Aud Tønnessen attvald som teologidekan

Professor Aud Valborg Tønnessen er attvald for fire nye år som dekan ved Det teologiske fakultetet.  Sidan ingen motkandidat melde seg, blei ho valt av fakultetsstyret.

ATTVALD: Aud Valborg Tønnessen er attvald som dekan ved Det teologiske fakultetet. Det bestemte fakultetsstyret 26. oktober etter at det ikkje hadde meldt seg nokon motkandidat.

Foto: Ola Sæther /Uniforum

Dekan Aud V. Tønnessen tar på seg ansvaret for å leia Det teologiske fakultetet også dei neste fire åra. Det er klart etter at ho nyleg sa ja til attval og blei formelt valt av fakultetsstyret den 26. oktober. 

I ein tekst på nettsida til TF seier Tønnessen at ho er glad for høvet til å arbeida vidare med viktige saker for fakultetet.  Med på dekanlaget sitt får ho Anders Runesson som prodekan og forskingsdekan, og Nina Hoel som studiedekan. Det vil seia at Hallgeir Elstad ikkje held fram som prodekan og forskingsdekan, medan  Oddbjørn Leirvik heller ikkje vert med vidare som studiedekan. Aud Tønnessen blei første gong vald til dekan i 2014. Då etterfylgde ho Trygve Wyller. Han blei valt første gong i 2006 etter å ha slått professorkollega Halvor Moxnes i dekanvalet. Det er førebels siste gong det har vore to kandidatar under eit dekanval ved TF. 

– Handlar om å ta ansvar

Nyvald dekan Aud V. Tønnessen seier til Uniforum at ho gler seg til å ta ein ny periode som teologidekan. 

– For meg handlar det om å ta ansvar og bidra til leiing av TF og UiO. Eg trivst som dekan og har gode kollegar ved helie UiO som eg gjerne arbeider vidare saman med. Me er på veg inn i ein ny strategiperiode, og eg opplever at TFs kompetanse og ekspertise er ettertrakta og etterspurt. Det er eit veldig godt utgangspunkt for det strategiarbeidet me skal inn i, og som eg gler meg til å ta fatt på.

– Kva er du mest nøgd med av det du og dekanatet ditt har fått til i den første valperioden?

– Forskingsrådets evaluering av humanistisk forsking viste at me har nokre av dei beste forskargruppene i teologi og religion. Me ligg i den nasjonale toppen i vitskapleg publisering. Teologi og religion på UiO skårar høgt på QS World University Ranking. Me har fått midlar til å utvikla nye studium for å utdanna til religiøst leiarskap for framtidas Noreg. Ingenting av dette kjem av seg sjølv, og det er ikkje berre dekanatet som har lykkast, men alle de hardtarbeidande og veldig kompetente medarbeidarane på TF.

– Vil byggja ein sterk forskingskultur

– Kva ynskjer du å få gjennomført dei neste fire åra?

– Det nye dekanatet har laga eit program der internasjonalt samarbeid og utveksling i utdanning og forsking står høgt på agendaen. Både Anders Runesson (prodekan for forskning) og Nina Hoel (studiedekan) har lang fartstid frå utanlandske universitet i høvesvis Canada og Sør-Afrika. Me vil gi auka støtte til internasjonalt leiarskap og forskar-sirkulasjon. Me vil byggja vidare på det me er gode på og til dømes knyta det høge publiseringsnivået til å byggja ein sterk forskingskultur og auka kvaliteten i forskingsprosjektsøknader, slik at me får større gjennomslag.

– Oppfattar ikkje attval som «walk-over»

– Ser du det som ein styrkje for deg som dekan at det ikkje melde seg ein motkandidat til dekanvervet på TF?

– Hehe, ein politikar spurte meg om eg kunne seia kva som skal til for å bli attvald, og då svarte eg jo at det sjøvsagt blir litt lettare når det ikkje finst motkandidatar. Det som har vore viktig for meg er å ta valet på alvor, og derfor vera tydeleg på kva retning og kva prioriteringar som vil prega dekanatet i den komande perioden. Eg oppfattar ikkje attval som ‘walk-over’, men som ein prosess der eg saman med det øvrige dekanatet har måtta stå til ansvar for det me har gjort og korleis TF har blitt leidd. Val inneber tillit, og det at eg har blitt vald på nytt oppfattar eg som nettopp ei tillitshandling. Det forandrar seg ikkje, sjølv om eg ikkje hadde motkandidat.

Det fornya dekanatet til Aud Tønnessen med ny prodekan og ny studiedekan, startar gjerninga si frå nyttår.

 • Les også i Uniforum frå 2014: Ny TF-dekan: – Vil sveisa saman nytilsette og veteranar

Dekanval med to kandidatar er unntaket

Seinare i dag blir det også klart kven som skal leia Det humanistiske fakultetet dei neste fire åra. Valet står mellom Frode Helland, som leier Ibsensenteret og sitjande dekan Arne Bugge Amundsen.  Det er stort sett berre på HF at det stiller opp to kandidatar under dekanvalet.

• Les også i Uniforum: Kamp om dekanvervet på HF: Frode Helland utfordrar Arne Bugge Amundsen

Dekanstoda ved dei andre fakulteta

Tidlegare i haust er Ivar Gladhaug blitt vald til ny dekan ved Det medisinske fakultetet utan motkandidat. Han etterfylgjer Frode Vartdal, som har hatt vervet i snart åtte år. Neste år skal det veljast dekan på Det samfunnsvitskaplege fakultet. Der har Nils-Henrik von der Fehr sete tre år som dekan, og han kan ta attval for ein ny valperiode. Kven som etterfylgjer Pål Barkvoll som dekan på Det odontologiske fakultetet, blir avgjort i 2020. Då vil Barkvoll ha sete i vervet i åtte år.

 I 2017 begynte Sten Ludvigsen som ny dekan på Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Han blei vald utan motkandidat. Også Det juridiske fakultetet skal ha dekanval neste år. Då vil Dag Michalsen ha hatt vervet i fire år. Han blei spurt av ein valkomité om å stilla då han sa ja hausten 2015. Det var ingen annan kandidat. Ved MN-fakultetet blei Morten Dæhlen vald til dekan for ein ny periode utan motkandidat hausten 2016.

(Oppdatert 3.11.18 med intervju med dekan Aud V. Tønnessen) 

Emneord: Dekanvalg, Teologi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 2. nov. 2018 11:43 - Sist endra 3. nov. 2018 21:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere