Bjørn Hallvard Samset er tildelt Forskingsrådets formidlingspris

Bjørn Hallvard Samset har fått Forskingsrådets formidlingspris. Han er forskar ved Cicero og har tidlegare vore forskar ved Fysisk institutt ved UiO.

TILDELT FORMIDLINGSPRIS: Cicero-forskar Bjørn Hallvard Samset er tildelt Forskingsrådets formidlingspris for 2018.Her takkar han for prisen etter kunngjeringa på Litteraturhuset i dag tidleg.

Foto: Yngve Vogt/Apollon

Det var på eit frukostmøte i Litteraturhuset i Oslo  dag forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø gjorde det kjent at klimaforskar Bjørn Hallvard Samset ved CICERO -senter for klimaforsking  er tildelt Forskingsrådets formidlingspris for 2018. Grunngjevinga  er mellom anna at han er dyktig til å formidla forsking både til barn, unge og vaksne. 

- Forskingsformidling er gøy, sa han etter at han hadde tatt imot prisen, som er på 500 000 kroner.

Statsråd Iselin Nybø hadde mykje godt å seia om prisvinnaren. - Eg vil gratulera Bjørn Hallvard Samset med prisen for framifrå forskingsformidling. Forskarar som formidlar så godt som Samset er viktige både for oss politikarar og for folk flest. Me treng kunnskap for ein opplyst debatt og for å ta gode avgjerder, og dét skal denne prisen inspirera til, seier statsråd for høyere utdanning og forskning Iselin Nybø i ei pressemelding på Forskingsrådets nettsider. Mellom tidlegare vinnarar er Henrik Svensen, Anine Kierulf og Frank Aarebrot.

Sjå når statsråd Iselin Nybø kunngjer at klimaforskar Bjørn Hallvard Samset er vinnar av Forskingsrådets formidlingspris:

 
Emneord: Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 19. sep. 2018 08:51 - Sist endra 19. sep. 2018 13:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere