I dag tilset universitetsstyret ny universitetsdirektør - Fylg møtet på direkten!

I dag bestemmer universitetsstyret kven som får overta jobben  som universitetsdirektør etter Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.  Kristin Vinje, Arne Benjaminsen og Bjarte Reve er  truleg dei tre mest aktuelle kandidatane. 

SISTE MØTE: Rektor Svein Stølen leier årets siste møte i universitetsstyret i dag. Styret skal mellom anna tilsetja ny universitetsdirektør, 

Foto: Ola Sæther
Her kan du få med deg direkteoverføringa frå møtet i universitetsstyret. 
 
Dei mest kjende søkjarane til stillinga som universitetsdirektør er visedekan Kristin Vinje (55) ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og assisterande departementsråd Arne Benjaminsen (53) i Nærings- og fiskeridepartementet. Men også dagleg leiar Bjarte Reve i Nansen Neuroscience Network kan vera aktuell.

Medan Kristin Vinje har bakgrunn som stortingsrepresentant og finansbyråd for Høgre i Oslo, har Arne Benjaminsen ei fortid som universitetsdirektør ved Universitetet i Tromsø. Kristin Vinje har også doktorgrad i kjemi og har tidlegare jobba ved Simula-senteret på Fornebu.   Før Arne Benjaminsen blei universitetsdirektør i Tromsø,  arbeidde han som avdelingsdirektør i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. 

I tillegg til desse to er det kanskje berre ein eller to til av dei til saman tolv søkjarane som vil vera kvalifiserte til å få denne stillinga. Den største outsideren av dei er Bjarte Reve (45) som i dag er dagleg leiar for innovasjonsnettverket Nansen Neuroscience Network. Han har også arbeidt som leiar for Oslo Cancer Cluster, og nyleg har har også utvikla Helseinnovatørskolen saman med UiO, NTNU og Karolinska Institutet.  Han er partnar i konsulentselskapet Considium og har vore kommunikasjonsdirektør ved Ahus.  Også Bjarte Reve har bakgrunn som Høgre-politikar.  

Kristin Vinje har tidlegare stadfesta overfor Uniforum at ho har vore inne til intervju i samband med denne stillinga.  Noverande universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe er i ferd med å avslutta sitt andre åremål i stillinga, og ho kan dermed ikkje søkja jobben igjen.  I utlysingsteksten vert det søkt  etter ein «erfaren og dyktig leder med kompetanse innen strategisk ledelse, med omfattende erfaring fra ledelse av forvaltning og utvikling av administrasjon innenfor et bredt nedslagsfelt.»

I dag får me altså svaret på om det blir Kristin Vinje, Arne Benjaminsen eller Bjarte Reve, eller om universitetsstyret vel å tilsetja ein av dei andre søkjarane. Tilsetjinga blir avgjort bak stengde dører, slik styret kan etter offentleglovas paragraf 25.

Skal ta stilling til forskarbustadordninga

Universitetsstyret skal i dag ta stilling til ei utgreiing om forskarbustadordninga.  Forslaget styret vert bede om å vedta  er tredelt. Den første delen går ut på at ordninga skal utvidast ved å selja dei bustadene som UiO eig i dag. Samtidig skal det inngåast avtale med ein profesjonell bustadutleigar om leige av dei bustadene som UiO har bruk for til internasjonale forskarar.  Det blir også føreslege å inngå ein avtale med utbyggjar om å byggja ei forskarbustadblokk på tomta til Parkseksjonen ved Blindern stasjon.  Eit sal av forskarbustadene kan gi ei inntekt på 150 millionar kroner, i fylgje sakspapira.  Pengane skal mellom anna finansiera nye lokale for Parkseksjonen, men også vidare rehabilitering av Historisk museum eller fasadane på Rosselands hus, står det.

Den andre delen av forslaget går ut på at universitetsstyret bestemmer at UiO først går i dialog med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) for å finna ut om det er mogleg å få til gode løysingar saman med dei. Om UiO ikkje lykkast med det, vil universitetet gå ut på den opne marknaden, går det fram av sakspapira.  Den tredje delen av forslaget går ut på at universitetsstyret ber universitetsdirektøren gjennomføra utvidingar av forskarbustadordninga som vedtatt og halda styret informert om framdrifta av arbeidet.   

Merittering av utdanning og kjønnssamansetjing

I ope møte skal universitetstyret mellom anna handsama innføring av eit system for merittering av utdanningsfagleg kompetanse. Universitetsstyret skal også vedta krav til kjønnssamansetjinga blant komitémedlemar med fagkompetanse ved innstilling av faglege leiarar.   Under orienteringssaker skal styret gå gjennom status for Strategiprosess 2030, prosess for årsplan 2020-2022 og fordelinga i 2020.  Når det gjeld status for nytt personvernreglement, kjem også det opp som ei orienteringssak.

Les heile saklista til møtet i Universitetsstyret tysdag 4. desember klokka 10.00:

Møte nr. 8/2018 i universitetsstyret

Tid og sted: Møte nr. 8/2018 i universitetsstyret 4. des. 2018 10:00 - 14:00Professorboligen, Karl Johans gate 47

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden


V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 7/2018

Protokoll godkjent på sirkulasjon.

Saksdokumenter:


V-SAK 3 Ansettelse av universitetsdirektør

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 4 System for merittering av utdanningsfaglig kompetanse ved UiO

Saksnr. 2018/1189

Forsalg til vedtak:

Universitetsstyret slutter seg til arbeidsgruppens 4 hovedanbefalinger. Rektor gis fullmakt til å fastsette den konkrete utformingen av den søknadsbaserte tilleggsordningen.

Saksdokumenter:


V-SAK 5 Endring av studie- og eksamensforskriften - antall praksisforsøk

Saksnr. 2017/9957

Forslag til vedtak:
Forskrift om endring av forskrift om studier og eksamener ved Universitetet i Oslo vedtas i tråd med forslaget. Endringene trer i kraft umiddelbart.

Saksdokumenter:


V-SAK 6 Utredning av forskerboligordningen

Saksnr.

Forslag til vedtak:

1. Universitetetsstyret beslutter å utvide forskerboligordningen ved å:

a) Selge de forskerboligene UiO eier i dag.

b) Inngå avtale med profesjonell boligutleier om leie av det antall boliger til internasjonale forskere som UiO har behov for.

c) Inngå avtale med utbygger om å bygge en forskerboligblokk på "parktomten" ved Blindern stasjon.

2. Universitetsstyret beslutter at UiO først går i dialog med Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) for å avklare om det er mulig å få til gode løsninger sammen med dem. Hvis dette ikke lykkes, går UiO ut på det åpne markedet.

3. Universitetsstyret ber universitetsdirektøren gjennomføre utvidelser av forskerboligordningen som vedtatt og holde styret informert om fremdriften i arbeidet.  

Saksdokumenter:


V-SAK 7 Krav til kjønnssammensetning blant komitemedlemmer med fagkompetanse ved innstilling av faglige ledere ved UiO

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar bestemmelsen om krav til kjønnssammensetningen blant komitemedlemmer med fagkompetanse ved innstilling av faglige ledere.

Saksdokumenter:


V-SAK 8 Forslag til årsplan Enhet for intern revisjon (EIR) 2019

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret godkjenner forslag til årsplan for EIR for 2019

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1 Strategiprosess 2030: Orientering om status

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Prosess for årsplan 2020-2022 og fordeling 2020

Saksnr. 2018/13073

Saksdokumenter:


O-SAK 3 Nytt personvernreglement - status og videre tiltak

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 4 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 5 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 6 Eventuelt

 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. des. 2018 08:56 - Sist endra 4. des. 2018 08:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere