Blir forskingsdirektør ved UiO: – Eg gler meg til å begynna

Kristel Skorge (52) går frå jobb som leiar av FOU-seksjonen i NAV til å bli forskingsdirektør ved UiO: – Eg gler meg veldig til å begynna ved Universitetet i Oslo, seier ho. Etter planen vil ho vera på plass utpå nyåret 2019.

BLIR FORSKINGSDIREKTØR: Kristel Skorge er tilsett som direktør for Avdeling for forskingsadministrasjon ved Universitetet i Oslo. I dag er ho leiar for FoU-seksjonen i NAV.

Foto: ResearchGate.

Det var i går universitetsstyret vedtok å tilsetja Kristel Skorge som direktør for ei nyoppretta forskingsavdeling ved UiO. Då me snakkar med henne litt seinare på dagen, har ho enno ikkje tatt heilt innover seg at ho har fått ny jobb.

– Det er veldig morosamt å få stillinga som forskingsdirektør. Men det blir trist å forlata NAV etter å ha vore der i tre år, seier Kristel Skorge til Uniforum. Tidlegare har ho arbeidt som instituttleiar ved Institutt for offentleg administrasjon og velferd ved OsloMet og førsteamanuensis og underdirektør for FoU ved Universitetet i Stavanger. Kristel Skorge er dessutan dr-art. frå Universitetet i Bergen.  I tillegg har ho ein Master of Public Administration frå Copenhagen Business School. Namnet til Kristel Skorge blei halde hemmeleg då søkarlista blei kunngjort den 13. september. 

Hatt nær kontakt med forskingsmiljø på UiO

Som seksjonsleiar ved NAV FoU har ho vore i nær kontakt med forskingsmiljøa på Universitetet i Oslo. – Ja, NAV FoU finansierer ein postdoktor ved Centre for the Impact of Science ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur på SV-fakultetet. Postdoktoren forskar på korleis forskingsbasert kunnskap kan nyttast i organisasjons- og tenesteutvikling. Og dessutan er me også partnar i senter for forskingsdriven innovasjon, BigInsight. Der samarbeider me om innovasjon relatert til bruk av stordata og maskinlæring. 

Får 25 medarbeidarar

Førebels synest ho det er for tidleg å utbrodera kva visjonar ho har som forskingsdirektør for UiO. – Dei vil eg heller koma med seinare. No treng eg betre tid til å bli kjent med organisasjonen. Avdeling for forskingsadministrasjon blir jo ikkje formelt oppretta før nyttår, konstaterer ho.  Så langt ser det ut som om avdelinga ho skal leia, kjem til å få rundt 25 årsverk.

– Hadde relevant kompetanse

Kvifor søkte du jobben?

– Eg oppdaga at eg hadde relevant kompetanse og bakgrunn for stillinga. Dessutan kunne eg innfri både - og r-krava i utlysinga. Derfor fann eg ut at eg ville søkja. Det viktigaste er likevel at Universitetet i Oslo er Noregs mest spennande institusjon når det gjeld forsking. Å få vera med på å utvikla UiO er verkeleg spennande.

Når kan du begynna?

– Det har eg ikkje fått diskutert verken med leiinga ved UiO eller med leiinga i NAV. Truleg blir det ikkje før litt ut på nyåret 2019, seier Kristel Skorge. 

• Les også i Uniforum: Flere UiO-ledere kjemper om å bli universitetets nye forskningsdirektør

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. okt. 2018 09:32 - Sist endra 24. okt. 2018 09:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere