- Akademia har høg legitimitet i å vera på Arendalsuka

- Universitetet i Oslo og dei andre utdanningsinstitusjonane har høg legitimitet i å vera på Arendalsuka. Det er heller grunn til å stillla spørsmål ved kvifor direktorat og kommunar deltar. Det seier stipendiat Ketil Raknes ved Høyskolen Kristiania som denne veka har publisert ein rapport om Arendalsuka. 

KUNNSKAP - Universiteta og resten av akademia bidrar til både det saklege og kunnskap, meiner stipendiat Ketil Raknes ved Høyskolen Kristiania.

Foto: Ola Sæther

UNIFORUM PÅ ARENDALSUKA

- Arendalsuka har aller mest å seia for dei store og profesjonelle aktørane. Eg trur UiO vil ha nytte av å ha vore her, konstaterer stipendiat Ketil Raknes frå Høyskolen Kristiania.  Saman med medforskar Dag Wollebæk har han skrive forskingsrapporten «Deltagelse teller, ressurser avgjør. - Hvem vinner og hvem taper på Arendalsuka». Det inngår i eit større forskingsprosjekt i POLKOM, Senter for studier av politisk kommunikasjon ved UiO.

- «Deltagelse teller, ressurser avgjør» er eigentleg ei omskriving av det gamle sitatet til statsvitaren Stein Rokkan, Stemmer tel, ressursar avgjer. Arendalsuka er ein open arena og ein god arena for temmeleg mange. Dei ressursskilnadane som finst elles i det norske demokratiet avspeglar seg også her, konstaterer han. 

- Modererande effekt

- No er Universitetet i Oslo på plass med 32 arrangement og har investert 500 000 kroner på å vera på Arendalsuka. Trur du det har nokon effekt?

- Me må tenkja på dette på to måtar: Det er ei utfordring for Arendalsuka at så mange har ein så tydeleg agenda og forsøker å vri debattar og andre ting i si retning. Derfor trur eg utdanningsinstitusjonene kan ha ein modererande effekt for her presenterer dei både det saklege og kunnskap. Eg trur det er viktig at forskarar deltar i desse panela som er her også. Når det er sagt, så må me alltid kunne diskutera pengebruk når det gjeld offentleg finansierte institusjonar, svarar han. 

- Høg legitimitet

Ketil Raknes synest ikkje det er nokon grunn til at UiO ikkje skal vera til stades. 

- Universitetet i Oslo får sjølvsagt svara på det sjølv når dei oppsummerer dette. Men om me skal diskutera offentleg sektor, så er det mykje større grunn til å gjera det for andre enn utdanningsinstitusjonane. Dei konkurrerer om studentar og  har behov for kontakt med dei politiske miljøa. Dei blir oppfordra frå politisk side til å ha endå meir fokus på formidling av forsking. Derfor har dei høg legitimitet i å vera til stades på Arendalsuka, slår han fast. Men han tykkjer det er meir tvilsamt at andre offentlege aktørar er til stades.

- Det du kan stilla spørsmål ved er statlege direktorat og kommunar. Kvifor skal dei vera her og bruka pengar på det? Eg veit at det går føre seg ein debatt blant enkelte aktørar i offentleg sektor om du skal vera på Arendalsuka eller ikkje og om det er ein del av mandatet ditt, seier han.  

- Positivt inntrykk

UiO-rektor Svein Stølen har fått eit godt inntrykk av Arendalsuka og er nøgd med korleis arrangementa har vist fram mykje av det som skjer på Universitetet i Oslo.

- Me skal evaluera veka, og då er eg opptatt av kva fagfolka våre tenkjer, men eg har eit positivt inntrykk. Dei ulike faglege arrangementa har spegla mykje av UiOs store breidde og har  vend seg til ulike målgrupper; forskarar, politikarar, studentar og pasientar har deltatt i panel og diskusjonar. Denne nære kontakten og dialogen mellom akademia og samfunnet er svært viktig, konstaterer Svein Stølen. Han trur at bidraga til UiO utgjer ein skilnad.

- Arendalsuka er ein arena der kunnskap møter politikk. Men det er få kritiske røyster, og mange solskinnshistorier der aktørar er opptekne av å visa kor blanke dei er i pelsen. Slik sett er det viktig at universiteta og forskarar tar ein større plass. Det var utgangspunktet for arrangementa våre. Rektoratet må vera og var tydelig til stades.. Me var til stades  som leiarar, og me  var til stades som fagfolk på felta våre. Likevel, det er dialogen vår med samfunnet gjennom arrangementa  dei mange sterke fagfolka våre  er i sentrum som er det viktigaste for UiO. Me bidrog til at tema som religiøse leiarar, sjølvmord, språkpolitikk, kulturkriminalitet etc fekk plass, understrekar Svein Stølen.

Pengane bestemmer

Den generelle tendensen når det gjeld kva effekt Arendalsuka har for organisasjonane, er ganske tydeleg, viser funna i forskingsrapporten Ketil Raknes og Dag Wollebæk står som forfattarar av.

- Jo meir pengar du har og jo fleire medarbeidarar du har med spesifisert politisk kompetanse, jo betre resultat får du gjennom å etablera nettverk med politikarar, du får møte med politikarar og du er flinkare til å forma alliansar med andre organisasjonar, opplyser Raknes til Uniforum. 

Undersøkinga blei gjort i forkant og etterkant av Arendalsuka 2017. Kartlegginga deira viser at den største deltakargruppa er frivillige organisasjonar med nær halvparten av deltakarane. Deretter fylgjer yrkes- og næringsorganisasjonar (26 prosent), offentlege institusjonar (17 prosent) og private bedrifter (9 prosent). Om lag ein tredjedel av deltakarane brukte 100 000 kroner eller meir på deltakinga. 

- Føler dei ikkje får gjennomslag

- Er det dei mest profesjonelle organisasjonane som har mest effekt av å vera til stades her?

- Ja, og då handlar det både om pengebruk og talet på tilsette. Det er eit slags mål på profesjonalisering. Me ser at i den andre enden at dei frivillige organisasjonane utmerkjer seg ved at dei brukar minst pengar og har færrast profesjonelle tilsette. Det ser me også utifrå det dei frivillige organisasjonane seier. Dei føler at dei ikkje får den typen gjennomslag av den typen som organisasjonar som LO og Næringslivets hovudorganisasjon har, nettopp fordi dei har ein privilegert posisjon. 

Alle trur dei skal få stor merksemd her, men det kan vera litt vanskeleg når det er over 1000 arrangement på ei veke. Mange må ha få tilhøyrarar?

- Ja, men det dei seier er jo at den viktigaste grunnen til at dei er her er å knyta nettverk med politikarar og andre som tar avgjerder. Alle vil ha statsråden til sitt arrangement. Det gjeld også universiteta. Alle vil ha kunnskapsministeren eller forskningsministeren til å koma. Men dette er litt  som å vera på ein stor forskingskonferanse. Det er alltid nokre panel som vil gå veldig  bra, medan andre er heller skrinne. Det er avhengig av tidspunkt også.  Så handlar det også om å laga attraktive ting, trekkjer han fram. 

- Lanserer rapportar

Dermed viser Ketil Raknes til noko som alltid skjer på Arendalsuka. 

- 30 prosent av dei organisasjonane som er her, lanserer rapportar. Skal du skriva ein rapport, krev det ein viss grad av ressursar. Du må gjerne ha juristar, økonomar, og nokon som kan politikk. Eit døme er Perspektivmeldinga til NHO. Den fekk dei ein god del mediedekning  av også. NHO har eit kjempestort sekretariat, samanlikna med dei frivillige organisasjonane. Derfor får dei store organisasjonane eit overtak også i media, fortel han.

- Den andre sida me ser, er at dei fleste organisasjonane er skuffa over mediedekninga. Det er ei forklaring på det. For alle viktige organisasjonar i Noreg pressar alle innsala sine inn på ei veke. Journalistane me har snakka med elskar jo dette. Dei kan velja og vraka i gode utspel, medan organisasjonane står og ventar i køen, har Ketil Raknes registrert. 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 17. aug. 2018 17:56 - Sist endra 19. aug. 2018 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere