Forskingstorget let seg ikkje stoppa av uvêret

Skuleelevar frå heile Oslo-området strøymer til Forskingstorget på Universitetetsplassen i dag trass i uvêret. Men stormvarselet klokka 17.00 har fått  arrangørane til å stengja ein time tidlegare enn planlagt, altså klokka 16.00.

BABYSPRÅK: Stipendiat Kristina Miljeteig frå Psykologisk instittutt forklarar korleis babyar klarar å skilja alle lydar i alle moglege slags språk til ei lydhøyr forsamling av fire skuleelevar.

Foto: Martin Toft

Det er seksjonssjef Jon Vollset i prosjektorganisasjonen for Forskingstorget som opplyser det til Uniforum.

– Då klarer me å få vekk dyrt utstyr og lause gjenstandar før det verste uveret tar til, seier han.

– Let seg ikkje skremma

Vollset er nøgd med oppslutnaden så langt.

– Skuleelevane og dei andre besøkjande let seg ikkje skremma av regnbygene. Og det hyggelegaste av alt er at alle utstillarane er svært nøgde med plassane dei har fått på Universitetsplassen, fortel han. No håpar Vollset at endå fleire kjem til Forskingstorget laurdag 22. september. – Og då er det meldt fint ver, ja til og med sol, minner han om.

SKULEELEVAR STRØYMER TIL: Skuleelevar frå heile Oslo-området strøymer til Universitetsplassen for å delta på Forskingstorget i dag. Men stormvarsel fører til at Forskingstorget må stengja klokka 16.00 i staden for klokka 17.00. (Foto: Martin Toft)

Babyspråk

Midt på plassen har Psykologisk institutt fått opp teltet sitt. På ein benk sit fire barn og fylgjer spente og lydige med når stipendiat Kristina Miljeteig forklarar korleis babyar klarar å skilja alle lydar i alle moglege slags språk.  Ho viser dei ein plansje med forskjellige lydar i heilt ulike språk som hindi, hebraisk, serbokroatisk, farsi og irsk.  Etter at miniførelesinga er over forklarar ho det nærare til Uniforum:

– Russiske babyar klarar å skilja mellom U og Y på norsk. Men vaksne russarar klarar ikkje det, så dei høyrer ikkje skilnaden mellom lus og lys, fortel ho. Og på standen til MultiLing, senteret for framifrå forsking ved Det humanistiske fakultetet var det mogleg for skuleelevar og vaksne å ta dialektprøvar. Like ved stod folk frå Det odontologiske fakultetet for å forklara kva som skjer når folk får streng på tennene. 

STRAUMFØRANDE SITRONAR: Masterstudent Erlend Hall viser Paal Arve (t.v.) og Elion frå Oslo korleis det er mogleg å få nok straum ut av sitronar til å få ein kalkulator til å fungera. – Om eg skulle fått ei lyspære til å lysa, måtte eg kanskje hatt 200 sitronar for å få det til, sa han til dei to kjemiinteresserte gutane. (Foto: Martin Toft)

 

 

– Kjempegøy

På ein scene til høgre for Aulatrappa skal studentar og forskarar frå Kjemisk institutt  fleire gonger for dagen ha ulike kjemiske eksperiment for alle dei besøkjande. I nærleiken  har Kjemisk institutt slått opp utstillingsteltet sitt. Der møter me dei to skuleelevane Elion og Paal Arve frå Oslo. Dei er svært interesserte i å fylgja med på korleis masterstudent Erlend Hall på studieprogrammet i materiale, energi og nanoteknologi (MANO) klarte å få straum nok frå fire sitronar til at han fekk ein kalkulator til å fungera. Men masterstudenten hadde det minst like morosamt som dei to gutane. 

– Det er kjempegøy å forklara og demonstrera kjemi for barn. Og dei stiller ofte spørsmål som er så vanskelege at eg får store vanskar med å gi dei eit skikkeleg svar, smiler Erlend Hall.  – For meg er det viktig å motivera barn til å ta realfag, legg han til. Til saman stiller 10 masterstudentar frå Kjemisk institutt opp på Forskingstorget. – Det er alltid rundt seks masterstudentar til stades i teltet. For oss er ikkje vêret noka hindring, sverjer han på.   

Forskingstorget har utstillarar frå både Universitetet i Oslo, OsloMet, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Equinor.  Laurdag 22. september opnar Forskingstorget klokka 10.00 og held ope fram til klokka 17.00.

Les meir på nettsidene til Forskingstorget.

 

 

Emneord: Forskningstorget, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 21. sep. 2018 14:58 - Sist endra 21. sep. 2018 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere