Harde frontar i dekanvalduell mellom Frode Helland og Arne Bugge Amundsen

– Ein open og inkluderande leiarstil. Det lovar  Frode Helland om han blir valt til dekan på HF. Sitjande dekan Arne Bugge Amundsen lovar også openheit og ei prosjektbasert leiing, om han blir attvald.  Men dei er ueinige om kven som har ansvaret for dei økonomiske problema. Det kjem fram i ein debatt Uniforum har hatt med dei to dekankandidatane på HF.

LOVNADER: Dekankandidat Frode Helland lover ein open og inkluderande leiarstil om han blir vald, medan sitjande dekan Arne Bugge Amundsen lovar kontinuitet og prosjektbasert leiing om han blir attvald. 

Foto: Ola Sæther

I månadsskiftet oktober/november er det dekanval på Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

Dette er Arne Bugge Amundsen:

– fødd i 1955

 – dekan ved HF frå 2015-2018

– førstekonservator og leiar for arkiv- og historieavdelinga ved Borgaryssel Museum, Sarpsborg, 1987-1994. Førsteamanuensis i folkloristikk, Universitetet i Oslo, 1995. Professor i folkloristikk, Universitetet i Oslo, 1996. Professor i kulturhistorie, Universitetet i Oslo, 2003.

– instituttleiar for Institutt for kulturstudium og orientalske områdestudium 2007-2014.

Om han blir attvald, vil Christine Meklenborg Salvesen bli prodekan for forsking og forskarutdanning, førstelektor Eirik Welo blir prodekan for studium og utdanning, og førsteamanuensis Ragnhild Johnsrud Zorgati blir prodekan for internasjonalisering og samfunnskontakt.

– Dette er valprogrammet til Arne Bugge Amundsen

Då stiller sitjande dekan Arne Bugge Amundsen mot motkandidaten Frode Helland, som no leier Ibsensenteret.

Dette er Frode Helland:

– fødd i 1964

– Førsteamanuensis og seinare professor (frå 2001) i nordisk litteraturvitskap ved NTNU 1997-2004. Professor II, NTNU 2004-2007. Professor i nordisk litteraturvitskap, UiO sidan 2004.

– Leiar for Ibsensenteret ved Det humanistiske fakultet 2005-2010 og 2012-dd. 

Om han blir valt, blir professor Mathilde Skoie prodekan for forsking og forskarutdanning og professor Gunn Enli blir prodekan for studium og utdanning.

– Dette er valprogrammet til Frode Helland

Uniforum har arrangert ein miniduell mellom dei to dekankandidatane rett før den store dekanvaldebatten torsdag 18. oktober.

Motivasjonen

Først bad me dei om å svara på kvifor dei ville stilla som dekankandidatar:

Arne Bugge Amundsen: – Det sitjande dekanatet har drege i gang mange spennande og viktige prosessar. Det er alltid sånn at ein fireårsperiode blir litt kort til å fullføra slike prosessar, men ein ny periode vil gjera det mogleg å fylgja dei lenger i mål. Den andre motivasjonen var at eg snakka med gode folk, fekk eit spennande nytt team på plass, og det har også gitt meg veldig motivasjon.

Frode Helland: – Eg har blitt oppfordra av temmeleg mange til å gjera det. Det er fordi me meiner me kan få til mange spennande ting og gjera ting betre, håpar me. Det er også fordi me ikkje er så nøgde med dei fire åra som dekanen er sjølv. Det er klart at om me hadde syntest alt var i orden, så hadde det ikkje vore nokon grunn til å stilla.

Eigenevaluering

Ja, Bugge Amundsen, kva er du mest nøgd med at de har fått gjennomført dei fire siste åra?

– Eg er opptatt av at det har vore fleire politiske prosessar internt og eksternt som eg meiner me har klart å posisjonera HF godt i. Ein ting er arbeidet med Humaniorameldinga, som regjeringa la fram i fjor. Den var me tett på og fylgde tett og fekk inn fleire ting som me meiner var viktige for fakultetet vårt. Det same gjeld den nasjonale humanioraevalueringa som me har jobba masse med over svært lang tid. Me hadde spennande, kritiske, men også konstruktive diskusjonar med NFR om «impact» og forskingsgrupper. Då trur eg at me gjorde nokre gode, strategiske val, som gjorde at HF i Oslo kom svært godt ut av den evalueringa.

– Internt har me hatt klare meldingar frå det sitjande og det førre rektoratet på at HF i større grad må få suksess når det gjeld EU-finansiert forsking. Det har me også jobba mykje med.

Me har hatt eit ganske offensivt karriereløpsprogram for unge og ambisiøse forskarar, og det begynner no å gi resultat. Derfor sit me no med to ERC-stipendiatar.

På studiesida har HF fått mykje kritikk for stort fråfall av studentar. Me tar mange inn, og så blir ein god del av dei borte undervegs. Det me har gjort veldig systematisk gjennom lang tid, er å sjå på kven desse studentane er, korleis er studentåtferda deira og korleis kan me respondera på den, seier Bugge Amundsen.

GOD POSISJONERING: – Eg er opptatt av at det har vore fleire politiske prosessar internt og eksternt som eg meiner me har klart å posisjonera HF godt i. Ein ting er arbeidet med Humaniorameldinga, som regjeringa la fram i fjor, seier dekan og dekankandidat Arne Bugge Amundsen. – Eg har lese fråsegna som fakultetet kom med om Humaniorameldinga. Den er eg ikkje så imponert over, som forfattaren er, seier motkandidaten Frode Helland. (Foto: Ola Sæther)

– Open og inkluderande leiarstil

Helland, du kom inn på at du ikkje var heilt nøgd med det som har skjedd i dekanperioden til Bugge Amundsen. Kva?

– Der folk vil merka skilnad frå dag ein, er at me vil stå for ein mykje meir open og inkluderande leiarstil og at me vil at folk skal bli høyrt og at alle saker skal leggjast ope fram. Det skal også vera heilt klart kva me meiner, og ikkje minst kvifor me meiner det. Derfor har me føreslått forpliktande tiltak for å styrkja demokratiet på den måten ved at me skal ha førstyremøte på fakultetet der alle, både studentar og tilsette kan koma og høyra kva som blir lagt fram og kvifor og gi sine responsar til det.

– Når det gjeld det som Arne (Bugge Amundsen) sa om fortida som han var nøgd med, så er eg einig med han i at HF gjorde det godt i humanioraevalueringa, og det er fordi det skjer mykje bra på grunnplanet. Det er mange sterke, faglege miljø her. Dei er det også viktig å fronta og jobba saman med. Eg har lese fråsegna som fakultetet kom med om Humaniorameldinga. Den er eg ikkje så imponert over, som forfattaren er. Humaniorameldinga var bra for HF fordi det står mykje godt der. Den einaste veikskapen der er at det ikkje kjem lovnader om midlar for å fylgja opp alle dei gode intensjonane i meldinga, meiner Helland.

– Skuffa

– Ja, det har ikkje kome midlar, og det er beklageleg, seier Bugge Amundsen.

– Og å laga eit høyringsinnspel fylgjer jo linja og prosessen vidare. Men det finst også mange måtar å vera i kontakt med eit departement på i prosessen. Ein ting som eg er skuffa over, og som eg blei utfordra på, er jo dette med fireårige bachelors for spesielt vanskelege framandspråk. Det var eit klart krav frå ein del av språkmiljøa, særleg på mitt gamle institutt IKOS.

– Kravet tok eg med meg inn i dekanrolla, og eg har argumentert formelt og uformelt overfor departementet om at det er heilt naudsynt å få på plass ein kvalitativ høgverdig utdanning innanfor særleg vanskelege språk. Me enda dermed med kinesisk, japansk og arabisk. Det var ein diskusjon om også russisk skulle med, men instituttet her var ikkje så ivrig på det. No veit me kva forslaget til statsbudsjett for 2019 går ut på, og der stod det ingenting om dette. Me kjem til å fylgja opp dette om me blir sitjande i same posisjon, lovar han.

Om avgått prodekan

No har det truleg vore litt diskusjonar i dekanatet ditt også sidan prodekanen din, Ellen Rees, har gått av som prodekan og markert støtte til motkandidaten din, Frode Helland. Korleis var det å oppleva det, Bugge Amundsen?

– Eg har sagt offentleg at eg blei overraska over det. For eg meiner at me har hatt eit samarbeid som har fungert bra. Eg kan berre ta til vitande at sånt skjer, men eg vil jo kreditera Ellen Rees. Ho har stått saman med det sitjande dekanatet i alle saker som me har fronta, og ho har sin del av både æra og innsatsen for det. Eg har ikkje noko å kritisera henne for når det gjeld den jobben ho har gjort.

Helland, korleis er du nøgd med at Ellen Rees støttar deg som dekankandidat?

– Ja, eg er sjølvsagt glad for å få støtte frå henne, som frå alle andre. Kva det seier utover det at ho støttar meg, det trur eg andre enn meg kan ha ei meining om, seier Frode Helland.

Lovar annan leiarstil

Du varslar ein annan leiarstil, dersom du blir vald til dekan, Helland. Kva er det som er gale med leiarstilen til Bugge Amundsen?

– Når eg seier at me skal vera opne og inkluderande, og at me har fått til eit godt team som jobbar tett saman, så ligg det også i det ei meining om korleis det har fungert under dagens dekanat. Eg synest det har vore ein tendens til at ein har halde korta altfor tett til brystet, og at det har vore vanskeleg å vita kva som faktisk blir meint i nokre tilfelle – og kvifor.

– Eg trur på at me må ha meir opne prosessar om ein skal lykkast i å vera ei tydeleg stemme utover. Så må ein også vera klar og open og ha organisasjonen med seg også internt. Dersom leiing skal verka motiverande og styrkjande på organisasjonen, så er det viktig at alle argument er framme i alle saker. Me kan godt vera ueinige. Det er bra, men usemje er lettare å handtera i ein organisasjon dersom alle veit kvifor dei avgjerdene som blir tatt, faktisk blir tatt.

Kva svarar du på det, Bugge Amundsen?

– Eg er ikkje ueinig i noko av det som Frode Helland seier no. Han nemner teamet sitt. Eg har også eit godt fungerande team. Me har snakka saman veldig mykje, og eg har fått med meg min noverande prodekan for studium, Eirik Welo.

Tre prodekanar

– Me vil representera ein kontinuitet bakover til den perioden som har vore, samtidig som eg har fått inn to nye spennande kandidatar, slik at eg har tre kandidatar, ikkje berre to, som har skorne på. Dei kjem då rett frå ein undervisnings- og forskingsrøyndom. Ragnhild Zorgati er tydeleg på at ho representerer openheit, med ynske om opne prosessar og eit dekanat som ikkje må gløyma å ta andre stemmer på alvor. Det er eg veldig glad for. Eg inviterte henne inn, nettopp for å få det kritiske perspektivet. Og Christine Meklenborg Salvesen er jo ein person som har litt av den same erfaringa og det same perspektivet – lytt til forskarane og undervisarane.

God erfaring med internasjonalt engasjement

Helland, korleis vil du skildra dine kandidatar?

– Eg har med Mathilde Skoie som forskingsdekan og Gunn Enli som studiedekan. Dei kjem frå to ytterpunkt i HF-landskapet. Latin og klassiske språk og litteratur på den eine sida, og sosiale media og den moderne medierøyndomen på den andre sida. Eg kjem jo også frå den daglege undervisnings- og forskingskvardagen på universitetet, sjølv om eg har ein leiarjobb akkurat no. Eg trur det er eit godt, sterkt og balansert team. Det er sterkt på den måten at me har rik og god erfaring med internasjonalt engasjement, internasjonal publisering og internasjonalisering generelt alle tre. Det er ein av dei tinga me vil ha trykk på også.

– Eg legg merke til at Bugge Amundsen no føreslår eit dekanat med fire personar. Eg har likevel valt å ha eit team som er organisert etter dei tre hovudsøylene til universitetet, forsking, undervisning og ein leiar som skal ha heile blikket, og så skal dei stå saman alle tre. Eg trur at internasjonalisering og samfunnskontakt er for viktig i alle ting som me driv på med ved HF, til at me skal skilja det ut som noko eige. Derfor skal det og bør det vera integrert i alt det som me gjer, meiner Helland, før Bugge Amundsen ber om ein kommentar.

Eigen prodekan for samfunnskontakt og internasjonalisering

– Eg er ikkje ueinig med Frode Helland i det perspektivet der, men grunnen til at eg har vald å ha ein eigen person i dekanteamet mitt som skal ta seg av det, er at dei perspektiva som knyt seg til samfunnskontakt og internasjonalisering, skal haldast levande i alt dekanatet arbeider med. 

Utover det så kjem me fire til å definera sju prosjekt som me skal jobba saman om. I alle desse prosjekta vil internasjonalisering og samfunnskontakt vera ein dimensjon, akkurat som forsking og studium vil vera det. Me skal jobba saman i ei prosjektbasert leiing for nettopp ikkje å sektorisera internasjonalisering og samfunnskontakt. Det er eitt moment til, for eg ser korleis nokre av institutta på HF no begynner å eksperimentera med den same leiarmodellen. IAKH til dømes har ein person i leiargruppa som har internasjonalisering og samfunnskontakt som hovudansvaret sitt. Også rektoratet har ein liknande måte å fordela arbeidet i rektoratet på, seier Bugge Amundsen.

– Eg er generelt skeptisk til tendensen til å lata organisasjonen veksa på toppen, skyt Helland inn.

ØKONOMI VIKTIG: – Økonomi blir ein viktig dimensjon i åra som kjem, nettopp for å sikra gode arbeidsvilkår og rammevilkår for dei som er tilsette her, meiner sitjande dekan og dekankandidat Arne Bugge Amundsen. (Foto: Ola Sæther)

Om HF-økonomien

HFs økonomi har også vore oppe i diskusjonen. Kva blir no gjort for å få den betre, Bugge Amundsen?

– For det første må eg seia at HF-økonomien heile tida har vore under åtak. Det er eit dilemma som dei « tørre fakulteta» alltid står overfor. Grunnløyvingane krympar relativt sett, og så blir ein meir og meir avhengige av eksternfinansiering av forsking. Nokre fakultet som Mat.nat. har eit eksternt finansiert budsjett som er like stort som det budsjettet dei har basisfinansiert, medan HF ser heilt annleis ut. Det vil seia at me er sårbare, så når rammevilkåra endrar seg, kan det brått sjå problematisk ut. Økonomistyring mellom fakultet og institutt blir viktig, men også frå UiO sentralt og mot fakultetet. Økonomi blir ein viktig dimensjon i åra som kjem, nettopp for å sikra gode arbeidsvilkår og rammevilkår for dei som er tilsette her. Samtidig krev det ein styringsdialog og oppfylging som må vera i fokus i åra som kjem.

Helland, om du blir valt til dekan, vil du gjera noko anna med økonomistyringa enn det Bugge Amundsen har gjort så langt?

ARVAR: – Eg er redd for at om me blir valde, arvar me økonomiske problem som me må ta tak i, fryktar dekankandidat Frode Helland. (Foto: Ola Sæther)

– Det er verdt å kommentera at om ein les styrepapira frå for fire-fem år sidan, så er både prognosane og den økonomiske realiteten som blir omtalt der, positiv. Det står også i valprogrammet som Bugge Amundsen gjekk til val på for fire år sidan, at dei hadde fått ei stor tilleggsløyving. Der var mindreforbruket ei utfordring. I løpet av dei fire åra som er gått, har det økonomiske biletet forandra seg radikalt. Det tyder på at det er utfordringar når det gjeld økonomistyring. Det må me ta tak i. Eg er redd for at om me blir valde, arvar me økonomiske problem som me må ta tak i. I alle fall ser økonomien vesentleg dårlegare ut enn det den gjorde då Bugge Amundsen overtok for fire år sidan. Det er det både interne og eksterne grunnar til, sjølvsagt.

Om Ibsensenteret

– Helland, du er jo leiar for Ibsensenteret og har vore i konflikt med dekan Arne Bugge Amundsen tidlegare om finansieringa av senteret. Er det beveggrunnen for at du stiller opp som dekankandiat?

– Det har du spurt meg om før, og eg trur at eg har svart på det. Det er ikkje grunnen. Det ville vore rart om ein slik enkeltsak skulle vera beveggrunnen til at ein ynskjer å bruka fire år av livet sitt på ein slik jobb. Eg hadde håpa at den saka skulle vore avgjort i april eller juni.. No er det ikkje sånn. Det får me leva med. Og eg må leva med det uansett kva som blir resultatet på møtet i fakultetsstyret om nokre få veker.

– Og du Bugge Amundsen er ikkje redd for å møta Helland i dekanvaldebatt etter å ha blitt konfrontert med han i striden om Ibsensenteret?

– Nei, eg held meg til det han seier, og då skal me møtast på dei områda som me finn grunn til å diskutera. Eg sit med ansvaret no. Denne saka og tildelingssaka for HF neste år, det er det mitt ansvar å losa i hamn, saman med fakultetsstyret. Eg gjer jo ikkje dette åleine.

– For mange ekstraløyvingar for fort

– Den økonomiske situasjonen er annleis no enn den var, også før eg begynte som dekan i 2015. Me har jobba mykje saman med universitetet, både dagens rektorat og førre rektorat og har gått gjennom dette for å finna ut kva som eigentleg har skjedd med økonomien.

Me er einige om fylgjande analyse: HF fekk for mange ekstraløyvingar for fort, og det gjorde at ein bygde opp eit enormt mindreforbruk. Med andre ord klarte ein ikkje å bruka opp pengane. Det førte til at førre rektor, inndrog 60 millionar. Og så fekk Eigedomsavdelinga dei og brukte dei på istandsetjinga av toppetasjane av Niels Treschows hus. Det var i praksis å gi me den eine handa og ta med den andre. Det var ei dramatisk endring av rammevilkåra som me ikkje hadde nokon kontroll over i heile tatt. Det kan ein vera lei seg for, men det var det som skjedde, understrekar han.

Eigenreklame

– Helland, kvifor bør studentar og tilsette ved HF stemma på deg under dekanvalet?

– Dei som meiner at universitetsdemokratiet er noko anna enn festtaleretorikk, bør stemma på oss. Om dei vil ha eit dekanat som er framoverlent og framtidsretta og forstår kor viktig digital humaniora er og vil jobba hardt for humanioras plass i eit moderne multikulturelt Noreg, bør dei stemma på oss.

– Og kvifor på deg, Bugge Amundsen?

– Dei bør stemma på meg for då får dei ein som ser at fakultetet har store moglegheiter og utfordringar i tida som kjem. Mykje er allereie sett i gang under mi leiing. Dei som stemmer på meg, får kontinuitet når det gjeld oppfylging av prioritering og utfordringar, samtidig som ein får fornying inn gjennom to nye stemmer i eit spennande dekanteam.

Eg er ikkje ueinig med Frode Hellands perspektiv i kor viktig det er med digital humaniora og universitetsdemokrati. Men eg vil leggja til at like viktig i tida framover er HFs økonomi, god framtidsretta rekruttering, og ei auka satsing på dei sentrale framandspråka.

Me må sjå nærare på dei «tunge trendane». Det skjer til dømes mykje i norsk skule, som fakultetet vårt ikkje har fylgt godt nok med på . Norsk skule skaper framtidas studentar. Det må me sjå nærare på. Me ynskjer å invitera heile HF-organisasjonen til å diskutera kva kunnskapar, kva slags kompetanse og kva slags fagtilbod me skal tilby studentane i framtida. HFs framtid er avhengig av at me finn gode svar på dei spørsmåla. Det kjem me til å arbeida for, lovar Bugge Amundsen.

Startar 28. oktober

Dekanvalet på HF startar altså den 28. oktober og held på fram til og med 2. november. Som vanleg på UiO, vert det eit elektronisk val.

DEKANKANDITATANE:  Sitjande dekan Arne Bugge Amundsen (t.v.) og leiar for Ibsensenteret, Frode Helland ynskjer begge dekanvervet på Det humanistiske fakultetet frå årsskiftet. Under dekanvalet frå 28. oktober til og med 2. november kan studentar og tilsette på HF avgjera kven av dei som får ynsket sitt oppfylt.

• Les meir i Uniforum om dekanvalet på HF:

Ellen Rees går av som prodekan på HF - støttar motkandidaten til dekanen

Kamp om dekanvervet på HF

Stiller til gjenvalg - Har innfridd valgprogrammet fra 2014

 

 

Emneord: Dekanvalg, HF, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. okt. 2018 10:52 - Sist endra 17. okt. 2018 11:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere