Studentane synest mykje er bra, men noko kan bli betre

Studentane er godt nøgde med kvaliteten på studieprogramma dei går på. På universiteta er HF- og fysikkstudentane mest nøgde med tilbakemeldingar og rettleiing, medan studentar på medisin, samfunnsøkonomi og psykologi er dei minst tilfredse, viser Studiebarometeret 2017.

TOK IMOT STUDIEBAROMETERET:  Minister for forsking og høgare utdanning,Iselin Nybø tok imot Studiebarometeret for 2017. Prorektor ved UiO, Gro Bjørnerud Mo oppfordra alle fag og institusjonar til å dela gode digitale erfaringar med kvarandre.

Foto: Ola Sæther

Dei nye tala frå Studiebarometeret 2017 syner også at digitale verktøy heller i liten grad vert nytta i undervisninga.  Men når dei digitale hjelpemidla vert brukte, er studentane nøgde. Det var eitt av hovudfunna som Nasjonal organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) kunne leggja fram då Studiebarometeret for 2017 blei presentert i formiddag.

– Bruken av digitale verktøy har ofte vore avhengig av eldsjeler blant undervisarane. Dette blir for tilfeldig, og i dag har universiteta og høgskulane heilt andre ambisjonar for eigne utdanningar og studentar. Tala frå Studiebarometeret viser at dei likevel heng bakpå med dette arbeidet, sa NOKUT-direktør Terje Mørland, etter at Studiebarometeret var lagt fram.

Leiaren for Norsk Studentorganisasjon, Mats Beldo Johansen meinte at det ikkje berre var å setja i gang digitalisering for digitaliseringa si eiga skuld:

– Det er ikkje berre å setja straum på papiret, og så kalla det for digitalisering. Studentane er stort sett nøgde. Lytt til studentane og stel gjerne studentar frå andre fagområde, var oppfordringa frå Mats Beldo Johansen til leiinga for dei norske utdanningsinstitusjonane.

Prorektor Gro Bjørnerud Mo ved Universitetet i Oslo meinte at det ikkje skulle vera naudsynt å gå så drastisk til verks.  

– Eg vil heller slå eit slag for å dela enn for å stela. Difor må me snakka dette opp. Det er viktig å få innspel frå ulike fagmiljø, syntest ho.

Statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø frå Venstre såg positivt på funna i Studiebarometeret.  

– Hovudbiletet er at det meste er bra. Røynsla mi er at det er mange entusiastiske og engasjerte folk på universiteta og høgskulane som gjerne vil vera med på dette. Denne vegen må me gå saman. Det fine med universiteta og høgskulane er at me aldri når eit bestemt mål. Det er alltid noko å strekkja seg etter. Nettopp difor er det viktig for oss å vita korleis studentane opplever det, sa Iselin Nybø.

Positive røynsler med digitale hjelpemiddel

Studentane som har svart på spørsmåla frå Studiebarometeret gir eit bilete av at sjølv om bruken av digitale hjelpemiddel er låg, så er dei studentane som blir eksponerte for dei, i stor grad positive til måten dei blir brukte på. Halvparten av studentane meiner dei sjølve deltar meir aktivt i undervisninga når dei fagleg tilsette brukar digitale hjelpemiddel.

Studentane som fortel om omfattande bruk av digitale læremiddel, er i hovudsak langt meir nøgde med bruken av dei enn dei studentane som opplever lite bruk av digitalisering i undervisninga. Studentar i data-IT, politi og primærnæringar gir opp størst bruk av digitale hjelpemiddel, medan studentane i arkitektur, medisin og antropologi gir opp minst bruk, viser Studiebarometeret. 

– Må vera basert på kunnskap

NOKUT-direktør Terje Mørland meiner det er bra at universiteta og høgskulane har lansert eigne digitaliseringsstrategiar. Men han meiner at det likevel ikkje er nok.  

– Innføringa av digitale verktøy må vera basert på kunnskap om korleis studentane lærer ved å bruka verkøya. NOKUT er både opptatt av at digitaliseringa skal vera med på å gi meir aktiviserande og varierte lærings- og vurderingsformer og at studentane skal få den digitale kompetansen som dei treng i arbeidslivet, understreka han. 

Mørland trur Studiebarometeret i åra framover kan gi viktig informasjon om korleis verktøya blir tatt i bruk, og om dette gir auka kvalitet og relevans i utdanninga.

84 prosent meiner studiet er relevant for arbeidslivet

Nettopp når det gjeld relevans, er det stor skilnad på svara frå studentane frå ulike fag. 84 prosent av alle studentane meiner studieprogrammet deira er yrkesrelevant, eller at det i stor grad er det. Studentane på sjukepleie-, farmasi-, barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanninga er dei mest nøgde. Dei utdanningane der studentane opplever at studia er minst relevante for arbeidslivet er sosiologi, antropologi, samfunnsøkonomi og historisk-filosofiske fag. 

Blant dei studentane som har praksis som ein del av studia sine, er farmasistudentane mellom dei mest tilfredse, medan studentane på pedagogikk og økonomisk-administrative fag er minst nøgde.

Minst nøgde med tilbakemeldingar og rettleiing

Analysedirektør i NOKUT, Ole-Jacob Skodvin som har leidd arbeidet med Studiebarometeret, peika også på at undersøkinga avslører at noko av det studentane altså er minst nøgde med er tilbakemeldingar og rettleiing.

– Berre om lag halvparten av studentane svarar at dei er nøgde med dei fagleg tilsette si evne til å gi konstruktive tilbakemeldingar på arbeidet deira og den faglege rettleiinga dei får. Studentane synest heller ikkje at dei har nok å seia for å kunna påverka innhald og opplegg i studieprogrammet, viste han til. 

HALVPARTEN NØGDE: Berre om lag halvparten av studentane svarar at dei er nøgde med dei fagleg tilsette si evne til å gi konstruktive tilbakemeldingar på arbeidet deira og den faglege rettleiinga dei få, opplyste analysedirektør Ole Jacob Skodvin i NOKUT då han presenterte tala i Studiebarometeret for 2017. (Foto: Ola Sæther)

Studentane kritiserer også korleis kritikk og synspunkt frå studentane blir fylgt opp. På dette området er det altså studentar i medisin, samfunnsøkonomi, psykologi og sjukepleia som er dei minst nøgde. Samtidig er politi-, fysikk- og kunststudentar og HF-studentar mellom dei mest tilfredse på dette området.

For dårleg integrasjon mellom norske og internasjonale studentar

Studiebarometeret avdekkjer dessutan at dei aller fleste studentane ikkje har vore på utanlandsopphald. Eit stort mindretal har derimot røynsler med utveksling, feltarbeid, kurs og praksisopphald.  Alle som hadde vore på kortare eller lengre utanlandsopphald viste til at opphaldet gav stort fagleg utbyte og auka motivasjon. Svært lite av undevisninga går føre seg på engelsk, opplyser studentane, og heller lite av pensum er på engelsk.

Dessutan er det også få internasjonale studentar på studieprogrammet dei går på. Dei studentane som gir opp at det er internasjonale studentar på studieprogrammet dei går på, opplever at integrasjonen mellom dei norske og dei internasjonale studentane ikkje er god. Både bachelor- og masterstudentar er i hovudsak einige i dette.

– 40 prosent av dei internasjonale studentane opplyste at dei ikkje hadde noko sosialt samvær med dei andre studentane, sa Ole Jacob Skodvin. 

Krev betre rettleiing og meir digitalisering

Stortingsrepresentant Nina Sandberg frå Arbeidarpartiet sit i Stortingets utdannings- og forskingskomité. Ho let seg ikkje overtyda av at statsråd Iselin Nybø stort sett meiner at det meste går bra på dei norske utdanningsinstitusjonane. 

– Det er fint med overordna glede, men det er for mykje variasjon mellom studieprogramma. Og tre store og viktige utfordringar for lærestadene må løysast: betre rettleiing og oppfølging av studentane, meir og god bruk av digitalisering og langt betre internasjonalisering, seier Nina Sandberg til Uniforum. Ho trur ikkje regjeringa kjem unna auka pengebruk på desse områda. 

– Omstilling som digitalisering kostar, og verken regjeringa sine ambisjonar eller prioritereringar i statsbudsjettet tar dette på alvor, meiner Sandberg.

Statsråd Iselin Nybø har også  lova at regjeringa vil koma med ei stortingsmelding om internasjonalisering. Det ser Nina Sandberg fram til. 

– Me er einige i at det trengst ei stortingsmelding for internasjonalisering, og har store forventingar etter at Høgre og Framstegspartiet har slept beina etter seg i over fire år. Men dette hastar, det viser resultata frå Studiebarometeret. Her har regjeringa eit ansvar som ikkje er tatt godt nok vare på, og altfor få norske studentar reiser på utveksling i studietida, seier Nina Sandberg.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Studiesaker, Studieforhold, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2018 14:41 - Sist endra 5. feb. 2018 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere