Jaktar på kreften sine akilleshælar

– Eg begynte på farmasi fordi eg hadde lyst til å jobba i den farmasøytiske industrien. Eit tilfeldig møte gjorde at eg kom inn i kreftforskinga, seier medisinprofessor Harald Stenmark.

SPESIELT: – Ja, eg saknar å sjå i mikroskop sjølv. Det er veldig spesielt å vera den første som oppdagar noko heilt nytt i eit mikroskop, seier medisinprofessor Harald Stenmark, vinnaren av Universitetet i Oslos forskingspris for 2018.

Foto: Ola Sæther

Måndag 3. september stiller Harald Stenmark opp på Universitetets årsfest i Aulaen for å ta imot UiOs forskingspris for 2018. Til dagleg sit Harald Stenmark på kontoret sitt i forskingsbygget til Radiumhospitalet for å skaffa pengar til alle forskingsprosjekta ved eit nytt senter for framifrå forsking som han leier, Senter for kreftcelle-reprogrammering Han tar imot oss nede i kantina og tar oss med opp på kontoret. Der har biletet av dottera hans fått heidersplassen på kontorpulten hans. 

– Gratulerer med UiOs forskingspris!

 – Tusen takk for det. UiOs forskingspris er stor for meg. Mange viktige forskarar har fått den prisen tidlegare. Ein av dei var rettleiaren min, avdøde medisinprofessor Sjur Olsnes. Det er fint å kjenna at eg fylgjer i hans fotspor, fortel han.

I grunngjevinga for å gi han UiOs forskingspris står det store ord om Harald Stenmark. Mellom anna blir det peika på at han: "har bygget opp et internasjonalt meget anerkjent forskningsmiljø, og leverer nyskapende og original forskning som bidrar til å sette Universitetet i Oslo på verdenskartet. Allerede i ung alder etablerte han seg som en ledende forsker innen basal kreftforskning og cellebiologi. Han har stått for en rekke internasjonale gjennombrudd og kan vise til usedvanlig høy forskningskvalitet og evne til å fornye seg som forsker over tid."

Fekk tilbod om ledig stilling

Det er ikkje lett å tru at Harald Stenmark eigentleg aldri hadde nokon plan om å enda opp som kreftforskar.

– Etter oppveksten i Honningsvåg og Brønnøysund begynte eg på farmasi ved Universitetet i Oslo. Målet var å få seg jobb i den farmasøytiske industrien og vera med på å utvikla nye medisinar. Då eg var godt i gang med hovudfaget, høyrde eg på eit engasjerande foredrag av medisinprofessor Sjur Olsnes frå Radiumhospitalet. Etterpå snakka eg litt med han, og han fortalde meg at han hadde ei ledig stilling som han kunne tilby meg. Etter kvart blei han også rettleiaren min, då eg tok doktorgraden i cellebiologi, fortel Harald Stenmark til Uniforum.

– Då eg begynte på doktorgraden, forstod eg nokså raskt at det var ganske avgrensa med farmasøytisk industri i Noreg. Så då eg fekk høvet til å ta doktorgraden ved Radiumhospitalet, tok eg sjansen på det, seier han. Seinare var han ein av dei første forskarane frå UiO som fekk pengar til å etablera eit senter for framifrå forsking. I ti år leidde han SFF-senteret Senter for kreftbiomedisin ved Radiumhospitalet.

Møtte kona på jobben

Bortsett frå eit tre år langt forskingsopphald i Heidelberg i Tyskland, har heile forskarkarrieren hans gått føre seg på Radiumhospitalet. – Ja, eg møtte endåtil henne som seinare blei kona mi på laboratoriet på Radiumhospitalet, sjølv om ho opphavleg kjem frå Kina. Ho var også doktorkandidat den gongen, fortel han. For Harald Stenmark handlar det ikkje om at han ikkje har utferdsstrang. – Nei, Radiumhospitalet er den aller beste plassen for kreftforsking i Noreg, konstaterer han.

NY BEHANDLING:  – I det nye senteret er me på jakt etter kreften sine akilleshælar. Det vil seia at me jaktar på dei svake punkta for å kunna ufarleggjera kreftcella gjennom heilt ny behandling, fortel medisinprofessor og senterleiar Harald Stenmark ved Radiumhospitalet og UiO, (Foto: Ola Sæther)

Celler som kjem ut av kontroll

Harald Stenmark har sjølv drive med den basalmedisinske delen av kreftforskinga.

– Spesialiteten min er cellebiologi. På det området har eg sett på celler som kjem ut av kontroll. Eg ser på kva som går gale når ei celle kjem ut av kontroll og blir til ei kreftcelle. Faren for at det skal gå gale, aukar med alderen, seier han.

Harald Stenmark passar heile tida på å gi mykje av æra for at han blei kreftforskar til læremeisteren og rettleiaren Sjur Olsnes. – Sjur var flink til å ta i bruk ny teknologi på slutten av 1980-talet. Han begynte med genteknologi. For meg var det også spennande å forska på genar. Derfor ville eg læra meg endå meir om molekylærbiologi etter å ha fullført doktorgraden, fortel han.

Gir Sjur Olsnes æra for at han kom tilbake

Det var grunnen til at han tok sjansen på å dra til Heidelberg i Tyskland. – Der var dei verdsleiande både på genteknologi og på mikroskopi. Dei hadde mellom anna konfokale mikroskop. Ved hjelp av laser kunne du med eit slikt mikroskop sjå det som er inne i ei celle mykje tydelegare enn det som var mogleg før. Slik får me inn mykje meir informasjon enn det som er tilfellet med andre mikroskop. Sjur Olsnes sørgde for finansiering til innkjøp av eit slikt mikroskop til Radiumhospitalet. Dermed kunne eg halda fram med forskinga mi frå Heidelberg her på Radiumhospitalet, fortel han.

Seinare fekk han ei eiga forskargruppe på Radiumhospitalet finansiert av Kreftforeininga.  Snart blei han også leiar for eit senter for framifrå forsking, Senter for kreftbiomedisin, som blei tildelt til saman 100 millionar kroner. Nyleg har det nye SFF-senteret Senter for kreftcelle-reprogrammering, som han er leiar for, fått tildelt 167 millionar kroner frå Forskingsrådet. – Dette nye senteret har eit heilt anna fokus enn tidlegare senter. Det førre senteret såg på kva som kjenneteiknar kreft, og prøvde å kartleggja biomarkørar. Det gjer det mogleg å utvikla persontilpassa kreftbehandling.

– På jakt etter kreften sine akilleshælar

Men målet til det aller nyaste senteret er også banebrytande.

– I det nye senteret er me på jakt etter kreften sine akilleshælar. Det vil seia at me jaktar på dei svake punkta for å kunna ufarleggjera kreftcella gjennom heilt ny behandling. Det kan me få til i framtida anten gjennom nye medisinar eller gjennom genteknologi, forklarar han optimistisk.

Harald Stenmark har stor trur på at ny og revolusjonerande teknologi kan hjelpa kreftforskinga endå lenger framover.

– Utviklinga innanfor cellebiologi har vore heilt enorm. Gjennom DNA-sekvensering er det mogleg å gjera analysar av alle genane i ein kreftsvulst. Samtidig har utviklinga i bioinformatikk og molekylærmedisin vore viktig for oss kreftforskarar, seier han.

– Eg saknar å sjå i mikroskop sjølv

Harald Stenmark skryter gjerne av arbeidsplassen sin.

– Det er eit kjempegodt forskingsmiljø, og me har veldig god rekruttering av forskarar frå heile verda. Dessutan er det bygt ut ein god infrastruktur av vitskapleg utstyr, ikkje minst innanfor mikroskopi. Den økonomiske støtta til forskargruppa vår kjem frå Universitetet i Oslo, Radiumhospitalet, EU, Det europeiske forskingsrådet (ERC) , Forskingsrådet, Helse Sør-Øst og Kreftforeininga. Det var også Kreftforeininga som finansierte den første forskarstillinga eg fekk, slik at eg kunne etablera ei eiga forskargruppe, minnest han.

Som sentereiar blir det mykje administrasjon og skriving av søknader for å be om ekstern finansiering av forskingsprosjekta på senteret. Harald Stenmark lengtar av og til tilbake til livet som vanleg forskar. – Ja, eg saknar å sjå i mikroskop sjølv. Det er veldig spesielt å vera den første som oppdagar noko heilt nytt i eit mikroskop.

– Vekas høgdepunkt

Livet hans begynte i Honningsvåg i Finnmark. Men det er lenge sidan han har vore tilbake til kystsamfunnet der han budde som barn. – Nei, eg har ikkje nokon familie der lenger. Men sommaren 1997 oppheldt eg meg i Honningsvåg då eg hadde sommarjobb som apotekstyrar på det lokale apoteket.

Ein gong i veka tar Harald Stenmark seg fri for å gjera noko heilt anna enn å jobba som leiar for eit kreftforskingssenter. – Då spelar eg five-a-side-fotball med andre tilsette ved Radiumhospitalet. Det er vekas høgdepunkt, slår han fast.

SKRYTER OVER RADIUMHOSPITALET: – Det er eit kjempegodt forskingsmiljø, og me har veldig god rekruttering av forskarar frå heile verda, seier medisinprofessor Harald Stenmark, som er tildelt UiOs forskingspris for 2018. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Kreftforskning, UiOs priser, Medisin Av Martin Toft
Publisert 31. aug. 2018 03:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere