Ellen Rees går av som prodekan på HF - støttar motkandidaten til dekanen

Ellen Rees, prodekan for forsking og fast fungerande dekan for dekan Arne Bugge Amundsen på Det humanistiske fakultetet er løyst frå vervet sitt. Grunnen er at ho er ein av dei som har føreslått Frode Helland som motkandidat til sitjande dekan Arne Bugge Amundsen under dekanvalet seinare i haust. – Eg blei overraska, seier HF-dekanen.

GÅR AV: Ellen Rees går av som prodekan ved HF etter å føreslått Frode Helland som motkandidat til sitjande dekan Arne Bugge Amundsen i dekanvalet seinare i haust.

Foto: Ola Sæther

Det er ei kort melding på Det humanistiske fakultetets nettsider som gjer det klart at noko dramatisk har skjedd i kulissane hos dekanatet på fakultetet. Prodekan Ellen Rees har nemleg gått ut og føreslått ein annan dekankandidat enn den dekanen som ho har vore prodekan for sidan 2015. Det vil seia at ho støttar Ibsensenterets leiar Frode Helland sitt kandidatur som dekan ved HF, trass i at den sitjande dekanen, Arne Bugge Amundsen har sagt ja til attval.  No er ho tilbake som professor ved Senter for Ibsen-studiar. Nyhendet blei lagt ut på nettsidene til HF seint i går ettermiddag:

"Endringer i fakultetsledelsen

Ellen Rees er løst fra sitt verv som prodekan.

Årsaken er at hun er forslagsstiller for en konkurrerende dekankandidat i høstens valg. Rees går tilbake til sin stilling som professor ved Senter for Ibsen-studier."

Uttaler seg ikkje til media

Uniforum har vore i kontakt med Ellen Rees og ho stadfestar det som har skjedd med svært få ord. – Eg har forklart meg internt om det som har hendt. Men eg vil ikkje uttala meg meir til media akkurat no, seier ho til Uniforum.   

Prodekan sidan 2015

Under dekanvalet i 2014 stilte professor i nordisk litteratur, Ellen Rees opp som prodekankandidat for forsking for dåverande dekankandidat Arne Bugge Amundsen, medan Erik Welo var kandidat som prodekan for undervisning. Ellen Rees skulle også steppa inn som dekan, om dekan Arne Bugge Amundsen var forhindra frå å delta på eit møte. Saman vann dei dekanvalet med ei klaring på 0,4 prosent til motkandidaten Jens Braarvig og prodekankandidatane hans.

Ny prodekankandidat

Dekan Arne Bugge Amunden har allereie lansert Christine Meklenborg Salvesen som ny prodekankandidat for forsking under dekanvalet. Erik Welo tar også attval som prodekan for studium og utdanning.

– Eg blei overraska

Dekan Arne Bugge Amundsen vedgår at han ikkje hadde venta at prodekan Ellen Rees ville støtta motkandidaten hans under dekanvalet. 

 – Me har stått saman som dekanat om viktige saker sidan 2015, så eg blei overraska over at ho valde å støtta  motkandidaten min, seier Arne Bugge Amundsen til Uniforum.

OVERRASKA: Dekan Arne Bugge Amundsen vedgår at han vart overraska då prodekan Ellen Rees gjekk ut og støtta motkandidaten hans, Frode Helland i dekanvalet på Det humanistiske fakultetet. (Foto: Ola Sæther)

– Går ut av fakultetsstyret


– Prodekan Ellen Rees er også nestleiar i fakultetsstyret på HF. Vil ho med avgangen som prodekan, også vera løyst frå det vervet? 
– Då ho no er løyst frå vervet sitt som prodekan vil det seia at ho også går ut av fakultetsstyret..Prodekan for utdanning Eirik Welo og eg vil dela forskingssakene mellom oss ut året, og det blir ikkje aktuelt å finna ein ny person når det står igjen så pass kort tid av perioden, seier Arne Bugge Amundsen til Uniforum. 

Dekanvalet startar 29. oktober og held fram til og med 2. november. Den som blir vald til dekan, vil sitja i ein periode på fire år. Det er mogleg å bli attvald ein gong.

(Oppdatert 4.oktober klokka 17.56 med kommentar frå dekan Arne Bugge Amundsen)

• Les også i Uniforum:

Kamp om dekanvervet på HF: Frode Helland utfordrar Arne Bugge Amundsen

Stiller til gjenvalg - Har innfridd valgprogrammet fra 2014

  

 

Emneord: Dekanvalg, HF Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2018 12:08 - Sist endra 4. okt. 2018 18:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere