På minitokt med forskingsskipet Trygve Braarud

Å dra på tokt med forskingsskipet Trygve Braarud blei straks ein av dei mest populære aktivitetane UiO stod bak på Arendalsuka. Uniforum nytta også sjansen til å ta ein tur på sjøen i Arendal

BOTNPRØVAR: Professor i marin geologi, Elisabeth Alve tok botnprøvar for å få tak i eldgamle fossilartar som kan fortelja forskarane korleis situasjonen  var i havet for meir enn 100 år sidan. 

Foto: Ola Sæther

UNIFORUM PÅ ARENDALSUKA

Korleis var livet i sjøen utanfor Arendal for 200 år sidan? Er det fare for giftalgar langs Arendalskysten akkurat no? Og kva skjer med torsken? Dette var tre av spørsmåla som forskarar frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet prøvde å gi oss svara på under den ein time lange turen med forskingsskipet Trygve Braarud.

- Lite, men godt fartøy

Alle om bord blei først helsa velkomne av dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og prorektor Gro Bjørnerud Mo. Professor i marinbiologi Stein Kaartvedt meinte det ikkje var naudsynt å undervurdera forskingsskipet Trygve Braarud sjølv om det er veldig lite. – Det kan verka litt stusseleg samanlikna med det nye forskingsskipet «Kronprins Haakon» til 1,5 milliardar kroner. Men som eit fjordforskingsreiskap, så er dette fartøyet veldig godt både til forsking og til undervisning og til miljøarbeid, sa han før han oppfordra dei besøkjande til å sjå kva forskarane på båten driv på med.

Forskingsskip møtte forskingsskip

Like etter at turen hadde starta møtte forskingsskipet Trygve Braarud Roald Amundsens gamle forskingsskip «Maud» på veg inn på ei flåte etter å ha blitt frakta heile vegen frå Grønland. Skipsvraket skulle vidare til Vollen i Asker der det blei bygt for nesten 100 år sidan. Ei lita stund tok dette møtet merksemda vekk frå forskarane på UiOs forskingsskip, men kort tid etter denne hendinga, vende folk si interesse tilbake til det forskarane viste fram.

MØTET MELLOM TO FORSKINGSSKIP: Forskingsskipet Trygve Braarud møtte Roald Amundsens forliste forskingsskip "Maud" i Pollen utanfor Arendal. (Foto: Ola Sæther)

Tett i tett med spørjelystne, både forskarar frå andre fagdisiplinar og frå folk utanfor akademia, gjorde det ikkje lett for dei tre forskarane, men dei manøvrerte fint dei spørsmåla dei fekk og alle såg ut til å vera nøgde med svara.

- Alt liv i havet er avhengig av algane

Marinbiolog Bente Edvardsen fortalde om kor viktige algane er for livet i havet.

– Manglande nedbør har ført til mindre elvetilsig som bringer næring ut til kystvatnet. Derfor er sjøen heilt klar. Alt liv i havet er avhengig av algane. Dei er maten til dyreplanktona, som er mat til fiskelarvar, som blir til mat for mindre fisk, som blir mat til større fisk, og så går det vidare oppover, slo ho fast. Forsking på planteplankton har vore svært viktig for Noreg og fiskeria, fordi det gir eit bilete av kor mykje me kan hausta, la Bente Edvardsen til.

ALGELIV: Biologiprofessor Bente Edvardsen fortalde korleis alt liv i havet er avhengig av algane. Her får dei besøkande sett ulike typar algar i laboratoriet om bord i båten. (Foto: Ola Sæther)

Og sjølv om ho er ekspert på algar, kunne ho også seia noko om korleis livet er i sjøen utanfor Sørlandet.

– Eg høyrer jo at det er veldig lite kysttorsk igjen. Ein grunn kan vera overfiske, og ein annan kan vera temperaturstiging. Det høyrer me frå fiskeforskarane våre, fortalde Bente Edvardsen.

Henta botnprøvar med kran

Medan Bente Edvardsen henta opp algeprøvar frå sjøen i ein liten pose, blei det litt meir action, då Elisabeth Alve skulle få tak i prøvar frå botnen av Pollen i Arendal. Då måtte ho festa eit svært plastrøyr til ein kran før den blei slept ut i sjøen og seinka ned i sjøen og dregen langs sjøbotnen for å kunna håva inn, før den blei hanka inn igjen.

– Desse prøvane kan fortelja oss korleis livet var i havet for til dømes rundt 100 år sidan og samanlikna med situasjonen i dag. Me kan finna det ut gjennom å bruka fossilar som lever i dag og som har levd i havet gjennom mange millionar år, og finna ut om det har vore endringar i miljøet gjennom dei siste 100 åra. Me har dateringsmåtar som bly 210 og Cesium 137. Me kan observera kva som skjedde i havet etter atomkraftulykka i Tsjernobyl, i 1986, forklarte Elisabeth Alve.

SKRYTTE AV FORSKINGSSKIPET: Professor i marinbiologiStein Kaartvedt skrytte over kor praktisk det var å driva forsking med forskingsskipet Trygve Braarud i norske fjordar. Prorektor Gro Bjørnerud Mo og MN-dekan Morten Dæhlen var mellom tilhøyrarane. (Foto: Ola Sæther)

Ser korleis klimaet har påverka algane

Inne på laboratoriet til Bente Edvardsen kan me sjå algane på ein videoskjerm via eit mikroskop. Der tar ho for seg dei ulike algane og forklarar veremåten deira. – Der er ein som kan symja. Men den der kan det ikkje. Nokre er flagellar. I Arktis er det heilt bekmørkt om vinteren. Dermed kan dei berre eta andre bakteriar, medan dei kan halda liv i seg ved hjelp av fotosyntese om sommaren, forklarte ho.

 

Og også klimaet påverkar algebestanden. – Ja, det er tydeleg at talet på varmekjære artar aukar, særleg på hausten. Dei brukte me ikkje å sjå tidlegare, konstaterte ho.

– Justerer farget etter miljøet

I eit kar på dekk sym torsk som er ei blanding av skrei og kysttorsk frå Troms. Nokre av dei er blinde, medan andre har eit fungerande syn. Torskeforskar Ketil Hylland leier eit prosjekt der dei ser på korleis den atlantiske torsken reagerer på miljøforandringar i fjordar og langs norskekysten. Målet er å få på plass eit system som kan overvaka korleis torsken blir påverka av oljeutslepp , kloakk eller industriutslepp i norske fjordar.– De ser at nokre torskar er lyse, medan andre er mørke. Dei justerer fargen etter det miljøet dei held til i, som dei fleste andre fiskeartar. Dei som er blinde ser ingenting så den blir berre svart. Torsken trivest best når temperaturen i sjøen held 8 grader. No held vatnet i karet rundt 20 grader og då slit den. Derfor legg me isbitar i vatnet for å halda temperaturen nede, fortalde Ketil Hylland. 

Kraftig nedgang i torskebestanden i Oslofjorden

Folket om bord ville gjerne vita korleis situasjonen er for torskebestanden i Oslofjorden.

– Der har torskebestanden minka kraftig. Truleg er grunnen utstrekt uttak frå fritiidsfiskarar. Det er rekna ut at fritdsfiskarane tar ut ti gonger meir enn tradisjonelt fiske i Oslofjorden,svarte han.

TORSKEN FORSVINN FRÅ OSLOFJORDEN:– Det er truleg at det er dei mange frtidsfiskarane som er grunnen til at torskebestanden går ned  i Oslofjorden. (Foto: UiB)
​​​​​​

– Regulering kan tvinga seg fram

Då Uniforum ville vita om eit forbod mot fritdsfiske i Oslofjorden kunne vera eit aktuelt tiltak, viste han til forskarkollegar ved eit anna universitet.

– Det må du spørja fagfellane mine ved NMBU på Ås om. Men ei eller form for regulering kan tvinga seg fram. Kanskje at det blir berre tillate å driva fritidsfiske i Oslofjorden i enkelte periodar i året, spådde Ketil Hylland.

Fann giftig alge

Midt under båtturren kom det eit viktig varsel. Bente Edvardsen hadde også funne ei giftalge mellom alle dei andre algane.

– Mattilsynet er varsla og dei vil dermed be folk om å avgrensa inntaket av blåskjel frå kysten rundt Arendal, åtvara Bente Edvardsen. Alle som var om bord blei dermed overtydd om at blåskjel skulle dei ikkje ha til middag den dagen.

Dei aller fleste som var om bord var ikkje ekspertar på livet i havet. Men etter minitoktet med Trygve Braarud tykte fleire av dei at dei kunne mykje meir enn dei visste frå før.

Sjå også videoen Apollons Yngve Vogt har laga om minitoktet med Trygve Braarud.

.

 

 

Emneord: Biologi, Forskning Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2018 01:00 - Sist endra 22. aug. 2018 17:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere