Kongeparet besøkjer Vikingskipshuset

Kong Harald og Dronning Sonja kjem på besøk til Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo tysdag 15. mai kl. 15.15.  

SISTE BESØK: Sist gong Kong Harald og Dronning Sonja var på felles besøk på Universitetet i Oslo, var under 200-årsjubileet i 2011. Då tok dei også med seg Dronning Margrethe av Danmark til hovudmarkeringa i Universitetets aula. Den gongen blei dei tatt imot av dåverande UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

Foto: Ola Sæther

Vikingskipshuset på Bygdøy får storfint besøk tysdag 15. mai. Då kjem naboane frå Bygdøy kongsgård, Kong Harald og Dronning Sonja på offisielt besøk.  Dei vil få ei innføring i planane for det nye Vikingtidsmuseet, og dei vil også få ei orientering om arbeidet som no går føre seg for å ta vare på den norske verdsarven, går det fram av ei pressemelding frå Kulturhistorisk museum.

Kongeparet blir tatt imot av ordførar Marianne Borgen (SV), som skal introdusera dei for vertskapet, som er rektor Svein Stølen, assisterande universitetsdirektør Tove Kristin Karlsen, museumsdirektør Håkon Glørstad og styreleiar for Kulturhistorisk museum, Eilif Holthe. Det blir første gong kongeparet besøkjer UiO saman sidan 200-årsjubileet i 2011. Då deltok dei saman med dronning Margrethe av Danmark under hovudmarkeringa i Universitetets aula den  2. september. Besøket til kongeparet vil vara i rundt ein time.

På grunn av det kongelege besøket vil Vikingskipshuset vera stengt for publikum frå klokka 14.00 til klokka 17.00  den 15. mai. Men museet vil halda ope fram til klokka 19.00 den dagen.  Altså vil det stengja ein time seinare enn normalt. 

Vikingskipshuset er ein del av Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Det skal no etablerast eit nytt Vikingtidsmuseum som skal byggjast opp rundt det eksisterande Vikingskipshuset. Det nye museet blir tre gonger så stort og skal romma verdast fremste samling av gjenstandar frå vikingtida.

Dersom Vikingstidsmuseet kjem med i statsbudsjettet for 2019, er planen at det kan opnast for publikum mellom  2024 og 2025. Det første teiknet på om det skjer, kan dukka opp allereie den dagen kongeparet skal besøkja Vikingskipsmuseet. Den 15. mai klokka 10.00 blir nemleg regjeringa sitt framlegg til revidert statsbudsjett lagt fram i Stortinget.

  • Les også i Uniforum: Hylla Universitet i Oslo på 200-årsdagen

  • Les også i Uniforum: Kongepar og presidentpar besøkte HF-institutt

  • Les også i Uniforum: Universitetets store dag - 2.september 1999

 

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene, Kulturhistorisk museum, Kongelege besøk Av Martin Toft
Publisert 8. mai 2018 05:00 - Sist endra 14. mai 2018 12:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere