UiO-forskar Francesca R. Jensenius fekk utdelt Nils Klim-prisen

Å vera forskar er litt som å vera toppidrettsutøvar, meiner Francesca R. Jensenius, vinnar av årets Nils Klim-pris.

PRIS: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (t.h.) delte ut Nils Klim-prisen til Fransesca R. Jensenius. Bak står Sigmund Grønmo, styreleiar for Holbergprisen.

Foto: Tor Farstad/UiB

– Familien min og eg spøker ofte når me ser sportssendingar og idrettsutøvarane får spørsmål om kva dei føler no. Det hadde vore fint om akademikarar òg kunne fått dette spørsmålet: «Kva føler du no når du har fått denne bokkontrakten»?

Francesca R. Jensenius hadde tydelegvis ei god kjensle onsdag. Under ein høgtideleg seremoni i universitetsaulaen mottok ho årets Nils Klim-pris.

– Det er ei stor ære å få denne prisen, det er mange talentfulle, unge forskarar der ute, sa Jensenius, ifylgje På Høyden.

– Det er mange eg vil takka i dag. Akademisk arbeid kan ofte vera einsamt, men det er òg lagarbeid. Eg vil takka både mentorar, kollegaer, familie og venner. Nokre av dykk har lese manus, andre har eg hatt interessante samtalar om arbeidet mitt med, nokre har valt å tilsetja meg – og nokre av dykk tvingar meg til å ta ein pause og gå ut i sola og eta is.

Tverrfagleg

Livet som forskar kan vera litt som ein toppidrettsutøvar sitt, meiner Jensenius: Hard trening, mykje reising, nederlag – og korte augneblink av glans og prakt.

I løpet av sine 35 første leveår har ho fått gjort mykje: Utdanning frå mellom anna UiO og Duke university, doktorgrad frå Berkeley, forskarstilling ved

Norsk Utenrikspolitisk Institutt og no førsteamanuensisstilling ved Institutt for statsvitenskap ved UiO. Ho har særleg jobba med valsystem i India.
 
– Jensenius fyller alle kriteria for å få Nils Klim-prisen. Ho er ein framifrå forskar som i dag arbeider innan ulike disiplinar: Utviklingsstudium, kjønnsstudium, komparativ politikk og komparativ økonomi, sa Sigmund Grønmo, styreleiar for Holbergprisen, då han introduserte prisvinnaren.
Ie

Vil dela data

Grønmo trekte òg fram at Jensenius villig deler forskingsdata med andre. Sjølv sa ho i takketalen at måten ein forskar på, og mengden data ein har tilgjengeleg, har endra seg dei siste tiåra.

– Dette gjer at det er heilt naudsynt å både finna gode måtar å dela data på, og måtar å enkelt kunne gi tilgang til forskingsresultat på.

Nils Klim-prisen er på 500 000 kroner. Forskarane som får prisen må vera 35 år eller yngre når dei vert nominerte.

• Les om Holbergprisen: Ein enkel song om likeverd

Emneord: Priser, Statsvitenskap Av Hilde Kristin Strand /På Høyden
Publisert 7. juni 2018 10:46 - Sist endra 7. juni 2018 10:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere