Jussprofessor Hans Petter Graver og filosofiprofessor Olav Gjelsvik kjempar om leiarvervet i Vitskapsakademiet

Torsdag blir anten filosofiprofessor Olav Gjelsvik (biletet) eller jussprofessor Hans Petter Graver vald til ny preses eller leiar for Vitskapsakademiet. Begge kandidatane er fulle av lovord om kvarandre.

YNSKJER Å BLI PRESES: Filosofiprofessor Olav Gjelsvik har sagt ja til å vera kandidat til å overta vervet som preses eller leiar av Vitskapsakademiet. Jussprofessor Hans Petter Graver stiller som motkandidat.

Foto: Ola Sæther

Medlemane i Det Norske Vitskapsakademiet skal på torsdag bestemma seg for kven som skal leia Akademiet dei komande tre åra. Medisinprofessor Ole M. Sejersted går av som preses etter tre år i vervet. No har valkomiteen funne fram til to kandidatar som medlemane skal velja mellom. Det er jussprofessor Hans Petter Graver og filosofiprofessor Olav Gjelsvik, begge frå Universitetet i Oslo.

– Kan bli ei sterkare stemme enn i dag

Olav Gjelsvik har store ambisjonar på vegner av Vitskapsakademiet.

– Eg trur Vitskapsakademiet har potensial til å bli endå viktigare enn det er i norsk forskingspolitikk i dag. Det er uavhengig av både universitet og Forskingsrådet og samtidig opptatt av vitskapen si rolle og vilkår. Det er ei viktig oppgåve for oss alle saman. Akademiet kan bli ei sterkare stemme enn i dag, er han overtydd om. 

Olav Gjelsvik er ikkje i tvil om at det er eit verv som fristar han.

– Når eg ikkje lenger er senterleiar, har eg ekstra krefter til disposisjon  som kan brukast til å vera preses for Vitskapsakademiet, forsikrar han. 

– Feigt å seia nei

Filosofiprofessoren er også glad for at han nokon har føreslått han til dette vervet.  

– Det var hyggeleg å bli spurt om å stilla som preseskandidat. Det er lenge sidan nokon frå humaniora er blitt vald til preses, og difor hadde det vore litt feigt å seia nei, synest han.

– Stor sans og respekt

Olav Gjelsvik har også mykje godt å seia om motkandidaten sin, jussprofessor Hans Petter Graver.

– E­g har stor sans og respekt for den andre kandidaten. Hans Petter Graver er ein person som eg set stor pris på. Om eg taper, vil han også gjera ei god oppgåve, slår han fast.

– Verdig motkandidat 

Og jussprofessor Hans Petter Graver er ikkje snauare i omtalen av motkandidaten sin:

– Eg har stor respekt for Olav Gjelsvik og er oppriktig glad for å ha slik ein verdig motkandidat. Det seier sitt om kvaliteten og om kor viktig Akademiet er, seier han til Uniforum.  Om han blir vald, vil han arbeida for å betra tilliten mellom akademia og resten av samfunnet.

STØRSTE UTFORDRINGA; – Eg trur den største utfordringa vitskapen står overfor, er tillitskløfta mellom akademia og resten av samfunnet, noko som er dokumentert blant anna i undersøkingane i regi av Forskingsrådet, seier jussprofessor Hans Petter Graver. Han og filosofiprofessor Olav Gjelsvik knivar om å bli vald til ny preses eller leiar for Vitskapsakademiet etter medisinsprofessor Ole M. Sejersted. (Foto: Ola Sæther)

- Tillitskløft

– Eg trur den største utfordringa vitskapen står overfor, er tillitskløfta mellom akademia og resten av samfunnet, noko som er dokumentert blant anna i undersøkingane i regi av Forskingsrådet. Dette har fleire årsaker, både eksterne og innanfor vitskapen sjølv. Det er uheldig for samfunnet, fordi det bidrar til å motverka at viktige avgjerder vert trefte på grunnlag av den best tilgjengelege kunnskapen. Det er uheldig også for institusjonane innanfor akademia og fører til oppbygging av styrings- og kontrollsystem, noko me ser i stadig meir detaljerte regelverk og i diskusjonen om organisasjonsmodellar, meiner Hans Petter Graver.

– Vil gi dei enda større merksemd

Han trur at han er rett person til å skapa endå meir interesse for desse temaområda.

– Akademiet er allereie engasjert i desse spørsmåla, men eg vil gi dei ei enda større merksemd og bidra til at Akademiet får ein enda tydelegare profil og stemme i det offentlege rom. Med den utvilsame kompetansen Akademiet samlar gjennom medlemane sine, og den frie stillinga det har, er det usedvanleg vel plassert til å bidra til å auka tilliten til vitskapen. Det er motivasjonen til å søkja vervet som preses, fortel Hans Petter Graver.

Førstkomande torsdag får me vita om det vert jussprofessor Hans Petter Graver eller filosofiprofessor Olav Gjelsvik som  går sigrande ut av valet på ny preses i Vitskapsakademiet. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Videnskaps-Akademiet, Filosofi, Juss, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. sep. 2018 04:00 - Sist endra 11. sep. 2018 13:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere