Statsråd Iselin Nybø besøkte Vikingskipshuset for fyrste gong

Vår ferske minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø gjesta i fredag 16. mars Vikingskipshuset på Bygdøy for fyrste gong. Årleg får om lag ein halv million menneske sjå skipa og mange av dei andre skattane i det best besøkte museet i landet. Nybø let seg også fascinera.

SÅG VIKINGSKIP: Statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø fekk for fyrste gong sjå eit ekte vikingskip på Vikingskipshuset på Bygdøy. På biletet er ho flankert av direktør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum og prorektor Gro Bjørnerud Mo ved Universitetet i Oslo

Foto: Alv Reidar Dale

No skal Vikingskipshuset utvidast og utviklast til å verta eit vikingtidsmuseum, der dei kan ta vare på, forvalta og formidla og syna fram mykje meir av verdiane frå vikingtida på ein ny og spennande måte.

Difor var det viktig for ministeren for sektoren å sjå og høyra kva det er snakk om å byggja nytt for. Og ho vart teken vel imot av ein UiO-delegasjon med prorektor Gro Bjørnerud Mo og Håkon Glørstad, direktør på Kulturhistorisk museum, som Vikingskipshuset høyrer til, i spissen.

Viktig kunnskap formidla

Etter mottakinga fekk statsråden ei grundig fagomvising av professor i arkeologi, Jan Bill. Han gav ei inngåande innføring om både Osebergskipet, Tuneskipet og Gokstadskipet og fleire funn som høyrer til. Ministeren fekk vita mykje forvitneleg, interessant og lærerikt, som kan koma godt med i det politiske arbeidet med å løyva midlar til og få gjennomført prosjektet.

Direktør Glørstad supplerte undervegs, og Torunn Klokkernes, seksjonsleiar for samlingsforvaltning, fortalde om det nitide og omfattande arbeidet med å konservera og forvalta samlingane best råd. Og statsråden såg ut til å sjå alvoret i å ta betre vare på og formidla vikingtidsskattene i framtida.

Den store forteljinga

Både statsråd Nybø og prorektor Bjørnerud Mo trekte fram at det er den store forteljinga om vikingane og vikingtida som er viktig å få fram, som dreg publikum og skal styrkjast med det nye museet. Det vart vist ein vikingtidsvideo på både vegger og tak over Tuneskipet, og statsråden vart tydeleg oppglødd over det ho fekk sjå og høyra.

Seinare på ettermiddagen heldt museumsdirektør Håkon Glørstad eit føredrag om det planlagde Vikingtidsmuseet, eit spektakulært bygg kalla «Naust», teikna av arkitektkontoret AART. Det vil bli bygt bak det vakre Vikingskipshuset som Arnstein Arneberg har teikna. Universitetet vonar no å få løyvingar til nybygget i statsbudsjettet for 2019, slik at heile museet kan stå ferdig i 2022/23.

Sist på programmet for statsråden stod eit føredrag om å ta vare på vikingskipa og dei andre funna, «Saving Oseberg og sikringsprosjektet» ved Torunn Klokkernes, seksjonsleiar for samlingsforvaltning.

BEGEISTRA: Statsråd Iselin Nybø let seg begeistra både av over tusen år gamle vikingskip og foredraget til arkeologiprofessor Jan Bill (til høgre). (Foto: Alv Reidar Dale/Uniforum)

 

 

Emneord: Vikingskipshuset, Museene Av Alv Reidar Dale (tekst og foto)
Publisert 17. mars 2018 01:46 - Sist endret 17. mars 2018 01:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere