Ellen Dalen vald til 2.nestleiar i NTL

Ellen Dalen er vald til 2. nestleiar i hovudstyret til Norsk Tenestemannslag. I dag er ho leiar for NTL UiO.

NTLNY 2.NESTLEIAR: Ellen Dalen, leiar for NTL- UiO blei i dag vald til 2.nestleiar i Norsk Tenestemannslag. Det skjedde på landsmøtet.

Foto: Ola Sæther

Ellen Dalen (49) var forskings-og studiekonsulent i Sentraladministrasjonen, då ho for ti år sidan overtok leiarvervet i NTL Oslo etter Anita K Solhaug.  Då forlet Anita Solhaug vervet for å å bli nestleiar for NTL då Turid Lilleheie hadde leiarvervet.

Under landsmøtet til NTL blei Kjersti Barsok vald til ny leiar medan Fredrik Oftebro avanserte frå 2.nestleiarvervet til å bli 1. nestleiar,melder NTL.

• Les meir i Uniforum: Ellen Dalen foreslås som nestleder i NTL

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 7. nov. 2018 20:39 - Sist endra 7. nov. 2018 20:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere