LaLa Tøyen.

UiO går med planar om å byggja ei forskarbustadblokk ved Blindern stasjon.

Fakta om UiO og forskarbustader:

UiO har i dag 44 husvære, 12 hyblar og 85 leigerettar på SiO-hyblar

UiO har i framtida behov for 200 husvære og 50 hyblar

(Kjelde: Eigedomsavdelinga ved UiO)

Då universitetsstyret i går drøfta desse planane, poengterte styrerepresentant Olav Gjelsvik at dette kanskje også kunne ha negative konsekvensar:

– Eg er  redd for at det kan bli ghettoaktig på den staden, sjølv om det er bra at den er i nærleiken av UiO, sa Olav Gjelsvik.

Både Olav Gjelsvik og resten av universitetsstyret drøfta i går inngåande ei utgreiing frå Eigedomsavdelinga om forskarbustadordninga. Den inneheld eit tredelt forslag:    

Sal?

Den første delen går ut på at ordninga skal utvidast ved å selja dei bustadene som UiO eig i dag. Samtidig skal det inngåast avtale med ein profesjonell bustadutleigar om leige av dei bustadene som UiO har bruk for til internasjonale forskarar. 

Forskarbustadblokk

Det blir også føreslege å inngå ein avtale med utbyggjar om å byggja ei forskarbustadblokk på tomta til Parkseksjonen ved Blindern stasjon.  Eit sal av forskarbustadene kan gi ei inntekt på 150 millionar kroner, i fylgje sakspapira. 

Pengane skal mellom anna finansiera nye lokale for Parkseksjonen, men også vidare rehabilitering av Historisk museum eller fasadane på Rosselands hus, står det i bakgrunnsdokumenta.

Dialog med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus

Den andre delen av forslaget går ut på at universitetsstyret bestemmer at UiO først går i dialog med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) for å finna ut om det er mogleg å få til gode løysingar saman med dei. Om UiO ikkje lykkast med det, vil universitetet gå ut på den opne marknaden, går det fram av sakspapira.

Den tredje delen av forslaget går ut på at universitetsstyret ber universitetsdirektøren gjennomføra utvidingar av forskarbustadordninga som vedtatt og halda styret informert om framdrifta av arbeidet.   

– Fleksibilitet i samarbeid med SiO

I diskusjonen i universitetsstyret var det mange sterke røyster som talte for at Eigedomsseksjonen først tok kontakt med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for å festa bort tomta til SiO og lata dei byggja ei forskarbustadblokk ved Blindern stasjon. 

Styrerepresentant Olav Gjelsvik tykte det ville vera ei god løysing. 

– Det er fint med samarbeid med SiO. Det ligg ein fleksibilitet i det. Og så kan husværa omgjerast til familiebustader, om det ikkje blir interessant som gjesteforskarblokk,resonnerte han. 

Likevel såg han også negative konsekvensar med ei stor forskarbustadblokk.

– Eg er uroleg for kvaliteten, etter den erfaringa eg har som senterleiar. Eg er redd for at det kan bli ghettoaktig på den staden, sjølv om det er bra at den er i nærleiken av UiO, sa Olav Gjelsvik. 

– Måtte vera på Blindern

Assisterande eigedomsdirektør Britt Amundsen Hoel repliserte med at dei hadde drive ei spørjeundersøking blant gjesteforskarane for å høyra kva dei ville. Då var det to svært klare ynske. 

– Bustadene måtte vera i nærleiken til Blindern og ha kort veg til fellestenestene. For dei var det ikkje så viktig at dei låg i sentrum av Oslo, peika ho på. 

Vil kosta 7 millionar ekstra

I ordskiftet viste ho også til at Eigedomsavdelinga hadde vurdert kva det ville kosta å drifta desse bustadene sjølv.

– Me vil få auka kostnader på rundt 7 millionar kroner. Alternativet er å lata nokre forskarar bu i husvære til marknadspris, medan andre kan bli prioriterte opp til å bu i UiOs eigne forskarbustader. Samtidig seier SIO at slike forskarbustader også er eit satsingsområde for både OsloMet og BI, sa  Britt Amundsen Hoel. 

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe var heilt klar på at bustadformidling ikkje var UiOs oppgåve:

– Eg synest dette forslaget er veldig bra. Å gå inn med ein profesjonell bustadformidlar er betre enn å bruka UiO som det, tykte ho. 

– Er privat leigemarknad vurdert?

Ekstern representant Qaisar Farooq Akram  lurte på om Eigedomsavdelinga hadde vurdert eit fjerde scenario.

– Eg er einig i motivasjonen for å etablera desse forskarbustadene. Har de vurdert eit fjerde scenario? Å vurdera den private leigemarknaden utan å byggja ut tomta, undra han på. 

Også Anne Birgitte Rønning, som er representant for dei vitskaplege tilsette, lurte på kva som ville skje vidare:  

– Om det ikkje lykkast med SiO, vil Eigedomsavdelinga til UiO gå ut på den opne marknaden. Kan me få saka tilbake til universitetsstyret då?, spurde ho. 

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe gav henne eit kontant svar: – I forhandlingar med SiO er det no viktig at det står slik som det står, understreka ho.

– Me planlegg Kunnskapsgata

UiO-rektor Svein Stølen viste til at etablering av ei forskarbustadblokk passar fint inn i ein større plan for området.

– Me planlegg å laga Kunnskapsgata  frå Blindern stasjon til Kirkeveien, avslørte han. 

Etter eit kort ordskifte blei framlegget  til vedtak samrøystes vedtatt av universitetsstyret. Ordlyden blir derfor slik:

Universitetsstyret beslutter å utvide forskerboligordningen ved å:

a)Selge de forskerboligene UiO eier i dag.

b)Inngå avtale med profesjonell boligutleier om leie av det antall boliger til internasjonaleforskere som UiO har behov for.

c)Inngå avtale med utbygger om å bygge en forskerboligblokk på «parktomten» ved Blindern stasjon.

2.Universitetsstyret beslutter at UiO først går i dialog med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) for å avklare om det er mulig å få til gode løsninger sammen med dem. Hvis dette ikke lykkes, går UiO ut på det åpne markedet.

3.Universitetsstyret ber universitetsdirektøren gjennomføre utvidelser av forskerboligordningen som vedtatt og holde styret informert om fremdriften i arbeidet.

Universitetsstyret vedtok også samrøystes ei endring i studie- og eksamensføreskrifta som handlar om talet på praksisforsøk. Forslaget som blei vedtatt inneber at dagens praksis også blir lovfesta i studie- og eksamensføreskrifta. Derfor stemte Universitetsstyret for å leggja inn denne formuleringa:

«Dersom en student ikke består en praksisperiode i Lektorprogrammet eller i praktisk-pedagogisk utdanning, kan studenten gjennomføre samme praksisperiode bare en gang til. Fakultetet definerer hva som er en praksisperiode.»

I saksdokumenta går det fram at fordi forslaget ikkje inneber endringar i rettstilstanden for dei aktuelle studentane, har den ikkje vore på ordinær høyring.

 

 

 

Emneord: Universitetsstyret, SiO, byggeprosjekter, Bygninger
Publisert 5. des. 2018 16:24 - Sist endra 5. des. 2018 16:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere