IT-avtale verdt 152 millionar klar til styrebehandling

Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, NTNU og Universitetet i Tromsø har fått klar ein avtale om å investera 152 millionar kroner i ei ny felles løysing for lønn, personal og økonomi.

LEIDDE FORHANDLINGAR: Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved Universitetet i Bergen har leidd forhandlingane om ein avtale for ei ny, felles løysing for lønn, personal og økonomi for dei fire eldste universiteta.

Foto: Ingvild Melien / På Høyden

Avtalen er inngått med det statlege Direktoratet for økonomiforvalting, melder OsloMets avis Khrono. Etter planen skal styra for dei fire universiteta slutta seg til avtalen før sommarferien. Om det skjer, kan det bli oppstart med etablering av felles løysing for lønn, personal og økonomi frå hausten 2018.

Dersom styra seier ja til avtalen, vil det seia at størsteparten av sektoren er på veg over i ein SAP/Agresso-plattform.  Det langsiktige målet er at alle institusjonane skal samordna løysingane sine, skriv avisa.   Universitetstyret i Bergen får saka først til handsaming. Det skjer i morgon 31. mai. Då skal den sluttforhandla avtalen mellom BOTT-samarbeidet og Direktoratet for økonomiforvaltning opp.  

Universiteta skal til saman betala 152 millionar kroner i kostnader med oppstarten for å koma inn i ei felles løysing for lønn, personal og økonomi. I tillegg vil det koma ei rekning på 91 millionar kroner i året for å drifta løysingane.  NTNU og UiO skal betala høvesvis 54 millionar og 41 millionar kroner av den samla oppstartssummen. Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø sine bidrag er på 29 millionar og 28 milllionar kroner, melder Khrono.  Universitetsstyret ved UiO har sitt siste møte før sommarferien 19. juni. Då kjem truleg IT-avtalen til endeleg handsaming der.

Emneord: IT, Universitetspolitikk, Universitetssamarbeid
Publisert 30. mai 2018 12:05 - Sist endra 30. mai 2018 12:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere