- Elbilrevolusjonen er den viktigaste innovasjonen i Noreg dei seinare åra

– Elbilrevolusjonen er den viktigaste innovasjonen som er gjort i Noreg dei seinare åra. Det viser at når politikarane legg til rette for det, kan dei få både private og offentlege til å endra åtferd.  Det seier ein av Noregs  fremste innovasjonsprofessorar, Jan Fagerberg ved UiO.

EI STOR BØR: – Alle vil identifisera seg med innovasjon og visa at dei er positive til det. For meg er det ei stor bør å oppleva «Innovasjon/Innovation» som ein del av reklamen til Accenture på alle flyplassane eg er innom, synest Noregs fremste innovasjonsprofessor, Jan Fagerberg ved UiO.

Foto: Ola Sæther

 

Fakta om Jan Fagerberg:

- fødd i 1951

- tok sosialøkonomi ved Universitetet i Bergen

- professor ved Universitetet i Oslo frå 1996, tilknytt Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved SV-fakultetet

- har tatt doktorgrad ved og samarbeidd med Science Policy Research Unit  (SPRU) ved University of Sussex i Storbritannia

- spesialisert seg i forsking der han ser på forholdet mellom teknologi (innovasjon og spreiing) og konkurranse, økonomisk vekst og utvikling.

- frå 2009 til 2011 leidde han det regjeringsoppnemnde Fagerbergutvalet som såg på  effektane av offentleg støtte til forsking og utvikling  i privat og offentleg sektor.

- han har også vore rettleiar for åtte doktorgradsstipendiatar.

- som pensjonist har han takka ja til eit deltidsengasjement ved FN-universitetet i Maastricht i Nederland.

- gav nyleg ut boka  Innovation, Economic Development and Policy på Edward Elgar publishing i Storbritannia.

(Kjelder: Wikipedia, UiO og http://www.janfagerberg.org/about/)

I heile sin forskarkarriere har professor Jan Fagerberg ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur arbeidd med innovasjon eller nyskaping.  Då han begynte med det, var han nesten åleine i Noreg om å interessera seg for temaet.  Den dagen me treffer han, er heile Forskingsparken tapetsert med reklame for innovasjonsfestivalen Cutting Edge.   Men Jan Fagerberg let seg ikkje imponera.  Han grip tak i eitt av slagorda «From science to innovation».  –Det er eit litt einsidig syn på innovasjon. I  praksis fungerer det ikkje slik,  konstaterer han tørt. 

Overlet scena til yngre forskarar

– Men er du ikkje glad for at innovasjon no er blitt eit honnørord over alt?

 – Nei, det er eg ikkje, slår han fast. 

– Alle vil identifisera seg med innovasjon og visa at dei er positive til det. For meg er det ei stor bør å oppleva «Innovasjon/Innovation» som ein del av reklamen til Accenture på alle flyplassane eg er innom.  Grunnen til dette er at det herskar ei forvirring om kva det  eigentleg dreier seg om, bortsett frå at alle ser på det som noko bra, fortel  Jan Fagerberg, som no har fylt 67 år og ikkje lenger skal førelesa som før på Universitetet i Oslo.  –   Det er betre å overlata den scena til yngre forskarar som har bruk for å tena pengar, slår han fast.   – Sjølv har eg fått eit deltidsengasjement ved FN-universitetet i Maastricht i Nederland, legg han til.

 Fagerberg har altså ikkje tenkt å kvila på laurbæra som pensjonist. Nyleg gav han ut boka  Innovation, Economic Development and Policy på forlaget Edward Elgar publishing i Storbritannia.

Marx vekte interessa for innovasjon

Jan Fagerberg begynte forskarkarrieren sin med økonomistudium ved Universitetet i Bergen.  Det var då han fekk inspirasjon til å sjå nærare på omgrepet innovasjon. – Det skjedde faktisk gjennom eit sidestudium i marxisme. Gjennom Marx blei eg merksam på at kor viktig det er at  teknologi heile tida skal utviklast og gjerast betre. Og i praksis er det jo det som er innovasjon, konstaterer han.  Etter ei kort karriere i Finansdepartementet der han jobba med langsiktig planlegging, fekk han forskingsstipend frå Noregs allmennvitskaplege forskingsråd.  Det gav han puffet han trengte for å gå vidare inn i forskarkarrieren og begynna å satsa på på det tverrfaglege forskingsområdet innovasjon.  Etter kvart enda han opp på Science Policy Research Unit  (SPRU) ved University of Sussex i Storbritannia. – Der hadde dei det fremste miljøet for innovasjonsforsking i  Europa, understrekar han.  I 1996 blei han professor ved Universitetet i Oslo, der han har vore tilknytt Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved SV-fakultetet.

VIKTIGASTE: – Den viktigaste innovasjonsoppgåva til universiteta er å utdanna studentar som kjem  ut i næringslivet og i det offentlege og der kan koma med nye og gode idear om korleis det vil vera mogleg å løysa dei problema eller utfordringane som dukkar opp på arbeidsplassen deira, seier innovasjonsprofessor Jan Fagerberg ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur på SV-fakultetet ved Universitetet i Oslo. (Foto: Ola Sæther)

 – Ein revolusjon

Og Jan Fagerberg har klare visjonar  om  kva samfunnsområde innovasjon er viktigast for akkurat no.  – Gjennom å kombinera innovasjon og berekraft kan me få høve til å omstilla samfunnet til ein økonomi som me kan leva med dei neste 50 åra. Det er nemleg klima- og styringsutfordingane som er dei viktigaste sakene akkurat no. Korleis vil det vera mogleg å skapa ein innovasjonspolitikk som kan mobilisera til ei berekraftig utvikling?, spør Jan Fagerberg. Han har allereie observert endringar i det norske samfunnet som han først ikkje trudde var moglege å få til.  – Det faktum at så mange privatpersonar og offentlege kollektivselskap har skifta ut forureinande bilar med elbilar, er ein revolusjon . På dette området har politikarane lykkast med å leggja forholda til rette for at folk endrar vanar, fordi dei ser at dei også vil ha fordelar av dei. Derfor seier eg at den største innovasjonen i Noreg i dei seinare åra, har skjedd i samferdselspolitikken,  meiner han.  

– Burde ikkje ha opna nye olje- og gassfelt

Men Jan Fagerberg har ikkje tru på at norske politikarar eigentleg har motet til å leggja om til ein endå meir berekraftig klimapolitikk.  – Dei prøver å ri to hestar samtidig. På den eine sida vil norske politikarar gjerne føra den beste og mest berekraftige klimapolitikken, samtidig som dei vil tena mest mogleg pengar på olje- og gassressursane som Noreg har. Om dei hadde meint alvor med å føra ein berekraftig politikk, burde den norske regjeringa i alle fall ikkje ha opna nye olje- og gassfelt, synest Jan Fagerberg. 

– Ein piknik i parken

 Etter hans meining vil det kunne skje dramatiske ting i verda, om ikkje me klarer å nå målet til klimamøtet i Paris om å ikkje å auka gjennomsnittstemperaturen på jorda med meir enn 1,5 grader.  

– Då synest eg synd på den generasjonen som i dag er mellom 20 og 30 år.  For då vil det vera umogleg å bu på mange av dei stadene i verda der det bur mest folk i dag.  Då vil dei begynna å vandra til dei delane av verda det vil vera mogleg å bu. Samtidig kappast mange politikarar i dag om å føra ein mest mogleg restriktiv innvandrings- og asylpolitikk.  Om me ikkje klarer å løysa dette problemet, vil flyktningkrisa i 2015, sjå ut som ein piknik i parken i samanlikning, spår han. 

– Universiteta har ei feil oppfatning

Trass i at han sjølv er forskar, avviser han at innovasjon er ei forlenging av forsking og utvikling som kan patenterast.

 – Dei aller fleste innovasjonane i  verda er ikkje patenterbare. Det er stort sett berre i den farmasøytiske at patent spelar ei hovudrolle, peikar han på. 

  – Universiteta har ei feil oppfatning om at dei spelar ei sentral rolle i innovasjon.  Og det er heller ikkje mykje innovasjon som blir skapt gjennom patent som blir verna og tatt vare på av teknologioverføringskontor . Forsking utført av forskarar i USA viser at det berre er nokre få amerikanske universitet som har klart å tena pengar på det, seier han.  Fagerberg er overtydd om kva som er det viktigaste tiltaket til universiteta på dette området.

–  Nei, den viktigaste innovasjonsoppgåva til universiteta er å utdanna studentar som kjem  ut i næringslivet og i det offentlege og der kan koma med nye og gode idear om korleis det vil vera mogleg å løysa dei problema eller utfordringane som dukkar opp på arbeidsplassen deira. Det viser også spørjeundersøkingar som EU utfører kvar år hos mange tusen bedrifter, fortel han.

 – Må inngå alliansar

Og Jan Fagerberg er klar på korleis universiteta kan klara å bli endå meir nyskapande i utviklinga mot å omdanna Noreg til eit meir berekraftig samfunn.

– Dei må inngå alliansar med til dømes miljøorganisasjonar, lokalsamfunn, bedrifter og andre og gi politikarane råd om korleis det vil vera mogleg å leggja om politikken. Politikarane vil ikkje klara det av seg sjølve, for dei blir pressa frå mange hald og har mange omsyn å ta. Men eksplosjonen i bruk av elbilar i Noreg, viser at det er mogleg å få til endring i berekraftig retning. Samtidig kunne det ha blitt gjort meir for å eksperimentera med hydrogen som energikjelde, meiner Jan Fagerberg.  

– Her har Noreg både kunnskap og ressursar, og utviklinga er framleis i eit tidleg stadium, der det er mangel på gode modellar for korleis det kan gjerast, seier han.

Då han leidde Fagerberg-utvalet i 2011, føreslo han og fleirtalet av utvalet at forskingsløyvingane burde flyttast frå toppleiinga og fakulteta på universiteta  og ned til dei einskilde forskarane.  

 – Det blei ikkje godt mottatt. Men eg er ein rebell, vedgår han.

 

 

Emneord: Innovasjon, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2018 04:00 - Sist endra 8. okt. 2018 16:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere