Iselin Nybø opna Forskingsdagane 2018

Det blei røyk og applaus for forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø då ho opna Forskingsdagane 2018 på Litteraturhuset i formiddag.

RØYK UTAN ELD: Det blei røyk utan eld, då forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø opna Forskingsdagane 2018 i formiddag.

Foto: Yngve Vogt /Apollon

I dag tidleg gjekk startskotet for Forskingsdagane 2018. Det blei litt kjemisk magi då statsråd Iselin Nybø opna Forskingsdagane 2018. I laboratoriefrakk og med vernebriller gjekk ho bort og slo på ei røykmaskin. Dermed blei Forskingsdagane 2018 opna med røyk utan eld.  Seinare var oppgåva hennar å kunngjera at klimaforskar Bjørn Hallvard Samset frå Cicero- senter for klimaforsking hadde blitt tildelt Forskingsrådets formidlingspris for 2018.

Høyr Iselin Nybø opna Forskingsdagane 2018:

 

Universitetet i Oslo er godt representert på Forskingsdagane. I kveld startar Det juridiske fakultetet med eit foredrag om kvardagsmotstand - jihandismen sine motførestillingar.  I dag blir det også mogleg å høyra om kva barnehagen bør gjera for å styrkja språklæring for fleirspråklege barn. Under eit anna foredrag blir det stilt spørsmål ved om forteljingane i Bibelen eigentleg er for barn. Det er det Det teologiske fakultetet ved UiO som står bak.

Og på fredag kan forskarar og publikum møta kvarandre ute på Universitetsplassen i Oslo sentrum. Då startar Forskingstorget, som varer fram til laurdag ettermiddag.

Les meir om Universitetet i Oslos bidrag til Forskingsdagane 2018.

 

 

Emneord: Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 19. sep. 2018 15:12 - Sist endra 19. sep. 2018 15:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere