Klokka 14 i ettermiddag var det elekroniske valet på dekan ved Det humanistiske fakultetet over. Ein og ein halv time seinare kunne leiar for valstyret Toril Opsahl kunngjera at Frode Helland hadde vorte vald som dekan. Han fekk altså 66,75 prosent av stemmene. Det blei til saman avlagt 1324 vekta stemmer. Sitjande dekan Arne Bugge Amundsen fekk dermed 33,25 prosent av stemmene, melder valstyret ved Det humanistiske fakultetet.
Det blei til saman gitt 901 stemmer, av desse var 22 blanke. Dette er ein auke frå 2014, då 737 stemmer blei gjevne. Oppslutnaden om Helland er klar blant både vitskaplege og studentar, medan stemmene frå dei teknisk/administrativt tilsette er likt fordelte mellom dei to kandidatane.
62,38 % av dei vitskaplege tilsette stemte, 73,68 % av dei teknisk-administrativt tilsette og 5,59 % av studentane.
Den nye dekanperioden tar til 1. januar og vil vara til og med 2022.
Den nyvalde dekanen Frode Helland er i dag leiar for Ibsen-senteret ved Det humanistiske fakultetet Han.er professor i nordisk litteratur ved institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN), og altså senterleiar ved Senter for Ibsen-studiar. Han har tidligare vore instituttleiar ved INL, NTNU (2002-2004; nestleiar 1998-2002). Med på dekanlaget blir Mathilde Skoie frå Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) som prodekan og forskingsdekan og Gunn Enli frå Institutt for media og kommunikasjon (IMK) som studiedekan.
Logg inn for å kommentere