Robert Langlands mottek prisen for det radikale arbeidet sitt med å sameine matematiske område som tidlegare har vore sett på som utan slektskap, står det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Teoriane til Langlands vart utvikla då han var ein 30 år gammal amanuensis ved Princeton-universitetet. I juleferien skreiv han eit brev på 17 sider til den store franske matematikaren André Weil og skisserte nokre av dei nye matematiske innsiktene sine.
“Dersom De er villig til å lese dette som rein spekulasjon, vil eg setje pris på det,” skreiv han. “Viss ikkje, er eg viss på at De har ei papirkorg tilgjengeleg.”
Heldigvis enda ikkje brevet opp i ei papirkorg. Det innleidde ein teori som skapte ein heilt ny måte å tenkje matematikk på, og blei starten på eit heilt prosjekt. Dette prosjektet fekk namnet Langlands-programmet, og har engasjert hundrevis av verdas beste matematikarar gjennom dei siste femti åra. Ikkje noko anna prosjekt innan moderne matematikk har hatt eit så breitt målområde, produsert så mange djuptpløyande resultat og sysselsett så mange.
I kveld klokka 19.00 inviterer regjeringa Abelprisvinnar Robert Langlands til bankettmiddag i Oslo rådhus.
• Les også i Uniforum: Abelprisen til Robert Langlands
(Oppdatert klokka 12:08)
Logg inn for å kommentere