Marte Michelet fekk både ris og ros på seminar om krigshistorie

Forfattar Marte Michelet fekk ros for å ha fått antijødiske haldningar i heimefronten fram i lyset, men ris for nokre døme på dårleg kjeldekritikk under debatten om boka "Hva visste hjemmefronten?" i dag.

MANGLAR KJELDEMATERIELL: – Det er det største brotsverket i Noregshistoria. Fråveret av kjeldemateriell er det som pregar norsk historie om deportasjonen av norske jødar, slo forfattar Marte Michelet fast under debatten om boka hennar "Hva visste Hjemmefronten? ".

Foto: Ola Sæther

Over 500 personar fann vegen til Samfunnssalen i Oslo for å vera med på møtet mellom forfattar Marte Michelet og kritikarane av boka hennar «Hva visste hjemmefronten?».

Sjølv vedgjekk ho at ho aldri hadde rekna med at boka skulle skapa så stor debatt som den har gjort dei seks vekene etter publiseringa.

– Eg var førebudd på at det kunne bli litt kontroversar og debatt, men ikkje i så stor grad som dette, sa ho under debatten som Universitetet i Oslo og HL-senteret på Bygdøy hadde tatt initiativet til.  

– Ikkje-historikarar skaper debatt

Historieprofessor Øystein Sørensen ved UiO gav tilhøyrarane først  eit overblikk over ordskiftet om og rundt Marte Michelets bok, før han konkluderte med at boka var naudsynt og hadde fortent den store debatten som den hadde skapt.  

DELTOK: Historieprofessor Øystein Sørensen (t.v.) meinte at det er ikkje-historikarar som har skapt mest debatt rundt norsk krigshistorie. Nobelinstituttets direktør Olav Njølstad gav Marte Michelet rett i at Jens Chr. Hauge hadde antijødiske haldningar i eit notat i dagboka si. (Foto: Ola Sæther)

– Samtidig er det typisk at det er ikkje-historikarar som skaper debatt rundt viktige tema rundt norsk historie, sjølv om Noreg har institusjonar med sterke faghistorikarmiljø. Boka hennar trengjer seg inn på området til faghistorikarane. På den måten kjem Marte Michelet i klasse med andre krigsforfattarar som Kjell Fjørtoft og Egil Ulateig, sa Sørensen.

– Det største brotsverket

Marte Michelet peika sjølv på at det i kampens heite kan vera vanskeleg å ta innover seg det boka eigentleg handlar om.  

– Den handlar om ein liten minoritet som blei deportert frå Noreg og send til den sikre død. Det er det største brotsverket i Noregshistoria. Fråveret av kjeldemateriell er det som pregar norsk historie om deportasjonen av norske jødar, slo ho fast.

Den danske kongen ville nekta å utvisa jødane

Ho viste til at i Danmark var det heilt motsett.

 – Der går det fram av dagbøkene til kongen at dei var førebudd på at tyskarane ville koma til å krevja at dei danske jødane skulle utvisast frå landet. Når det skjer, vil eg setja meg imot det. Eg ser på dei danske jødane som våre medborgarar som tyskarane ikkje får røra, hadde kongen sagt, viste Marte Michelet til.  

– I materiellet frå den norske heimefronten eller utefronten finst det ikkje nokre slike diskusjonar, konstaterte ho.  

Både i boka og i debatten viste ho til i notatane til leiaren for Heimefronten, Jens Christian Hauge og dei  antijødiske haldningane hans om ein polsk-jødisk medfange i Bredtveit fengsel. Nobelinstituttets direktør og Hauge-biograf Olav Njølstad gav henne rett i at Hauge hadde desse haldningane.

Feil namn på jødisk medfange

Samtidig peika historikar og statsstipendiat Bjarte Bruland på at den polsk-jødiske jøden ikkje var Eugen Levin–Dorsch, slik som det går fram av boka. Han dokumenterte at Levin-Dorsch var ein tysk jøde og vitskapsjournalist som hadde rømt frå Tyskland og kom til Noreg like etter at Den andre verdskrigen hadde tatt til i 1939.

 – Han sat aldri i fengselet på Bredtveit, derimot i eit mykje verre eitt, nemleg i Møllergata 19. Han blei til slutt sendt til ein konsentrasjonsleir, der han døydde, med den offisielle dødsårsaka hjerneslag. Det kan godt ha vore at han døydde av slag og spark frå fangevaktarane også, meinte han.   

– Ei antijødisk haldning

Sjølv om Bjarte Bruland kunne dokumentera at Eugene Levin-Dorsch aldri hadde sete i same fengsel som Jens Christian Hauge, meinte Olav Njølstad at det ikkje kunne rokka ved det Jens Christian Hauge hadde skrive om medfangen sin.

 – Det var ei antijødisk haldning. Det står uansett fast, meinte han.

– Pinleg

Marte Michelet tok også sjølvkritikk på at ho hadde berre hadde tatt med eitt døme på at motstandsmannen Gunnar Jahn hadde omtalt arrestasjonen av dei norske jødane, og at det skjedde ei god stund etterpå.

I debatten kom det derimot fram at Gunnar Jahn hadde uttrykt at han var opprørt over beslaglegginga av dei norske jødane sine eigedomar, lenge før dei norske jødane blei arresterte.

– Han nemner fleire gonger at jødiske menn blir arresterte og at tyskarane hadde varsla arrestasjon av kvartjødar og halvjødar, konstaterte Olav Njølstad.

– Der stolte eg på ei andrehandskjelde. Det er pinleg. Det må eg retta opp, sa Marte Michelet.

Fordommar i historiebok frå 1985

Historikar Synne Corell ved HL-senteret gav Marte Michelet solid støtte når det gjeld dei problemstillingane som ho tok opp i boka.

– Boka er kritisert for å vera moraliserande og etterpåklok. Den tar opp eit viktig felt der det står igjen mykje arbeid. Forteljinga om det som me trur er den felles norske motstandsrørsla. Først etter krigen blei dei norske jødane som døydde i konsentrasjonsleirane inkluderte som motstandsrørsla sine falne, peika ho på.

Etter hennar meining levde fordommane mot jødane godt i Noreg også på midten på 1980-talet.

– I ei bok frå 1985, skriv forfattaren Tim Greve, at det som var karakteristisk for jødane som blei arresterte, var at dei ikkje gjorde motstand, trekte Synne Corell fram.  

– Hadde lenger planleggingshorisont

Også ho driv på med forsking på norsk krigshistorie.

– Eg har sett dokument som tyder på at arrestasjonen av dei norske jødane hadde ein lenger planleggingshorisont enn det me trur. Me bør derfor ta denne utfordringa og diskutera funna Marte Michelet har gjort, tykte Synne Corell.

Mange massearrestasjonar i Noreg under krigen

Den pensjonerte historikaren Ole Kristian Grimnes frå Universitetet i Oslo heldt ein av dei førehandstinga kommentarane frå salen. Han tok utgangspunkt i massearrestasjonen av dei norske jødane i 1942.

IKKJE DEN STØRSTE: – Det er feil å seia at det er den største massearrestasjonen i Noreg under Den andre verdskrigen, sa historieprofessor emeiritus Ole Kristian Grimnes under debatten. Han viste til massearrestasjonane av lærarar, studentar, offiserar og politifolk. (Foto: Ola Sæther)

– Det er feil å seia at det er den største massearrestasjonen i Noreg under Den andre verdskrigen. I 1941 blei ei rekkje arbeidarar arresterte under unntakstilstanden i Oslo. Eitt år seinare blei 1200 lærarar arresterte og deporterte til Finnmark. Fleire hundre studentar blei arresterte i 1943 og sende til konsentrasjonsleirar. Og i 1943 var det også mssearrestasjonar av noske offiserar og politifolk, understreka Ole Kristian Grimnes.  

Akkurat på dette punktet var historikar Bjarte Bruland meir på parti med Marte Michelet, og han kom med ei mild irettesetjing av Ole Kristian Grimnes.

– Det er store skilnader mellom arrestasjonen av norske jødar og arrestasjonen av lærarar, studentar og andre grupper. For det er noko heilt anna når det er retta mot ei heil folkegruppe uansett alder og kjønn, understreka han.

Antijødiske haldningar i Noreg før Den andre verdskrigen

Historikaren Lars Bjørndal-Lien ved HL-senteret kunne også visa til antijødiske haldningar i norske aviser og tidsskrift som Aftenposten og Hvepsen frå midten av 1920-talet, altså over 15 år før Den andre verdskrigen kom til Noreg.

– Derfor går det ikkje an å seia at antijødiske haldningar ikkje kan ha spelt ei rolle for Noreg i ein pressa situasjon, konkluderte han med.

Seinare heldt debatten fram med bidrag frå mellom andre Hans Fredrik Dahl, Irene Levin, Mats Tangestuen, Mona Ringvej og Espen Søbye.

Heile seminaret kan høyrast på YouTube-kanalen til HL-senteret på Bygdøy.​​​​​​​

Den historiske bakgrunnen:

Hausten 1942 gjekk okkupasjonsmakta Tyskland til aksjon mot norske jødar. Til saman var det 2000 norske jødar. Tyske Gestapo, SS og norsk politi arresterte norske jødar over heile landet. Kvinner, barn og menn blei alle saman sende til Akershuskaia i Oslo. Der venta eit skip på dei.

  1. november 1942 blei 532 norske jødar frakta med skipet D/S Donau til Stettin i Tyskland. Derifrå vart dei transportere vidare i tog til konsentrasjonsleiren Auschwitz. Dei aller fleste blei drepne. Berre ni av desse overlevde krigen.

    Til saman blei 772 norske jødar deporterte for at dei skulle tilinkjegjerast under Den andre verdskrigen. 34 av dei vende tilbake.

    1200 norske jødar blei samtidig frakta over til Sverige av norske grenselosar. Ein av desse familiane var familien til den kjente pianisten Robert Levin.

    I november 2018 gir Marte Michelet ut boka «Hva visste hjemmefronten?» på Gyldendal. I boka byggjer ho opp ein tese om at heimefronten blei varsla om arrestasjonane i god tid før dei skjedde, men at det ikkje blei prioritert å gjera noko for å åtvara dei. Etter Marte Michelets oppfatning kan noko av grunnen vera antijødiske haldningar i heimefronten.

    Til saman er det skrive over 300 artiklar og debattinnlegg om boka i norske aviser etter at den kom ut for seks veker sidan. (Kjelder: HL-senteret, Wikipedia, Store norske leksikon, Aftenposten, Norgeshistorie på¨nett)

STOR INTERESSE: Marte Michelets bok "Hva visste Hjemmefronten?" har skapt stor interesse for norsk krigshistorie. I formiddag kom over 500 personar for å høyra på Marte Michelet (lengst til høgre) og faghistorikarar som Bjarte Bruland,Synne Corell, Øystein Sørensen og Olav Njølstad. Debattleiar var Guri Hjeltnes, direktør for HL-senteret (lengst til venstre) (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Historie, IAKH, minoriteter Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2018 17:31 - Sist endra 20. des. 2018 21:31

Tim Greve lå under krigen i dekning på gården der min far er født og oppvokst. Greve ble da også den voksne mannspersonen i min fars liv da hans egen far, kaptein Dagfinn Årdal, satt i tysk fangenskap - dette bla på Grini. Det å flykte var altså ikke noe ukjent begrep for Greve. Hvordan det hadde gått med ham dersom han ikke hadde flyktet, vites ikke. Men det jeg er blitt fortalt det er at bestefar først etter flerfoldige uker (tror det kan ha vært opptil et par måneder) våget å fortelle Tim Greves far, som han satt sammen med på Grini, at hans sønn var i trygghet hjemme på hans gård. Jeg kjenner igrunnen at jeg grøsser her jeg sitter, men det at en ikke kunne være sikker på om en virkelig kunne stole på noen - ei heller seg selv - er vel noe av det krigen handlet om. Akkurat dette er det nok noe vanskelig for dagens borgere og fagpersoner å forstå, men vi må aldri glemme at mange ofret mye for det de trodde på og for å redde andre. Det sitat Corell trekker fram kan da vel også i noen grad forstås ut fra Greves egen flukt og liv i dekning i en avsidesliggende bygd.

hildaard@uio.no - 21. des. 2018 09:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere