– Ingen skal gå ut på dato

–  Målet vårt er at ingen skal gå ut på dato, og denne delrapporten vil bli ein viktig del av arbeidet med å fornya, løfta og styrkja kompetansepolitikken, sa kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner etter å ha fått overrekt ein kompetanserapport frå økonomiprofessor Steinar Holden ved UiO.

KOMPETANSE FOR FRAMTIDA:  Økonomiprofessor Steinar Holden ved UiO  leier utvalet som kartlegg kva kompetansebehov Noreg vil ha i framtida. Den første av tre rapportar blei overrekt kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i Kunnskapsdepartementet i dag.

Foto: Ola Sæther

♦ Kompetansenivået i Noreg er bra, men det bør bli betre.

♦ Det er store rekrutteringsproblem for nokre yrke

♦ Tilgangen på kompetent arbeidskraft fylgjer berre delvis etterspurnaden

♦ Arbeidslivet er ein sentral læringsarena

♦ Digitalisering og automatisering endrar kompetansebehova

Det er dei viktigaste funna frå  Kompetansebehovsutvalet  som i dag overleverte sin første rapport til Kunnskapsdepartementet. Rapporten har fått namnet Fremtidige kompetansebehov I. Kunnskapsgrunnlaget. Utvalet blei sett ned  i mai 2017, og er sett saman  av 18 forskarar og representantar frå  partane i arbeidslivet  og frå departementa.

– Utdanningsinstitusjonane fylgjer ikkje alltid etterspurnaden

Økonomiprofessor Steinar Holden frå Universitetet i Oslo er leiar for utvalet.

– Formålet har vore å gi ei samla og oversiktleg skildring. Me har kartlagt ei stor mengd undersøkingar, analysar og datakjelder. Samtidig understrekar me i rapporten at det ikkje har vore tid til å behandla heile breidda i problemstillingane allereie i første rapport. Eg ser fram til å arbeida vidare med analysar av Noregs framtidige kompetansebehov, seier Steinar Holden.

Då han la fram rapporten  i formiddag trekte han også fram at utdanningsinstitusjonane ikkje alltid er like flinke til å tilby studium i takt med etterspurnaden. På spørsmål frå Uniforum om kva studium han tenkte på, kom han inn på to profesjonsstudium.

– Både psykologifaget og medisinstudiet har høge inntakskrav, få plassar, samtidig som det er stor etterspurnad etter dei yrka. Likevel har personar med psykologi- eller medisinutdanning frå andre land store problem med å få desse jobbane i Noreg, peika han på.

– Men eg ynskjer slett ikkje å vera talsmann for at universiteta bør koma under meir statleg styring enn i dag, presiserte han.   

800 søkjarar til 4 postdoktorstillingar

Steinar Holden viste også korleis internasjonaliseringa av arbeidslivet også har påverka Økonomisk institutt der han arbeider.

– Me lyste nyleg ut 4 postdoktorstillingar internasjonalt.  Då fekk me inn 800 søkjarar og 400 av dei var svært kompetente og hadde doktorgrad alle saman, fortalde han. 

Steinar Holden trekte også fram den rivande utviklinga for eit yrke som programutviklar.

1500 ledige stillingar som programutviklar

– I 2015 var det ingen etterspurnad etter det yrket. I dag er det 1500 ledige stillingar som programutviklar i Noreg, konstaterte han.  Han peika på at medan Noreg tidlegare har hatt ein fordel samanlikna med andre OECD-land når det gjeld lesekunne, er det forspranget no i ferd med å bli tatt igjen hos den yngre generasjonen.

– Men norske elevar gjer det betre i matematikk og i andre naturfag enn før samanlikna med gjennomsnittstala for OECD i  PISA-undersøkinga. Samtidig gjer land som me likar å samanlikna oss med, framleis litt betre enn oss, konstaterte han.

– Spennande

Kunnskaps- og integreringsmininster Jan Tore Sanner tykte det var ei viktig oppgåve utvalet hadde med å kartleggja kva yrke og kunnskap det norske samfunnet treng i framtida.

– Arbeidslivet er i rask endring, og behovet for meir kompetanse og fagleg påfyll aukar. For å gi alle høve til å fornya kompetansen sin og stå lenger i jobb, så må me vita meir om kva slags kompetanse me treng i framtida, slo Jan Tore Sanner fast under pressekonferansen. 

Etter hans meining har me i Noreg alltid vore flinke til å sjå moglege løysingar når me set oss saman. 

– Det er spennande at organisasjonane i arbeidslivet har sagt ja til å arbeida saman med forskarar og styresmakter for å byggja opp eit betre kunnskapsgrunnlag om kva slags kompetanse me treng i framtida, sa statsråd Jan Tore Sanner.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Økonomi, Arbeidsmarkedet, kunnskapsdepartementet, Arbeidsliv Av Martin Toft
Publisert 31. jan. 2018 15:12 - Sist endra 31. jan. 2018 15:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere