HF-styret vil leggja ned årseininga i portugisisk

Årseining i portugisisk kan vera ein saga blott ved UiO. Det er klart etter at fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet har vedtatt å råda universitetsstyret til å leggja ned tilbodet.

LEGG NED: HF-styret ved Universitetet i Oslo gir  universitetsstyret råd om å leggja ned årseininga i portugisisk. Biletet er frå Portugals hovudstad, Lisboa.

Foto: Wikimedia Commons

Dermed har ikkje aksjonen for å redda årseininga i portugisisk ført fram så langt. Det siste håpet aksjonistane har, er at universitetsstyret ikkje vil fylgja tilrådinga frå fakultetsstyret på Det humanistiske fakultetet. 

I januar tok ti forskarar både på og utanfor Universitetet i Oslo til orde for å redda faget portugisisk gjennom å tilsetja ein vitskapleg tilsett med spesialisering på Brasil.

Professor Benedicte Bull ved Norsk nettverk for Latin-Amerikaforsking på UiO, peika på vegner av underskrivarane på at samarbeid med næringslivet også var nærliggjande. Samtidig tykte dei det ikkje var naudsynt å leggja ned eit fag berre på grunn av det mangla studentar i ein kort periode. «Å legge ned et fag med 40 år lange tradisjoner på grunn av en kortsiktig svikt i søkermassen, i stor grad på grunn av manglende tilbud, er kortsiktig og svært beklagelig».  

  • Les i Uniforum: Portugisisk er viktig for Brasil-satsing

  • Les i Uniforum: Universitetsrektorer i Brasil. "En godt timet reise"

Framleis mogleg å ta portugisisk

Utdanningsleiar på Institutt for litteratur,  områdestudium og europeiske språk (ILOS) , Christian Janns, avdramatiserte  på vegner av instituttleiar Karen Gammelgaard, situasjonen for faget portugisisk, og peika på at det framleis vil vera mogleg å ta portugisisk både på bachelor- og på masternivå. . « Instituttet ønsker fortsatt å tilby en solid grunnopplæring i portugisisk og et godt tilbud på masternivå. Studenter vil kunne ta 50 studiepoeng på bachelornivå ved ILOS. Studenter som ønsker å ta en master, må kombinere studiene med et opphold i et portugisisktalende land. Vi mener at utenlandsopphold er et naturlig og nødvendig element for å styrke kompetansen til studenter i fremmedspråk. Mastergraden i portugisisk ved UiO bevares, i samarbeid med spansk»,  skreiv Christian Janss i svaret til dei ti forskarane som ville prøva å redda årseininga i portugisisk. No har altså fakultetsstyret vedtatt å råda universitetsstyret til å leggja ned årseininga i portugisisk.

  • Les i Uniforum: Portugisisk består!

Vil leggja ned sanskrit og moderne hebraisk

Samtidig vedtok fakultetsstyret også å be universitetsstyret om å leggja ned sanskrit og moderne hebraisk som undervisningsfag. Andre fag som fakultetsstyret rår universitetsstyret til å leggja ned er årseininga «career Asia», bachelorprogrammet i filosofi og idéhistorie og bachelorprogrammet i religionshistorie og kulturhistorie. 

Opprettar nye bachelorprogram i kinesisk, japansk og i Midtausten-studiar

Dessutan blei det også vedtatt å råda universitetsstyret til å etablera nye studium som bachelorprogram i filosofi, i idéhistorie, i religionsvitskap og i kulturhistorie .I tillegg vedtok fakultetsstyret at det skulle etablerast eit fireårig bachelorprogram i japansk og Japan-studiar, eit fireårig bachelorprogram i kinesisk og Kina-studiar og eit fireårig bachelorprogram i Midtausten-studiar med arabisk. Dessutan skal det også etablera eit bachelorprogram i «Klart språk» . Det siste faget som fakultetsstyret har vedtatt å tilrå universitetsstyret å oppretta, er masterprogrammet «Screen Cultures». 

Les heile protokollen frå det siste møtet i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet.

 

 

 

 

 

Emneord: Portugisisk, Brasil, Afrika, HF Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2018 12:50 - Sist endra 24. apr. 2018 12:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere